Best når han ikkje går rundt grauten

BOK: Etter rundt 175 sider lausnar det i denne romanen. Synd at det då berre er 25 sider igjen.

Vår kritikar sit igjen med ein bismak, eller rettare sagt med litt mangel på smak, etter å ha lese Eivinn Sudmann Larssen si siste bok.
  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Eivind Sudmann Larssen: Vi er basert på en sann historie. Roman. 199 sider. Tiden Norsk Forlag.

Når Therese, ektefellen til hovudpersonen, slår gjennom som biletkunstnar, skriv ein av kritikarane at «kunsten hennes talte kritikernes språk» (side 43). Ironisk nok kunne denne påstanden like gjerne vore om sjølve romanen: 

For «Vi er basert på en sann historie» er gjennomtenkt komponert, med vekslingar mellom fortid og nåtid som skapar dynamikk og variasjon. Den anonyme hovudpersonen er kledeleg antydande og litt mystisk interesseskapande. Den språklege stilen er gjennomført nøktern og usentimental. Ikkje minst er motivet i tida, om enn noko velbrukt - eit samliv som går i oppløysing. Ein kjønnsrollevri gir i tillegg ein ekstra dimensjon. Den underliggande tematikken om «historiene vi forteller om våre egne liv og hvordan minner påvirker både identitet og nære relasjoner» (frå omslaget) verkar dessutan både danna og raffinert.

Romanen talar slik sett «kritikernes språk»; altså den slags type tema og form me gjerne likar å setja tennene i og smatta godlynt over. Når eg likevel sit igjen med ein bismak, eller rettare sagt med litt mangel på smak, er det fordi «Vi er basert …» gir meg ei kjensle av nettopp å kommunisera litt for tydeleg mot eit slikt bestemt publikum. Det ligg noko litt velpolert og skuleflinkt over prosjektet, nærast som om ein vil «pleasa» panelet av smaksdommarar.

Når teksten startar, møter me den omtalte hovudpersonen, som har levd saman med og har to barn med kunstnaren Therese. Utover i handlinga får me sjå korleis forholdet deira har utvikla seg frå den søte studentforelskinga til den bitre samlivsbrotet mot slutten. 

Handlinga fungerer som forteljing, men i noko mindre grad som eit augeopnande kunstnarisk uttrykk. Larssen har vald seg ein krevjande tematikk, og maktar berre til ein viss grad å belysa han gjennom situasjonane han skisserer. Dei er presist skildra, men får for lite fram det noko diffuse og teoretiske temaet.

Sterkast er skildringane av skilsmålet i slutten, som er meir tette og direkte, og der egoismen tyt fram i grell og nærast provoserande grad. Dessverre er då 175 av snautt 200 sider av romanen unnagjort. Kanskje skulle forfattaren halde seg meir her, tettare på livet, i staden for å insistera for mykje på det «flinkis-aktige» meta-perspektivet.

Publisert:
  1. Bokanmeldelse
  2. Anmeldelse

Mest lest akkurat nå

  1. Politibil under ut­ryk­ning kolliderte med Porsche i Hille­våg

  2. Flere blir lagt inn på sykehus. Er vi på vei inn i neste korona­bølge?

  3. Leah Isadora Behn stakk av med influencer-pris

  4. Sandnes-kvinne får million­erstatning etter feil­behandling på SUS

  5. Stavanger-ost best i Norge

  6. Siktet for drapsforsøk etter skyting i Stavanger-restaurant: – Min klient er veldig lei seg