– Ikkje folkets, men si eiga røyst

KAPITTEL: – Sylvi Listhaug er ikkje Norges Marine Le Pen. Men noko av kommunikasjonsmetoden hennar liknar, seier Simen Ekern, som har skrive bok høgrepopulismen i Europa.

Foto: Jan Zahl

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

– Når Sylvi Listhaug i ein video står på garden heime og snakkar om innvandring, mens kamera sveiper over landskapet og kyrne, er det ein retorisk strategi som liknar Marine Le Pen. Utan å seia det med reine ord, skaper ho ei kopling mellom det nasjonalromantiske, landskapet, folkesjela og historia - og at alt dette nå står på spel i møte med innvandring, seier Ekern til Aftenbladet.

Denne veka kom den prisløna forfattaren og idéhistorikaren med si nye bok, «Folket, det er meg». Ekern tek for seg den europeiske høgrepopulismens vekst og framtid, han har reist gjennom Europa, møtt veljarar, ideologar og politiske leiarar for ei politisk rørsle som har skaka det etablerte politiske systemet, og som - igjen - blir høgaktuelt når tyskarane til helga går til valurnene. Dei siste meiningsmålingane viser at høgrepopulistiske Alternativ für Deutschland (AfD) har meir enn dobla oppslutninga frå 2013.

Stort spekter

– Den europeiske høgrepopulismen er eit vidt omgrep, som spenner frå reine nyfascistar til den moderate delen av Nasjonal Front i Frankrike. Innanfor dette vide spekteret kan ein også finna enkelte parallellar i Norge, frå Christian Tybring Gjedde via Hans Lysglimt Johansens Alliansen og til den nye nettstaden Resett, svarer Ekern når Aftenbladet etter eit val der mange snakka om populisme også i Norge, lurer på om me finn parallellar til dei høgrepopulistiske kreftene også her i landet.

Høgrepopulismen spenner over fleire land - som Geert Wilders i Nederland, Lega Nord i Italia, Nasjonal Front i Frankrike og AfD i Tyskland.

– Partia representerer veldig ulike prosjekt i utgangspunktet, men har samla seg om visse tema: motstand mot islamsk innflyting, motstand mot EU og mot dei etablerte elitane, seier Ekern.

68-arane

Dei historiske røtene kan også sporast langt tilbake i tid. På eitt vis til mellomkrigstida, men viktigast til 1968, då venstresida dominerte Europa, og særleg i Frankrike.

– Nasjonal Front blei etablert som ein reaksjon på 68-arane, seier Ekern.

Etter å ha vakse seg stadig sterkare, var draumen at 2017 skulle bli høgrepopulismens store år i Europa, etter Brexit og etter at Donald Trump vann det amerikanske presidentvalet. Men dominoeffekten kom ikkje. Wilders gjorde det dårligare enn venta i Nederland, Le Pen tapte presidentvalet i Frankrike, i Austerrike tapte den høgrepopulistiske kandidaten presidentvalet med knapp margin.

– Men sjølv om dei ikkje vann, betyr ikkje det at dei ikkje påverkar politikken. Høgrepopulismen har endra reglane i vestleg politikk - men ingen veit heilt kva dei nye reglane er, seier Ekern. Høgrepopulistane flyttar også dei etablerte partias politikk i sin retning.

Si eiga røyst

Ekern kjøper bare til ei viss grad forklaringa om at høgrepopulismen har vakse fram som ein konsekvens av reelle erfaringar hos folk, og fordi mange opplever ikkje å ha blitt høyrde av dei etablerte politiske elitane.

– Ei slik forklaring får ikkje med seg den politiske viljen og strategien til ideologane og aktørane. Desse partia er ikkje reine stenografar av folkeviljen, dei er også med på å forma korleis folk tenkjer og ser på verda, meiner Ekern.

Og biletet desse partia teiknar, er altså dystert. Land og kultur står i fare, undergangen er nær - og bare deira radikale løysingar kan redda oss. Løysingar som viser seg å vera reine illusjonar, som Trumps mur.

– Når Le Pen hevdar at Frankrike er i ferd med å døy, er ikkje det ei objektiv skildring, men del av ein politisk agenda. Høgrepopulistane er framfor alt sine eigne røyster, ikkje folkets røyst. Dei burde bli tydelegare konfronterte på løysingsforslaga sine.

Publisert:
  1. Europa
  2. Marine Le Pen
  3. Geert Wilders
  4. Frankrike
  5. Sylvi Listhaug

Mest lest akkurat nå

  1. Ti videregående skoler på rødt nivå fra torsdag

  2. 106 grader øst: – En hyllest til mamma

  3. Tiltakene på Nord-Jæren videreføres: – Vi sitter klare med både brems og gasspedal

  4. Barnehager og skoler i Stavanger settes på rødt tiltaksnivå – holder stengt onsdag

  5. Mette Dybwad Torstensen mener hun fikk anoreksi etter å ha blitt veid på skolen. Nå overrasker ny studie om unge og vekt.

  6. «Tidenes kulturpolitiske skandale»