Ikkje heilt Game of Thrones
FILM: Storslått dansk dronningdrama blir ikkje heilt som «Game of Thrones», nei.
- Jan ZahlKulturjournalist
MARGRETE DEN FØRSTE
Kinopremiere: 25.02.2022. Med: Trine Dyrholm, Søren Malling, Morten Hee Andersen, Jakob Oftebro, Bjørn Floberg, Magnus Krepper, Thomas W. Gabrielsson, Agnes Rase, Simon J. Berger og Paul Blackthorne. Sjanger: Drama. Regi: Charlotte Sieling. Nasjonalitet: Norge / Danmark, 2021. Aldersgrense 12 år. Lengde: 2 timar.
Me har jo sett ein del av det dei siste åra: Dramatiske mellomalderdrama med intrigar, maktkamp og krig.
Eller «Game of Thrones» (GOT), som originalen heiter.
Eksessane i fantasyserien «Game of Thrones» var inspirert av Rosekrigane (1455–1487), ein borgarkrigsliknande tilstand i England, pluss litt dragar og magi. Handlinga i «Margrete den første» er basert på maktkamp, intrigar og arverekkefølge i Norden rundt Kalmarunionen (1397–1523), pluss ein død son.
Nærmare bestemt handlar det om Margrete I, som på eit visst tidspunkt i praksis var herskar over heile Norden. Ja, og så handlar det om kven som skal overta trona, kven som er den rettmessige arvingen, kven som skal styra, om nordisk storpolitikk.
Allereie i den engelske tittelen «Margrete – Queen of the North» får du tydelege assosiasjonar til «GOT». Men også i biletspråket ser du ein tydeleg inspirasjon. Her er grandiose landskap, væpna ryttarar, dramatisk natur. Her er mørke interiør i mellomalderborger i stein, opplyst av levande lys og faklar. Her er karakterar kledde i eventyrlege kostyme. Visuelt er det flott å sjå på.
Og så er det altså ei dramatisk historie. Her er aktørar med ulike interesser og motiv. Det er ikkje lett å vita kven som er dei «gode» og kven som er dei «vonde», kven som er det dei hevdar og kven som bløffar.
Her er ein heil haug av dyktige skodespelarar frå heile Norden. Ikkje berre Trine Dyrholm, som spelar Margrete like flott som ho spelar alt anna. Men her er også toppfolk som Søren Malling, Magnus Krepper, Jakob Oftebro og Bjørn Floberg. Og eit kolossalt budsjett, enorme ambisjonar.
Likevel blir det altså ikkje like spennande eller fascinerande som fantasien «GOT» i si tid var. Kvifor ikkje? Regissør Charlotte Sieling klarer rett og slett ikkje å trylla fram den same intensiteten, den same nerven eller tilknytinga til karakterane. Det blir rett og slett litt for langt, litt for uengasjerande, særleg i midtpartiet.
Men flott å sjå på er det!
Film- og tv-anmeldelser
En heller svak og forutsigbar kjærlighetshistorie i en veldig fransk ramme
Morsom, men tynn ninja-oppfølger
Kunne blitt ein thriller om eit av verdas mest kjente bygg. Men nei...
Manuset er nesten komisk svakt. Og skodespelet. Og regien
Sex og snakk på fransk
James Bond-skaparen hadde ideen. Nå er den utrulege, men sanne, historia frå krigen blitt film
Mest lest akkurat nå
For folk vil koke over fra livet og ned, og fryse seg i hjel fra livet og opp! Genialt konsept!
Har bodd på Tananger i to måneder. Nå tar mormor med seg Zlata (9) og Demid (3) hjem til Ukraina
Jærbanen stengt etter hendelse
Falt på elsykkel og slo hodet
Se bildene fra russetoget her
Årets folketog i Stavanger