Brutalt frå Iran

FILM: Rått, brutalt og bra om iransk seriemordar.

Zar Amir-Ebrahimi blei kåra til beste, kvinnelege skodespelar i Cannes for rolla si i «Holy Spider».
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

HOLY SPIDER

Kinopremiere: 25.11.2022. Med: Mehdi Bajestani, Zar Amir Ebrahimi, Arash Ashtiani, Forouzan Jamshidnejad, Alice Rahimi, Sara Fazilat, Sina Parvaneh. Sjanger: Drama / Thriller. Regi: Ali Abbasi. Nasjonalitet: Danmark. Aldersgrense: 15 år. Lengde: 1 time, 55 minutt.

Det blei – forståeleg nok – stor ståhei då norske Renate Reinsve vann prisen for Beste kvinnelege skodespelar under Cannes-festivalen i 2021. Men veit du kven som vann prisen for 2022? Det gjorde iranske Zar Amir-Ebrahimi, nå busett i Paris.

I «Holy Spider» spelar ho rolla som journalisten Rahimi, som kjem til den heilage iranske byen Mashhad for å undersøka drapa på fleire prostituerte. Dette dreier seg ikkje om ei tradisjonell krimgåte der spørsmålet er kven som har gjort det, sidan me også møter drapsmannen frå eit tidleg tidspunkt i filmen.

Mordaren Saeed er ein vanleg familiefar frå enkle kår som meiner han har ei slags heilag oppgåve i å reinska den heilage byen for synda dei prostituerte representerer.

Dermed går filmen inn i fleire kompliserte sider ved det iranske samfunnet. Ein autoritær, islamsk stat med eige moralpoliti som slår ned på kvinner som viser for mykje av håret – sørgeleg aktuelt etter Mahsa Aminis død og protestane i Iran – skal offisielt ikkje ha prostituerte. Men dei finst.

Korleis skal ein som god, religiøs samfunnsborgar stilla seg til ein som prøver å fjerna syndarane? Det mannlege politiet og presteskapet ser ikkje nødvendigvis ut til å bruka veldig mykje energi på å koma til botns i dei brutale kvinnedrapa. Kan tvert om mordaren vekka sympati og bli sett som ein helt i dette samfunnet?

Det kjem neppe som ei overrasking at dette ikkje er ein iransk produksjon, sjølv om både regissør Ali Abbasi og skodespelarane er fødde i Iran. Det kunstnariske rommet for å løfta fram skuggesidene ved det iranske samfunnet og driva (sjølv)kritikk er ikkje stort i den islamske republikken. Abbasi bur i dag i Sverige, og filmen er ein samproduksjon mellom Sverige, Danmark, Tyskland og Frankrike.

Dette er ei brutal historie – som blir brutalt fortalt. Det løftar også truverdet og identifikasjonen med karakterane.

Og så er det jo ekstra grufullt at filmen baserer seg på ei sann historie. Om Saaed Hanaei, som i løpet av 2000 og 2001 drap 16 kvinner i den heilage byen Mashhad. Korleis det gjekk med Hanaei? Det må du sjå filmen for å finna ut.

Publisert: