Mysteriet med den døde fallskjermhopparen

BOK: Ein spennande intrige blir litt lang, ordrik og overforklarande.

Publisert: Publisert:

Sunniva Vagstad leverer ei gjennomtenkt historie frå det luftige elementet i sin debutroman «Fritt fall», skriv Aftenbladets meldar. Foto: Jan Tore Eriksen

  • Leif Tore Sædberg

Grade: 4 of 6 stars

Sunniva Vagstad: Fritt fall. Roman. 366 sider. Aschehoug.

Ei 21 år gammal kvinne døyr i ei basehopp-ulykke på Voss. Heime i Bergen blir nyheita naturleg nok mottatt med sjokk og sorg av mora, stefaren og stesøstera Elise. Sistnemnde blir rykka ut av meir prosaiske problemstillingar, som at ho vurderer å droppa vidare filosofistudium og gå over til matematikk. Dei store spørsmåla trenger seg på: Kva hende eigentleg med Bianca der oppe på fjellet? Kvifor tok ho ein så stor risiko? Kva skjuler seg i fortida hennar, før det fatale spranget?

Debutant Sunniva Vagstad (f. 1987) får god hjelp av eiga fortid, tidlegare fallskjermhoppar som ho er, i skildringa av det luftige miljøet rundt Bømoen på Voss, som hovudpersonen Elise oppsøker. Dei gnagande spørsmåla som krinsar rundt stesøstera Bianca gir henne ikkje fred, og som ein uerfaren privatdetektiv søker ho svar både rundt faktiske tilhøve og meir eksistensielle spørsmål. For korleis bør ein eigentleg leva? Skal ein hegna om tryggleiken med beina på bakken eller våga å kasta seg ut i det?

Kontrasten mellom den (snus)fornuftige, ansvarlege og boklærde 19-åringen Elise i hovudrolla og det meir hedonistiske og augeblinksdyrkande fallskjerm-miljøet skaper ei fin spenning i skildringane. Historia fungerer bra som ein slags thriller eller spennande gåte som skal løysast, der forfattaren lanserer ganske effektive spor: Eit ubesvart anrop like før dødsfallet, ein kjærast som ikkje visste, ein ukjent far og ein gjengløymt koffert er element som held interessa oppe for å vita meir. Ei god stund i alle fall, for etter kvart går handlinga meir og meir i dei same sirklane. Utgreiinga blir i lengste laget og enkelte gonger overforklarande, og det blir tydd til enkelte usannsynlege utanfrå-grep for å sikra framdrifta.

Elises filosofibakgrunn er eitt av grepa der ønsket om å formidla «noko meir» enn berre ei spennande forteljing kan merkast. Enkelte gonger i meste laget, ettersom dette aspektet ved teksten har ein tendens til å bli vel tydeleg og intellektualiserande, med problemstillingar som i tillegg er velbrukte. Alt i alt sit ein likevel igjen med ei underhaldande, jamt over velformulert og ikkje minst gjennomtenkt historie frå det luftige elementet.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Bostyrer vil politi­anmelde Eddi Eidsvåg etter konkursen

  2. Lover at Norges råeste motorsports­anlegg skal stå klart i juni 2021

  3. Sandnes-selskap vil ha ansatte i permanent hjemmekontor

  4. Det murres i Sola og Randaberg om havne­samarbeid

  5. Høie med dyster beskjed til mosjonsløpene. Arrangørene: – Det er fryktelige nyheter

  6. Militæret trosser Trump

  1. Bokanmeldelse
  2. Roman
  3. Anmeldelse
  4. Litteratur
  5. Bøker