Fuglane som liknar på oss

BOK: Sjøfuglane blir færre. Ein lærd og lyrisk skotsk baron fortel oss kvifor me bør gjera noko med det.

Publisert: Publisert:

80 prosent av lundefuglane blitt borte sidan slutten av 1970-åra.

  • Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet

Grade: 5 of 6 stars

Adam Nicolson: Sjøfuglens skrik. Omsett av Hege Mehren og Kristin Gjerpe. 464 sider. Gursli Berg forlag.

Dei siste 60 åra har bestanden av sjøfugl blitt redusert med to tredelar på verdsbasis. Situasjonen er ikkje betre her i landet. På Røst er for eksempel 80 prosent av lundefuglane blitt borte sidan slutten av 1970-åra. Overfiske, klimaendringar, forureining og andre endringar i den økologiske balansen har sin pris. Sjøfuglane er på mange måtar eit barometer for tilstanden i hav- og kystmiljøet.

Men det finst også andre grunnar til å interessera seg for sjøfugl. Dei er dei einaste skapningane som kan leva både i lufta, i sjøen og på land. 98 prosent av dei held til i koloniar og har utvikla ganske avanserte samlivsformer. Og dei er sofistikerte navigatørar, som kan tilbakeleggja enorme strekningar over havet for så, på forunderleg vis, å finna heim til eige reir. 

Briten Adam Nicolson har eit uvanleg godt utgangspunkt for å skriva om desse fuglane. Som baron av Carnock er han eigar av Shiant-øyane, ein del av Hebridane på nordvestkysten av Skottland med rike sjøfuglkoloniar som Nicolson har følgt gjennom mange år.

Liknar menneske

Den prisbelønte og kritikarroste boka «Sjøfuglens skrik» er eit varselrop. Den slår alarm om kva mennesket er i ferd med å gjera med nokre av dei vakraste og mest interessante medskapningane våre, og ein forsvarstale for at alle naturens vesen har sin eigenverdi. «Sjøfugler er intelligente på andre måter enn oss,» skriv Nicolson, og kallar boka eit manifest for ein ny epoke der det sentrale er «troen på at alle levende vesener har rett til liv, og erkjennelsen av at de har former for forståelse som vi aldri har delt og antakelig aldri kommer til å dele».

Måkene er blitt færre, også i Norge. Sjøfuglane er på mange måtar eit barometer for tilstanden i hav- og kystmiljøet. Foto: Fredrik Refvem

Slikt kunne fort blitt til pompøst, romantisk føleri, men Nicolson er langt frå å falla i den grøfta. Han presenterer oss for elleve artar: havhest, lundefugl, krykkje, måke, lomvi, skarv, havlire, havsule, alke, albatross og den utdøydde geirfuglen. Om kvar fugl får me oppdatert faktakunnskap så det held, basert på moderne, høgteknologiske metodar. Med GPS kan ein kartleggja vandringane til fuglane på ein heilt annan måte enn før, med kamera kan ein følgja det sosiale livet deira frå minutt til minutt.

Interessant nok har sjøfuglane utvikla trekk som gjer dei meir like oss menneske enn tilfellet er med andre fuglar. Dei blir gamle (albatrossen kan bli 70-80 år), dei blir seint kjønnsmodne, para held som oftast saman livet ut (oftare enn hos oss!) og dei får relativt få ungar som dei til gjengjeld legg stor innsats i å fø opp. For den som er opptatt av utviklinga av det moderne kjønnsrollemønsteret, kan det vera artig å kasta eit blikk på sexlivet til lomvien, der kresne hoer har kontrollen, og fuglefjella er fulle av «menn som ingen treng». 

Historie, dikt og folketru

Forfattaren underslår ikkje at livet som sjøfugl kan vera brutalt, og det er ikkje berre menneska si skuld. I kampen for å overleva tyr fuglane både til søskenmord og kannibalisme, og rovdyr og rovfugl er sjeldan langt unna. Det er eit liv med høgt stressnivå som sjeldan inviterer til idealisering for den som studerer det på nært hald.

Likevel, det som gjer «Sjøfuglens skrik» til noko meir enn ei vanleg, god fuglebok er nettopp plassen forfattaren gir til den mytiske fascinasjonen over sjøfuglane, og det tusenår lange samlivet mellom menneske og fugl, på godt og vondt. Stadig vekk utfyller Nicolson den ornitologiske vitskapen med historiske tilbakeblikk, poesi, eventyr og folketru frå ulike kystkulturar. Han har eit rikt språk med fullt av friske, moderne bilde, godt overført til norsk av omsetjarane Hege Mehren og Kristin Gjerpe. Toppskarven har ein «paringsparat partysleik», lomvien er «designet som et kampfly», lundefuglens skrik er som «når en miniatyrmotorsag starter mykt». 

Det vesle forlaget Gursli Berg skal ha stor ros for at også eit norsk publikum får lesa ein naturskribent med kvalitetar utanom det vanlege.

80 prosent av lundefuglane blitt borte sidan slutten av 1970-åra.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. 12 nordmenn ble nektet innreise i Spania – måtte snu med samme fly

  2. Meteorologene varsler sommer-comeback

  3. Kritiserer markeringen i Stavanger: – De som deltok og bevisst brøt reglene, bør bruke hodet de neste dagene

  4. Medier: Trump vil trekke flere tusen soldater ut av Tyskland

  5. Aftenbladets spillerbørs: Innbytteren scoret to og var best

  6. Positiv test for korona på Karmøy lørdag

  1. Fugl
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Litteratur
  5. Sakprosa