Kulturbudsjettet opp 6,7 prosent

STATSBUDSJETTET: Regjeringa foreslår å auka kulturbudsjettet med 4,9 milliardar frå 2019 til 2020. Det totale kulturbudsjettet for 2020 er på 19,9 milliardar kroner.

Publisert: Publisert:

Kulturminister Trine Skei Grande (V) aukar kulturbudsjettet med 4,9 prosent til neste år. Foto: Berit Roald

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

– Med dette budsjettet vidareutviklar me ambisjonen om eit levande kulturliv i heile landet, seier kulturminister Trine Skei Grande (V) i den første pressemeldinga om neste års kulturbudsjett, som ber tittelen «Kraftig auke i kulturbudsjettet».

Blant hovudsatsingane departementet sjølv trekker fram, er bygging og modernisering av kulturbygg i heile landet. Regjeringa foreslår 290 millionar kroner i tilskot til investeringar i kulturbygg, med tilsegn om 768,3 millionar kroner i seinare budsjettår. To av dei som blir trekte fram, ligg i Rogaland - og er blant godbitane frå budsjettet som allereie var lekka:

  • Dalane Folkemuseum får 10 millionar kroner til formidling i Jøssingfjord Vitenmuseum og Helleren-husa. Totalbudsjettet for prosjektet er på 31 millionar kroner.
  • Museum Stavanger (MUST) får 11,2 millionar kroner til fornying av basisutstillingar ved gamle Stavanger Museum. Totalbudsjettet for prosjektet er på 30 millionar kroner.

– Det er eit veldig, veldig godt signal når MUST er eitt av ti museumsprosjekt som får støtte til bygging og modernisering. Det viser at kulturministeren ser at Stavanger har behov for eit museumsløft, seier Siri Aavitsland, administrerande direktør ved MUST. Ho er også glad for dei siste tre millionane til bygging av nytt Grafisk museum.

Vitenmuseum i Jøssingfjord

– Dette er kjærkomne midlar for oss - men me har jo visst det sidan september, seier direktør Leif Dybing ved Dalane Folkemuseum. Prosjektet dei nå får statlege pengar til å realisera skal ifølgje Dybing formidla linken mellom natur og kultur på ein ny måte. Ein tek utgangspunkt i helleren i Jøssingfjord, og går heilt frå steinalderen og fram til moderne tid. Det er tidenes største kulturprosjekt i Dalane, har blitt jobba med i mange år - og skulle eigentleg stått ferdig i 2020.

Prosjektet med å få bygd Jøssingfjord vitenmuseum får 10 millionar kroner på neste års kulturbudsjett. Foto: Dalane Folkemuseum

– Eigentleg skulle me vore godt i gang med bygginga, men så enkelt er det ikkje, seier Dybing om framdrifta for vitenmuseet. Før dei kan ta fatt, må dei nemleg finna ut kor forureina grunnen er. Det har konsekvensar både for kostnader og tidsplan. Styret får saka på bordet i slutten av månaden.

– Går det ikkje an å bruka den tomta, blir det ikkje noko Vitenmuseum i Jøssingfjord. Men me jobbar ut frå at me skal få det til - og har goodwill både frå staten og fylket. Så det er kjempebra, avsluttar Dybing.

Museum Stavanger får 11,2 millionar kroner over kulturbudsjettet til å fornya basisutstillinga si. Foto: Rune Vandvik

Les også

11,2 millionar til Museum Stavanger

Les også

Styreleder: - Vi gir ikke opp Jøssingfjord Vitenmuseum

Les også

Første spadestikk for nytt Grafisk museum

Jærmuseet og Filmkraft

I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa å gi eit samla tilskot på vel 2,2 milliardar kroner til museum og visuell kunst. Det er ein auke på om lag 340 millionar kroner frå 2019.

Blant dei som får meir pengar over kulturbudsjettet, er Jærmuseet, Vitenfabrikken på Sandnes og studiemagasin på Kvia, som får 850 000 kroner meir.

Kulturdepartementet vil styrka den statlege satsinga på dataspel og satsinga på film og dataspel i regionane, skriv dei i pressemeldinga. Dei auka løyvingane gir dei regionale filmsentra 7 millionar kroner meir, medan dei regionale filmfonda får ein auke på 10,5 millionar kroner. Dette betyr meir pengar til Filmkraft Rogaland og Mediefondet Zefyr, men ingen av dei er ikkje nemnde i kulturbudsjettet, og det står ikkje kor mykje meir pengar dei får.

Ny NRK-finansiering

Frå 1. januar 2020 blir kringkastingsavgifta avvikla, og NRK blir finanisert gjennom tilskot over statsbudsjettet. Regjeringa foreslår eit tilskot på vel 5,7 milliardar kroner til NRK i 2020.

– Dette er viktig for å sikre ein framtidsretta finansieringsmodell for eit uavhengig NRK. Denne modellen vil i større grad enn lisensordninga ha ein sosial profil, seier Trine Skei Grande i pressemeldinga.

Mot slutten av 2019 skal kulturministeren leggja fram ei eiga Kunstnarmelding, der dei skal sjå på korleis ein kan betra kunstnarøkonomien. Statens kunstnarstipend er eitt av dei viktigaste verkemidla i kunstnarpolitikken. Formålet med stipenda er å gje kunstnarar rom til å fordjupe seg og til vekst og fornying, og slik legge til rette for eit mangfaldig og nyskapande kunstliv.

– Regjeringa meiner det er viktig å betre kunstnarøkonomien, seier Skei Grande.

I forslaget til neste års statsbudsjett foreslår ho 37 nye stipendheimlar, slik at det totalt blir 532. Stipendet er foreslått auka med 3,2 prosent, til 276 805 kroner. Totalt aukar ordningane under Statens kunstnarstipend med nær 22 millionar kroner i budsjettforslaget for 2020.

Regjeringa foreslår også millionauke til språk, til mangfald, integrering og likestilling og 87 millionar kroner til digitalisering ved Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Høstmarken i Randaberg er avlyst

  2. Rogalending i 30-årene pågrepet og siktet for seksuelle overgrep mot hunder

  3. Ingrid (76) ble smittet på bussen: – En fantastisk tur, jeg kjenner meg helt frisk

  4. Slik tilbringer tyske Ralf karan­tenen i Norge. Smitte­vern­lege er bekymret

  5. Kommuneoverlege om busstur for pensjonister: – Jeg ville tenkt meg grundig om

  6. Raser mot kriminell misbruk av krisetiltak

  1. Statsbudsjettet 2020
  2. Kulturdepartementet
  3. Kulturpolitikk