Flatpakka Hedda

TEATER: Fine sekvensar, men Riksteatrets «Hedda Gabler» blir for flat.

Eivin Nilsen Salthe som dommar Brack og Ingrid Giæver som Hedda Gabler i Riksteatrets versjon.
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

HEDDA GABLER

Riksteatret, Sandnes kulturhus. Av: Henrik Ibsen. Med: Ingrid Unnur Giæver, Kristine Hartgen, John Emil Jørgensrud, Khalid Mahamoud og Eivin Nilsen Salthe. Regissør: Fredrik Longva. Scenograf: Katja Ebbel. Kostymedesign: Solveig Holthe Bygdnes. Lysdesign: Martin Myrvold. Komponist: Hanne Hukkelberg. Lyddesigner: Amund Ulvestad. Dramaturg: Siri Løkholm Ramberg. Lengde: 1 time 30 minutt.

Noko av det interessante med teater, er å sjå same stykke framført av ulike ensemble. Kor ulikt same stykke kan gjerast.

Då Rogaland Teater sette opp «Hedda Gabler» i 2018, tykte eg Hedda blei framstilt som eit stort, bortskjemt, sutrete og sjølvopptatt barn. Ho var vanskeleg å få sympati med.

I Riksteatrets oppsetting, som gjesta Sandnes kulturhus fredag, har Hedda eit anna temperament. Her er det som om keisemda og mangelen på meiningsfulle livsoppgåver fører til at Hedda blir ein kynisk manipulator, der det sentrale målet er å få makt over andre menneskes liv. Ho viser null empati med andre.

Ibsens Hedda

Kjapp intro til «Hedda Gabler»: Henrik Ibsen skreiv stykket i 1890. Realisme og indre liv stod i fokus, målet var å skildra heile menneske så detaljert som råd.

Stykket startar med at Hedda (Ingrid Giæver) og ektemannen Jørgen Tesman (Khalid Mahamoud) kjem heim etter kombinert bryllaupsreise og studietur. Hedda har kjeda vettet av seg – og held fram med det i parets nye villa (som dei strengt tatt ikkje har råd til), mens stipendiat Tesman drøymer om eit professorat. Inn kjem den kyniske familievennen dommar Brack (Eivin Nilsen Salthe). Så kjem Heddas tidlegare flamme, den tørrlagde og talentfulle bohemtypen Ejlert Løvborg (John Emil Jørgensrud), som har skrive eit genialt bokmanus. Og dessutan fru Elvsted (Kristine Hartgen), som er forelska i Løvborg.

Det går ikkje bra til slutt.

Manglar energi

Her er fine sekvensar i Riksteatrets versjon. Hedda og Brack har ein del gode scener saman, det same har Hedda og Løvborg. Ingrid Unnur Giæver er i det heile tatt god i denne kompliserte rolla.

Men altfor mange gonger manglar kontakten, energien og det gode spelet på scenen. Dels skuldast det nok regi, dels skuldast det scenografien.

Heile breidda av scenen er dekka av ein svær, brei, knallraud konstruksjon som i brorparten av stykket heilt manglar djupn bakover på scenen. Dermed blir skodespelarane travande fram og tilbake i lengderetninga, som i ein lang, smal gang. Ofte spelar dei med stor avstand seg i mellom, og altfor ofte med ryggen til kvarandre. Sånt skaper ikkje energi eller temperatur.

Tesman er frå Ibsens hand ein komisk figur, men fungerer ikkje slik Mahamouds framstilling og Fredrik Longvas regi. I det heile tatt er det for lite av det komiske elementet, som kunne tilført stykket større kontrastar og meir energi. Nå blir det i lange parti – som i den uendelege, seige starten der Tesman snakkar i telefonen – like flatt som scenografien.

Til gjengjeld er musikken fin. Og når det mot slutten endeleg skjer noko i scenografien, kjem det som ei lette.

Rogaland Teater presenterte i 2018 Hedda som ei gåte. Etter å ha sett Riksteatrets versjon er det framleis eit mysterium kvifor ho til slutt grip etter pistolen. (Og kvifor ho har gifta seg med Tesman). Som kanskje forklarer kvifor teater verda over set opp «Hedda Gabler», gong etter gong.

Publisert: