Liket flaut motstraums

BOK: Litterært kunsthandverk med lærd leik og sjonglering; mest for feinschmeckerar, vel heilt på kanten av for mykje av det gode for dei mange.

«Ho demonstrerer igjen og igjen at for å lesa – og skriva – noko nytt, må ein først ha lese noko gammalt,» skriv Aftenbladets meldar om Gunhild Øyehaugs nye novellesamling.
  • Jan Askelund
    Jan Askelund
    Forfatter og litteraturkritiker
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Gunnhild Øyehaug: «Vonde blomar». Noveller. 102 sider. Kolon.

Prislønte Gunnhild Øyehaug (1975, debut 1998) er ein cerebral diktar, så ho veit å få både sansane til å opna seg og kjenslene til å dirra. Og ho skriv noveller som ikkje utan vidare svarer til gamle oppskrifter på kva som definerer novella: Snarare er mange av dei korte tekstane her (ho har skvisa eit femtital inn på hundre sider) komprimerte kunststykke som best kan opna seg som dikt for ein vâr lesar.

Men dei lengste stykka tilfredsstiller kva krav som helst til ei novelle, som «Eit besøk til Monk’s House», der nokre nettbekjente kvinner med sine ymse motiv forsøker å arrangera ein fellessafari til Virginia Woolfs hus i East Sussex, men endar opp med «kjensla av noko utanomjordisk og gåtefullt», som skrive står i siste setninga.

Det sju sider lange opningsstykket «Fuglar» er også ei skræmeleg novelle, om ei menstruerande kvinne som mistar ein del av hjernen i do, og med den minnet om alt som har med tittelen sine fuglar å gjera – og det kort før ho skal disputera for doktorgraden, om fuglar. Dette er hinsides kvardagsrealisme, men så er ikkje snittet av dagklare dagar og skolefysikk saka for Øyehaug heller.

Som i novella «Ved skjulet» der tre kvinner på uforklarleg viss har overlevd ei flyulukke og er i ferd med å svelta i hel på ein aude stad – så nær som for eit lik som flyt motstraums forbi dei. Dei forheld seg forskjellig til den drukna og veit ikkje om dei skal ta liket i land for å eta det, men belesne litteratar og konkurrentar som dei er, veit dei frå bøker om fleire eksempel på lik flytande motstraums.

Det er alt saman leikent, absurd, fantastisk og har mykje å by for litterære feinschmeckerar, også dei som ikkje har lese den snart 200 år gamle, berømte, fordømte og skilsetjande diktsamlinga til Baudelaire og som Øyehaug har stole tittelen frå: «Vonde blomar». Ho demonstrerer igjen og igjen at for å lesa – og skriva – noko nytt, må ein først ha lese noko gammalt, for slik liv avlar liv, avlar også dikting dikting.

Dei hundre komprimerte sidene i «Vonde blomar» er utstyrte med notar og tilvisingar så fleire kan hekta seg på. Mens dei som har fryda seg over tidlegare øyehaugbøker, også vil sjå korleis ho med mange røyster og frå skiftande synsvinklar, oppfinnsamt, fantastisk, leikent og absurd, nifst og attkjenneleg held fram med å snakka med dei (bøkene og lesarane) og seg sjølv. 

Publisert:
  1. Anmeldelse
  2. Bokanmeldelse
  3. Litteratur
  4. Bok
  5. Bøker

Mest lest akkurat nå

  1. Viking-juvelen scoret hat trick mot Klepp i rå­sterk snu­operasjon

  2. Politiet om gjenåpningsnatten: – Lenge siden vi har hatt det så travelt

  3. Skuespiller Kjersti Holmen er død

  4. – Når jeg kommer inn i et rom tenker jeg ofte at jeg tar mye plass med mine 191 centimeter

  5. Markus Hoelgaard fra Ålgård var med i finalen, men det ble for langt opp til medalje

  6. De påstår at sparke­syklene reduserer ut­slipp. Vi sjekket ti aktuelle prod­ukter – driver de med grønn­vasking?