Usympatisk, men ganske bra

PÅSKEKRIM: Toler du ein særs usympatisk hovudperson, er «Showtrial» ganske bra krim.

Talitha (t.v.) er usympatisk og kjip, noko som gjer forsvarar Cloes jobb komplisert.
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

SHOWTRIAL

Britisk tv-krim i fem delar. Strømming på NRK TV frå 8. april, premiere på NRK 1 11. april kl 21.15.

«Showtrial» er britisk krim med fleire lag. Serien startar som ei forsvinningsgåte, blir til eit etterforskingsløp, mens dei siste episodane er eit rettssalsdrama.

Det heile startar med at filosofistudenten Hannah blir borte etter eit universitetsball, der ho jobba som servitør. Medstudentane Talitha og Dhillon deltok aktivt på festen, og blir raskt mistenkte for å ha noko med Hannahs forsvinning å gjera.

Les om meir påskekrim på tv her:

Les også

Her er påskekrimmen fra NRK – og våre anbefalinger

Mens Hannah har arbeidarklassebakgrunn, er Talitha dotter av ein milliardær og Dhillon son av eit parlamentsmedlem. Talitha har i tillegg ein ganske så usympatisk væremåte. Ho er smart, men også kynisk, frekk og alt anna enn audmjuk. Ho prøver ikkje å sjarmera nokon.

Dette byr sjølvsagt på problem for advokaten Cloe, som blir sett til å representera den bortskjemde rikmannsdottera, både i møte med politiet og ein jury.

Talitha er forresten litt av ein munnfull også for etterforskarane som prøver å få henne dømt, men kjempar med å finna gode nok bevis. Det fører også til ein kamp internt blant etterforskarane, og ikkje minst med påtalemakta.

Alt dette gir ein heil del snappy dialogar, frekke og friske ordvekslingar med britisk snert og sarkasme. Og så kjem det mange nok vendingar og overraskingar til at dette dramaet held seg ganske interessant utover i serien.

I tillegg til krim-, etterforskings- og rettsdramaet, inneheld «Showtrial» sin dose sosial kommentar. Ikkje minst om dei privilegertes og ressurssterkes framferd, både mot sine eigne og andre.

Serien er smart skriven, profesjonelt laga og godt spelt, sjølv om her ikkje akkurat er kjendistungt på skodespelarsida og litt komplisert å identifisera seg med dei fleste av karakterane. Du vil også bli sitjande og lura, heilt til siste slutt, på kva som faktisk er sant og kva som faktisk skjedde.

Eigentleg er dette ein serie der kvinnerollene står i sentrum, mens mennene har birollene. Eg veit at mange vil finna Talitha nesten utåleleg usympatisk. Sjølv har eg på eitt vis sansen for denne typen rolle, som definitivt bryt med klisjeen om at jentene på skjermen alltid skal vera snille, flinke og sympatiske.

Du kan seia kva du vil om Talitha, men kjedeleg er ho definitivt ikkje.

Publisert: