Samtale mellom altfor like menn

BOK: Thomas Hylland Eriksen er alltid interessant, men han burde ha fått meir pes.

Publisert: Publisert:

Murens fall i 1989 starta naivismens tiår – terrorangrepet på USA 11. september 2001 var slutten på det. Foto: Richard Drew / TT NYHETSBYRÅN

  • Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet

Grade: 4 out of 6

Dag Herbjørnsrud: Gå inn i din tid. Thomas Hylland Eriksen i samtale med Dag Herbjørnsrud. 307 sider. Res Publica.

Thomas Hylland Eriksen er Norges mest siterte akademikar. Frå 1990 og fram til i dag er professoren i sosialantropologi blitt omtalt over 9000 gonger i norsk presse. Det er ikkje tilfeldig. Hylland Eriksen har vore ein hyperaktiv deltakar i den offentlege debatten med spenstige og kontroversielle synspunkt om det meste. 

I 2016 fekk Hylland Eriksen diagnostisert kreft, og fekk beskjed om ta det roleg mens han var under behandling. Det greidde han berre så måteleg. Blant prosjekta han har tatt seg tid til, er ei «dialogbok» med redaktøren og idehistorikaren Dag Herbjørnsrud, der dei gjennom fem lengre samtalar prøver «å utforske utfordringene i vår samtid». Samstundes er boka ein gjennomgang av 57-årige Hylland Eriksens liv som offentleg person, frå han som ung anarkist var ein del av miljøet rundt Gateavisa og fram til han i dag framstår som reflektert vismann.

Dei naive 1990-åra

Herbjørnsrud skriv i forordet at han ville laga ei bok om Hylland Eriksen «der han både kan komme til orde i lengre drag og der professoren kan møte motstand». Den skeptiske lesaren vil straks lura på kva motstand det kan bli, for Hylland Eriksen og Herbjørnsrud er i utgangspunktet på linje i det meste. Meir kosmopolitiske stemmer i den offentlege debatten finn du knapt her i landet, og dei er rørande samde om dei positive sidene ved innvandring og kulturell globalisering.

Foto: SCANPIX / SCANPIX Sverige

Likevel klarer Herbjørnsrud i periodar å skapa spenning i samtalane. Det gjeld særleg i diskusjonen om 1990-talet, den optimistiske perioden mellom Murens fall i 1989 og terrorangrepet på USA 11. september 2001. Nå kallar Herbjørnsrud det for «naivismens tiår», og den eingong så glad-globalistiske Hylland Eriksen innrømmer at han undervurderte dei negative verknadene av den økonomiske globaliseringa: «Folk mistet kontrollen. Med ett stengte fabrikkene. Plutselig var det ikke lenger noen å gå til med klagene dine fordi hovedkontoret var blitt flyttet til New York eller Paris.»

Ei kvinne frå Afghanistan saman med sin son - avbilda i Hellas no i haust. Foto: Thanassis Stavrakis / AP

Dagens Hylland Eriksen, av alle, har dermed utvikla ein viss sympati for Senterpartiets bodskap om det nære og kortreiste. Men på Herbjørnsruds utfordring får me interessante refleksjonar om det verkeleg er slik at nært alltid er godt.

Koseprat og fordommar

Andre gonger blir det derimot for mykje koseprat. Ein grip seg i å sakna ein samtalepartner med ein annan ståstad, ein Nils August Andresen, Bjørgulv Braanen eller Kjetil Rolness, som kunne gitt professoren meir pes. Viktige prinsipielle diskusjonar, som vilkåra for ytringsfridommen sett i lys av striden om Muhammed-karikaturane, går parhestane Herbjørnsrud og Hylland Eriksen over med ein harelabb. Ein oppsiktsvekkjande påstand som at Arbeidarpartiet i Norge kan læra av dei svenske sosialdemokratane for å koma ut av krisa, blir ikkje utfordra, heller ikkje ei utsegn som at det norske motstandsrørsla under krigen «brukte et nasjonsbegrep som ikke lå så langt fra det tyske». 

Og når ekkokammeret blir intimt nok, kjem også fordommar fram, som denne om Anders Behring Breivik: «Jeg har solgt pølser mange ganger på Lyn-kamper, og der kryr det av unge menn som ser ut på den måten. Breiviks hårsveis, klesstil og ansiktsuttrykk var prototypisk Oslo Vest.» Slik kan ein kanskje seia blant meiningsfellar over nokre øl, men i ein seriøs diskusjon om terrorisme på norsk blir det for primitivt.

Når det er sagt, er det alltid interessant å lesa Thomas Hylland Eriksen. Han har eit blikk for dei lange linjer og dei typiske trekk i tida som få andre, og då er det spennande å følgja han enten ein er samd eller usamd. Professoren er jo også ærleg nok til å skifta meining iblant, Herbjørnsrud kallar han til slutt «Thomas Tvileren».  Det er ikkje det verste utgangspunktet ein kan ha i ei omskifteleg tid.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Slik blir Bussveien fra sentrum til Mosvatnet

  2. SUS og Sandnes kommune begikk en rekke lovbrudd da pasient døde

  3. Politiet dro inn 231.000 kroner for ulovlig kjøring i Lindeveien

  4. Tenkte først «her kan vi jo ikke bo»: – Dette stedet, altså. Her har jeg funnet roen.

  5. Knalltøffe tak for økonomien i Sandnes - i dag blir det alvor

  6. Er det eit offentleg ansvar å gi Kurt Nilsen millionlønn til jul?

  1. Bok
  2. Litteratur
  3. Anmeldelse
  4. Bokanmeldelse
  5. Globalisering