Lagar bokmesse for lokalhistorie

Den lokale litteraturen taper i eit stadig meir sentralstyrt bokhandlarsystem. Til helga arrangerer ein gjeng lokale forfattarar si eiga messe for lokalhistorisk litteratur på Sølvberget.

Publisert: Publisert:

Militærhistorisk forening Rogaland lanserer denne veka sjette bind av verket «Glimt fra okkupasjonen». Her er Atle Skarsten (t.v.), Odin Leirvåg og Erik Ettrup avbilda då dei gav ut bind tre i 2016. Foto: Fredrik Refvem

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

– Det er laga masse bra lokalhistorisk litteratur dei siste åra. Men bøkene er vanskelege både å selja og å få kjøpt. Derfor samlar me 25 forfattarar som både har med seg nye og gamle lokalhistoriske bøker, seier Atle Skarsten.

Laurdag blir det lokalhistorisk bokmesse i Stavanger. Dette er tredje året messa går av stabelen, men første gong det skjer på Sølvberget.

– Det har vore fleire hundre innom dei to tidlegare åra, seier Skarsten. Han er sjølv lokalhistorisk forfattar og med i Militærhistorisk forening Rogaland. Foreininga tok initiativ til messa, som blir arrangert i samarbeid med Rogaland Historielag, Arbeidernes Historielag og Sølvberget Kulturhus.

– På messa blir det ein sjanse ikkje bare til å få tak i bøkene, endå til signert. Men ein kan også få seg ein drøs med forfattaren - noko me syns er vel så kjekt, seier Skarsten.

Blant forfattarane som stiller til helga er Asgeir Lode, Gunnar Roalkvam, Erling Jensen, Mari Anne Næsheim Hall, Jan Gjerde, Frode Fanebust, Geir Haarr, John G. Johnsen, Rolf Mong og Tor Inge Vormedal.

Komplisert for lokale bøker

Bakgrunnen for messa er ein stadig meir komplisert situasjon for dei som gir ut og dei som er interesserte i å få tak i lokal litteratur.

Les også

Hvor ble det av arbeiderkulturen?

Les også

God årbok i sin genre

Les også

Made in Hillevåg

– Nå gjekk nettopp nok ein bokhandlarkjede konkurs. Dei kjedane som finst, er veldig sentraliserte. Det blir bestemt på sentralt hald i Oslo kva bøker som skal seljast rundt om kring i landet og den lokale fridomen til å ta inn bøker er sterkt avgrensa, seier Skarsten. Han opplever stadig å gå i bokhandlar for å sjå etter interessante lokale bøker som kom ut for eit år eller to sidan.

– Men eg finn dei ikkje. Det er bare ny, nasjonal litteratur som blir løfta fram i bokhandlane. Då taper den lokale litteraturen, seier Skarsten.

Unntaket er kjedeuavhengige Vatne bokhandel i Sandnes, som i alle år har spesialisert seg på lokal litteratur.

Kortreist litteratur

– Korleis får ein då distribuert og selt lokale bøker?

– Ein del av oss gir ut på lokale forlag som Commentum, Jæren forlag eller Dreyer, som så står for distribusjonen til bokhandlarar. Og så kjøper me forfattarar bøker frå forlaget til rabatterte prisar - som me så sel når me er rundt og held foredrag.

Men mange gir ut bøkene på eigne forlag.

– Det er fordelar og ulempar med dette. På den eine sida styrer du då alt sjølv. På den andre manglar litt av kvalitetskontrollen eit forlag bidreg med. Og så må du sjølv gå rundt til bokhandlarane med lua i handa og bøker i sekken som du prøver å selja inn.

Skarsten meiner det blir gitt ut stadig fleire lokale bøker som både er gode, interessante og til dels provoserande.

– Me i Militærhistorisk forening kjem til dømes med ei ny bok på torsdag. Bind seks av «Glimt fra okkupasjonen». Der står det ein del ting som ikkje er skrivne om eller diskuterte tidlegare.

– Som kva då?

– Me tek for oss frigjeringa i 1945. Styresmaktene framstilte det som om det var fred og full kontroll - men sanninga er at det nesten var anarki i gatene i Stavanger 7. til 9. mai. Butikkane i Nygata blei raserte, vindauga knuste, innhaldet stole. Det var fullstendig kaos. Men den offisielle versjonen var at det var stille og rolig.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Gutt (16) omkom i ulykke hjemme

  2. FNB-leder Myrhol tjener mer enn statsministeren

  3. Stavanger må åpne seg

  4. – Jeg ble utnyttet av Eddi Eidsvåg

  5. Lagt merke til gult støv i vannkanten i pinsen?

  6. – Han var dritings, sa politibetjenten i retten

  1. Litteratur
  2. Bokhandel