Norrøn-nazi-nåtid

ROMAN: Historisk medvite, men så velmeint pedagogisk at det litterære blir skadelidande.

Rune Salvesen skriv tre historier i si nye bok – vår anmeldar meiner ei av dei er klart betre enn dei to andre.
  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

Rune Salvesen: «Skjoldmøytrilogien». Roman. 218 sider. Cappelen Damm.

Den førre romanen til Rune Salvesen (f. 1978) kritiserte eg for å vera utflytande og ha eit unødvendig privatfokus. «Skjoldmøytrilogien» har ei strammare oppbygging, og dei klare sjølvbiografiske elementa er redusert til eit etterord. Framleis held forfattaren på ei tredelt handling plassert i rogalandske omgjevnader, der historie og ekstremisme står sentralt: På nåtidsplanet møter me tre vener, deriblant stortingspolitikaren Sylvi, som er på hyttetur på Kyrkjøy. Trioen ser ein film om motstandsrørsla i Stavanger under andre verdskrig, som er basert på verkelege hendingar. I filmen (og i fortida) deltar Solveig Bergslien i undergrunnsarbeidet mot nazistane. Her er dåverande Stavanger teater sentralt, der eit skodespel om skjoldmøya (kvinneleg krigar) Ragnhild frå vikingtida er populært. Ragnhild møter me òg i hennar eiga tid, der ho førebur seg til slaget i Hafrsfjord.

Som tørt brød rundt pålegget i ein sandwich

Denne samanflettinga av tre handlingstrådar er viktig både for framdrifta og temaet i romanen. I starten klarer Salvesen å skapa ei interessevekkande stemning, der han med nøkternt språk set saman tidshorisontane. Rett nok er enkelte grep noko iaugefallande og lettkjøpte. Som at ei uavslutta setning frå éi tid blir etterfølgt av tre linjeskift og deretter held fram i ei anna tid, truleg for å få fram at me ber historia med oss, trass tidsavstanden.

Etter kvart forsvinn den positive kjensla. Handlinga(ne) byr på få vendingar, og 218 sider kjennest langt. Ei av årsakene kan vera at dei tre forteljingane er for like tematisk – dei glir snarare enn å gnissa mot kvarandre. Lesaren får dermed for lite motstand, for lite å tenka og tygga på. Elles verkar det å vera nazi-historia forfattaren legg sjela i, som er levande fortalt. Dei to andre er meir som kvileskjer, noko ein klippar til i ein film for å få litt variasjon, eventuelt som tørt brød rundt pålegget i ein sandwich. 

Betre blir det ikkje av at hovudpersonane i fortidene er nokså reindyrka heltefigurar: Edle og modige representantar for den rette sida og trua, og dermed ganske eindimensjonale og uinteressante i lengda. Sylvi i nåtida er ein nokså ullen figur, og har lite til felles med namnesystera i røyndommen. Venene får etikettane «homofil» og «akademikar med hijab» og framstår slik meir som utanpåklistra woke-alibi enn personar som bidrar til handlinga. Samla sett ein roman som kjennest meir som eit historiepedagogisk, (identitets)politisk og personleg prosjekt enn eit litterært.

Publisert: