– Kåkånomics over all forventning

Sjølv med 30 færre arrangement og strenge smitteverntiltak, kom det omtrent like mange publikummarar på årets Kåkånomics som i fjor. Det hadde festivalsjef Jan Inge Reilstad knapt tort å håpa på.

Finansminister Jan Tore Sanner (H) var ein av gjestene på årets Kåkånomics-festival i Stavanger.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

– Festivalen har gått over all forventning. Publikumstrøkket har vore mykje større enn eg trudde det var mogleg å få til, seier Jan Inge Reilstad etter at årets Kåkånomics er over.

Det var alt anna enn sjølvsagt at det skulle bli folkeleg økonomifestival i haust, med koronaepidemien hengande som eit damoklessverd over heile kulturlivet og alle som lever av å samla mange menneske i same rom. Men Kåkånomics bestemte seg for å ta sjansen, reduserte talet på scener frå ti til fem. Fleire av dei, som kinosal 1 på Sølvberget, var større enn i fjor – men det var ikkje mogleg å selja meir enn litt under halvparten av stolane. Det blei ein festival utan internasjonale gjester – på anna enn skjerm, og med 30 færre arrangement enn i fjor.

Likevel ser altså publikumstalet i år ut til å liggja omtrent på nivå med i fjor – rundt 6000 – utan at Reilstad har det endelege talet klart.

– Det er ganske utruleg. Eigentleg er dette det beste publikumsåret me har hatt, med fleire publikummarar på kvart arrangement enn me har hatt før. Folk har vore ekstremt sugne på å koma seg på festival. Og så må me jo ha treft med programmet, seier Reilstad.

Svært mange av arrangementa var utselde – eller nesten heilt fulle – utan at Reilstad har dei endelege tala på det heller.

Les også

Jan Tore Sanner angrer ikke noe

Les også

Vil gjera Noreg til ei grøn kjempe med store, statlege investeringar

Les også

– Kvinner, finans er skitgøy!

Begeistra deltakarar

Men ikkje berre publikum har vore begeistra. Svært mange av deltakarane – tunge fagfolk på sine område, godt vane med seminar og samlingar – har skrytt uhemma av Kåkånomics-festivalen – og vil gjerne koma tilbake.

– Kåkånomics skal også vera ein møteplass. Både mellom fagfolk, men ikkje minst mellom fagfolk og folk flest. Me var usikre på korleis akkurat det ville fungera med dagens reglar. Men også det fungerte, seier Reilstad.

Kåkånomics køyrde knallhardt på smittevernreglane dei fire dagane festivalen varte, med obligatorisk spriting av hender, registrering av publikum og meteravstand.

I minus?

Men sjølv med eit overraskande stort publikum og begeistra deltakarar, er det ikkje sikkert Kåkånomics går i pluss. Det kostar ekstra mykje å arrangera med strenge smittetiltak.

– Me har tatt ein økonomisk risiko. Heldigvis har staten lova støtta til dei som tek sjansen på å laga noko for publikum. Me håper me kan få noko av desse stimuleringsmidla.

– Men de veit ikkje om de får desse pengane?

– Det er ein kamp og eit styr å søka. Ein eigen sjanger me nå skal setja oss inn i. Må me søka for kvar enkelt arrangement, eller på heile festivalen? Det er slike ting me må finna ut av.

– Så du veit ikkje per nå om Kåkånomics 2020 går i pluss eller minus?

– Det veit eg ikkje før om nokre veker. Me er så positivt overraska over oppmøtet at me har tru på at det kan gå i pluss, men me veit ikkje. For nå kjem rekningane.

Les også

Ber om store endringer i olje-bistand

Les også

Tre observasjoner bekymret professoren. Nå ber hun oss ta grep før ensomheten fører til enda større problemer

Politisk utfordring

Reilstad meiner årets festivalsuksess må vera eit godt argument overfor politikarar både i Stavanger og i fylket for å koma inn på deira budsjett, både for Kåkånomics og moderskipet Kverulantkatedralen.

– Politikarane må sjå kven som kjem hit, kva som står på programmet, korleis responsen er, kva me leverer. Veldig mange seier dette er den beste festivalen i landet. Vår konklusjon er i alle fall at det var smart av oss å velja å laga festival. Også dette spesielle året.

Les også

  1. – Stavanger-regionen fant opp den norske bånd­byen med bolig­felt og motor­vei. Nå under­graver denne arven en mer bære­kraftig by­utvikling

  2. «Stavangermannen som formet det sosialdemokratiske Norge»

Publisert:
  1. Festival
  2. Jan Inge Reilstad
  3. Kåkånomics

Mest lest akkurat nå

  1. Da to voksne menn snakket høyt om voksne kvinners markedsverdi, ble det bråk

  2. USA roser Sør-Afrika for å ha oppdaget ny virusvariant

  3. Wirak varslet snø over Vinterland, og det fikk han

  4. Ryfylke har fått sin første vingård

  5. Vogntog mot personbil - mann satt fastklemt

  6. Forskarens fem om dagen for eit lukkelegare liv