Derfor elskar me fotballen

BOK: Nils Henrik Smith har skrive ei folkeleg nerdebok om spelet som får fram det verste og det beste i oss.

Forfatter og fotballfan Nils Henrik Smith set sin lit til ein ny generasjon norske fotballspelarar, 21 år etter at landslagsjef Nils Johan Semb låg på alle fire i midtsirkelen i Arnhem etter eit feigt 0–0 mot Slovenia som sende oss ut av EM.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri. Artiklar om fotball. 313 sider. Samlaget.

Bryne-buen Nils Henrik Smith har dei siste åra vore i det absolutte toppsjiktet blant norske fotballskribentar. Like før fotball-EM bryt laus, kjem eit utval av artiklane hans i bokform. Dei aller fleste har stått på trykk i fotballmagasinet Josimar, men her er også eit nyskrive essay, «Europeiske minne» med personlege refleksjonar omkring tidlegare fotball-EM.

Boka spenner vidt både i tid, tema og geografi. Her er artiklar om fotballkultur i Østfold og på Bryne, portrett av Arne Scheie, Erik («Myggen») Mykland, Maradona og sjølvsagt Erling Braut Haaland, og historier om lag som får suksess mot alle odds, som FC Magdeburg og «Folkhemmet i fotballdrakt», blåkvite IFK Göteborg.

Som det fell naturleg for ein mann frå Bryne, viser Smith i alt han skriv ein varm sympati for underdogen. Og han tviheld på at fotballen må ha ei lokal forankring, trass i at stadig færre av spelarane er heimeavla. Kva er det me elskar når me elskar norsk fotball, så dårleg som han enn er? Smith oppsummerer i eitt ord: tilknyting.  At denne tilknytinga manglar, er det styggaste ein kan seia om ein fotballklubb, slår han fast.

Nils Henrik Smith skriv godt – også om fotball.

Inspirert av Michelet og Solstad

Nils Henrik Smith ser sjølvsagt korleis fotballen er blitt ein kynisk bransje, «sterkt prega av dei aller fælaste særdraga ved den verda vi lever i: den brutale, hemningslause kapitalismen; fråværet av alle former for moralsk ansvar; den blinde viljen til å gjere kva som helst for suksess». Men samstundes, skriv han, kan fotballen òg «gi uttrykk for det finaste menneska får til i lag».

Smith har enorme kunnskapar om fotball. Nerdefaktoren er til tider høg, men artiklane er aldri uleselege for andre enn Arne Scheie-segmentet. For i sentrum står alltid menneska, dramaet og forholdet til samfunnet omkring. Og ikkje så ganske få morosame anekdotar.

Mange vil kjenna Smith som romanforfattar, og stilen hans kan føra tankane til dei legendariske fotballbøkene til Jon Michelet og Dag Solstad. Han vedgår då også at han står i djup gjeld til desse to. Ja, utan dei «er det lite sannsynleg at eg hadde byrja å skrive om fotball i det heile», skriv han. 

Språkkunstnar

Men som språkkunstnar står Nils Henrik Smith trygt på eigne bein. Lesaren kan gleda seg over perler som «Kamerun hadde på dette tidspunkt berre éin fiende: seg sjølv. Det var ein fiende som skulle vise seg uovervinneleg.» Eller denne, om Maradona i semifinalen mellom Italia og Argentina i VM 1990: «Ballen (kom) med eitt til Maradona, lik ein hund som vender heim til herren sin. Han kjærteikna han, uendeleg varsamt, slik berre han kunne og fekk lov til…».

Fotball-EM går utan Norge. Nils Henrik Smith avsluttar boka med å skildra det siste og einaste EM-sluttspelet der Norge var med – i Nederland og Belgia i 2000. Då lurte me oss sjølve med å spela feigt for 0-0 mot Slovenia, tilsynelatande trygge etter å ha slått Spania – ja, Spania! – 1-0 i opningskampen. «Det absurde forsøket på å gå vidare i ei fotballturnering ved å ikkje spele fotball var emosjonelt forkrøplande,» er Smith sin harde dom.

Norge har då heller aldri kome ovanpå etter denne fadesen. Nå greier me så vidt å slå Luxembourg. Men på same måte som han har gått i tretti år og venta på ein ny cuptriumf for Bryne, nektar Nils Henrik Smith å missa trua på landslaget. Han set sin lit til ein ny generasjon, «som ikkje kan hugse sist vi deltok i eit sluttspel, då Nils Johan Semb låg på alle fire i midtsirkelen i Arnhem».

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Dette er ei bok å bli optimist av!

  2. Den nye krimdronningen

  3. Dommedag, orgie og livet etterpå

  4. Heidi Furre maser på leseren, og det er vellykket

  5. Så galt kan det gå når en voksen tukler med barn

  6. Opp­rørende be­skriv­else av hvor kynisk arbeids­folk er blitt ut­nyttet

  1. Bokanmeldelser
  2. Fotball
  3. Anmeldelse
  4. Sakprosa
  5. Bokanmeldelse