Stavanger tapte kampen om Kulturråd-kontor
Kulturrådets nye kontor «Kreativt Norge» hamnar ikkje på Vestlandet, men i kulturminister Linda Hofstad Hellelands (H) tidlegare heimby Trondheim. Stavangers kulturstyreleiar Annamaria Gutierrez (V) er skuffa.
I november var kulturminister Linda Hofstad Helleland (H), Kulturråd-leiar Tone Hansen og Kulturråd-direktør Kristin Danielsen i Stavanger. Men Kulturrådets nye kontor hamnar i Trondheim. Foto: Fredrik Refvem
- Jan ZahlKulturjournalist
– Gratulerer til Trondheim. Men eg er skuffa − og får sånne Trond Giske-vibrasjonar, seier Gutierrez.
– Norsk politikar helsar heim?
– Yes. Det er synd om ei satsing som dette skal vera ei helsing heim. Dette er ei større sak enn som så, seier Gutierrez.
Diskusjonen om å flytta delar av Norsk kulturråd har gått over fleire år, og heilt fremst i kampen for å få overført oppgåver frå Oslo har Stavanger stått. Måndag kom konklusjonen sju norske byar har venta spent på sidan dei var på «audition» i Oslo i november: Kor skulle det nye kontoret for kreative næringar - og som skal vera sekretariat for Fond for lyd og bilde og Statens kunstnarstipend - plasserast?
– I Trondheim er det eit stertk miljø knytta til NTNU og ny tekonlogi. Ved å leggja Kreativt Norge i Trondheim sikrar me at dei ulike fagmiljøa raskt bidreg til å etablera eit vitalt kontor for kulturell og kreativ næring, sa kulturminister Hofstad Helleland då ho offentleggjorde konklusjonen i Oslo måndag formiddag.
Teknologi og kunst
Trondheims tunge teknologimiljø blei altså avgjerande for valet. Men samtidig peika ministeren på det solide kulturlivet i trøndehovudstaden.
– NTNU har sterke fagmiljø på alt det Kulturrådet etterspør for sitt nye kontor. Men me har ikkje bare teknologi, men også sterke og viktige fagmiljø innanfor kunstutdanningar, økonomi, leiing og entreprenørskap, sa NTNU-rektor Gunnar Bovim under seremonien.
Kulturrådet sjølv har ikkje framstått som særleg overbeigeistra over å bli desentralisert, og innstilte i sin rapport i juni 2016 på Vestlandet - enten Stavanger eller Bergen - for sitt nye kontor. Likevel sa kulturrådsdirektør Kristin Danielsen seg nøgd med valet av Trondheim under lanseringa.
– Trondheim har eit sterkt og levande kulturliv, og me ser NTNU som eit fortrinn. Kreative næringar er tidleg digitale. Spørsmålet er om me har vore like gode på digital forretningsutvikling, sa Danielsen, som ser for seg å bruka dei seks byane som tapte kampen i eit kunnskapsnettverk i det som skal vera eit nasjonalt kontor.
Skuffa Stavanger
– Sjølv om det blir ein kjensle av siger i Trondheim, er dette også ein siger for dei sju byane som har lagt inn sin kompetanse her, sa Danielsen.
Sånn kjennest det altså ikkje i Stavanger, der Gutierrez blant anna har jobba saman med ordførar Christine Sagen Helgø (H) for å få kontoret til Stavanger. Og mens alle som talte på pressekonferansen i Oslo rosa den grundige prosessen bak beslutninga, er Gutierrez kritisk.
– Stavanger og Bergen starta med 50/50 sjanse for å få kontoret, sidan både me og Kulturrådet meinte det burde liggja på Vestlandet. Så blei det plutseleg sju byar, og ein audition i Oslo som var direkte latterleg. Etter at Kulturrådet brukte dei første fem timane på foredrag, fekk kvar by åtte minuttar på å presentera seg sjølv.
God tone?
– Kvifor har de ikkje nådd fram?
– Det må du nesten spørja Kulturdepartementet om.
– Syns du at du og Stavanger har ein god tone med sentrale kulturbyråkratar i Oslo?
– Då me besøkte Kulturrådet før Kristin Danielsen blei direktør, hadde me ein god og profesjonell tone. Me har merka ei endring etter at ho blei tilsett. Men politikarane me har hatt kontakt med i Oslo, har møtt oss med respekt.
– Du har lagt mykje tid og energi ned i denne saka. Er dette eit stort tap for deg og Stavanger?
– Eg er skuffa, men det er ikkje eit stort tap. Me har vist Stavanger fram frå si beste side. Det har vore viktig for meg å visa folk i Oslo at det finst kulturelt liv også utanfor Ring 3.
Mest lest akkurat nå
Over natten ble denne grusbanen til en perfekt isflate. Hvem som har laget den er et mysterium
Saktegående trafikk og lange køer ved Sinnes
Folkehelseinstituttet bommet kraftig på smittetall i julen
E134: Bil i vannet ved Ølensvåg
Da Line Flesjaa ble syk, flyttet familien til hytta. Det ble et lykkelig valg
Sola vurderer å trekke seg fra lokalt samarbeid hvis skjenkestoppen videreføres lokalt
Aftenbladet anbefaler
Mest debattert
Går inn for å forlenge smitteverntiltakene i Stavanger til 8. februar: – Situasjonen er fortsatt svært alvorlig
Vi har ikke tid til å vente på at folk bytter ovner og lærer seg å fyre på rett måte
– Klimaplanen er et historisk taktskifte
Pøbel rørte verden, nå vil han gi denne gigantiske skulpturen til Jæren