Olja i nord som me ikkje treng
BOK: Helge Ryggvik har kritisert oljå i mange år. Har han endeleg fått tidsånda på si side?
- Tom HetlandKommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet

Helge Ryggvik: På kanten. Norsk oljevirksomhet i Barentshavet og hvorfor det må settes en strek. 569 sider. Cappelen Damm.
Det er alvor for oljå nå. Norge skal redusera sine klimagassutslepp med 50–55 prosent til 2030. Det er ni år til. På dei 30 åra som er gått sidan 1990, som er utgangspunkt for målsettinga, har me kutta med 3,9 prosent. Men i 2050, 30 år fram i tid, skal reduksjonen vera på 90–95 prosent.
Norsk olje- og gassutvinning står for om lag ein tredel av utsleppa våre. Sjølv om alle dei store partia står på at leitinga etter olje og gass skal halda fram, er det eit standpunkt som blir stadig vanskelegare å forsvara opp mot vår erklærte klimapolitikk. Nå er heller ikkje det internasjonale energibyrået IEA og FN med på laget. Begge meiner i ferske rapportar at unytta olje- og gassressursar bør bli liggjande. Skal me nå måla i internasjonale klimaavtalar, er det uansett ikkje rom for meir enn ti års utslepp på dagens nivå.
Dette er utgangspunktet for Helge Ryggviks nye bok. Ryggvik er økonomisk historikar, og ein mangeårig skarp kritikar av det norske oljeindustrielle komplekset. Han har ikkje alltid treft like godt, men det må seiast at tida har jobba for han. Det som før var marginale synspunkt som lett prella av på oljeindustriens folk og petroleumsvennlege politikarar, er nå i ferd med å bli ein del av hovudstraumen.
Sluttstrek i nord
Den sentrale bodskapen i «På kanten» er at det hastar for Norge å koma seg ut av oljealderen, og at sluttstreken må setjast i nord. I dei sårbare områda i Barentshavet og rundt Svalbard er konsekvensane av oljekatastrofar meir alvorlege enn lenger sør, og kan føra til stor skade både på naturen og Norges omdømme om så gale skulle skje. Utbygging av nye felt i ishavet er dessutan teknologisk krevjande og dyrt.
I tillegg legg Ryggvik vekt på eit tryggingspolitisk argument: Ein oljestans i nord vil kunna forhindra tilspissa konfliktar med mektige naboar. Tolkinga av Svalbardtraktaten er alt nå omstridd, og Norge har ikkje mange allierte når me prinsipielt hevdar at norsk kontinentalsokkel går opp og forbi Svalbard.
Ryggvik hevdar at norsk styre over Svalbard vil stå sterkare internasjonalt om forvaltinga legg til grunn vern av miljøet, som har god forankring i Svalbardtraktaten. Om Norge derimot går i spissen for oljeboring i Svalbardsonen, vil Russland kunna følgja etter i havområde som Norge reknar som sine. Eit skrekkscenario er då at konflikten eskalerer til ein militær konfrontasjon der også Nato blir involvert. Ryggvik vedgår at dette kan vera ei overdramatisering, men viser til at det russiske forsvarsdepartementet sjølv har peika på Svalbard som det mest sannsynlege området for konflikt med Nato til havs. Ein annan ting er at oljeaktivitet i Arktis heller ikkje er særleg populært i EU og i USA under Biden-administrasjonen.
I lengste laget
Dersom ein aksepterer premissane, talar Ryggvik godt for si sak. Boka er omfattande dokumentert, og forfattaren går grundig inn på både biologiske, teknologiske og geofysiske forhold i tillegg til økonomi og politikk. Det gjer at boka tidvis kan vera krevjande å lesa. Ryggvik gjentek også poenga sine litt for mykje, dermed er boka blitt i lengste laget. Enkelte banale feil, som at eks-miljøvernminister Tine Sundtoft blir til Tone og det russiske oljeselskapet Lukoil til Luke Oil, gjer meg litt skeptisk til faktaopplysningar eg ikkje så lett kan kontrollera.
«På kanten» vil først og fremst vera nyttig som ei argumentsamling for oljestans i nord. Den vil heilt sikkert bli brukt flittig av miljøaktivistar. Om politikarane følgjer etter, står att å sjå. Erfaringa tyder ikkje på det. Men tidene skifter.
Bokanmeldelser
- KULTUR
Klarer du ikke løse denne krimgåten selv, har du lest med lukkede øyne
- KULTUR
Svensk prisvinner om partnervold blir i overkant mye.
- KULTUR
Slike stemmer treng me, meiner vår bokmeldar
- KULTUR
Hun fikk nylig en pris – men vår mann er ikke veldig imponert
- KULTUR
Psycho-en er tilbake!
- KULTUR
Aftenbladets anmelder gleder seg allerede til bind to av dette sprelske storverket