Blodig på Randaberg

Krimentusiast Simen Ingemundsen meiner Rogaland treng ein krimfestival - og laga han like godt sjølv. Denne veka går «Blodig alvor i landsbyen» av stabelen på Randaberg.

Publisert: Publisert:

Kin Wessel signerer festivalplakaten for «Blodig alvor i landsbyen», som opna på Randaberg tysdag kveld. Bak, frå venstre: Festivalforfattar Kurt Aust, Trond Vernegg og festivalsjef Simen Ingemundsen. Foto: Carina Johansen

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Ute er det 19 grader og i vest har sola starta nedturen mot havet. Inne på Viste strandhotell har 20 sjeler benka seg på første dag av krimfestivalen «Blodig alvor». På det som til alt overmål viser seg å vera sjølvaste Verdas bokdag, 23. april. Til minne om eitt av litteraturens store mysterium. For på akkurat denne dagen i 1616 døydde tre av verdshistorias største forfattarar: Britiske William Shakespeare. Spanske Miguel de Cervantes. Peruanske El Inca.

– Eg visste ikkje at dette var Verdas bokdag då eg planla festivalen. Men det passar jo godt, seier Simen Ingemundsen.

Fersk festival

For andre år på rad inviterer den unge krimentusiasten til krimfestival på Randaberg. I fjor var alle forfattarane lokale. I år er dei meir langreiste - det viser seg at dei fleste kjem frå Vestfold. Denne første kvelden deltek Kurt Aust, som har skrive mange krimbøker aleine, og éi med ektefellen Kin Wessel, samt Trond Vernegg, som har skrive krim frå krigen. Aust er utropt til årets festivalforfattar. Det syns han er ei stor ære.

– Det poppar opp stadig nye krimfestivalar rundt om i landet. Men så er me jo også mange krimforfattarar, seier Aust til Aftenbladet. Då han begynte å gi ut bøker for rundt 20 år sidan, blei han invitert til ein og annan «vanleg» litteraturfestival.

– Men nå skjer ikkje det lenger. Det er eit ganske tydeleg skilje mellom krimforfattarar og dei andre. Det er litt synd, seier Aust.

Film førte til bøker

Ingemundsen fekk - pussig nok - augo opp for krim etter å ha sett ein film i 2008, nærmare bestemt «Max Manus». Sidan har han lese tusenvis av bøker, han melder krim for Bygdebladet, driv bokbloggen «Boktimmy» og er ein ivrig gjest på krimfestivalar.

– Eg meinte det var på tide at Rogaland fekk sin eigen krimfestival, og begynte å planleggja for fire år sidan, seier Ingemundsen, som har fått støtte av Randaberg kommune til arrangementet. Første festival gjekk av stabelen i fjor.

– Koss gjekk det i fjor?

– Me hadde 173 besøkande på fire dagar. Stemninga var god, forfattarane var nøgde. Eg meiner det var ein suksess i fjor, og håper på endå større suksess i år, når me bare har nasjonale forfattarar på plakaten.

Så langt har førehandssalet slått fjoråret, med torsdag kveld på Landsbypubben som ein klar favoritt. Då kjem Hans Olav Lahlum, Jørn Lier Horst og Ingar Johnsrud.

Ein del av jobben som festivalsjef er å bokbada forfattarane. Her fortel Kurt Aust om bøkene sine. Foto: Carina Johansen

Travelt liv

Simensen studerer journalistikk på Universitetet i Stavanger, melder bøker og har altså starta sin eigen litteraturfestival.

– Det høyrest travelt ut?

– Det er eit travelt liv, men eg syns det er kjekt å ha det travelt.

– Du gjer alt festivalarbeidet sjølv?

– Nesten alt, ja. Eg har blitt kjent med alle desse forfattarane, inviterer og bokbader. Men eg har kommunen med meg, og ei som skal selja bøker. I fjor gjorde eg alt.

Aftenbladet må forlata opningskvelden ein time ut i arrangementet, mens Ingemundsen bokbadar Aust. Ute i vest nærmar sola seg havet. Framleis lysande. Ennå ikkje blodraud. Men det er bare eit spørsmål om tid.

Publisert:

Les også

  1. Hun er god på psykopater

  1. Litteratur
  2. Krimlitteratur
  3. Randaberg
  4. Hans Olav Lahlum