– Eg har opplevd ein pult som plutseleg stod tom i klasserommet

Bjørn Arild Ersland vil eigentleg ikkje at det alltid skal døy nokon i bøkene han skriv. Men så viser det seg at mange døyr likevel. - Det skaper ein fin grunntone, seier Ersland, som lanserer romanen «Bekken» på Kapittel.

Publisert: Publisert:

Bjørn Arild Ersland lanserer sin nye roman «Bekken» på årets Kapittel. Sidan skal boka ut i verda - mens Ersland held seg heime i hagen for å skriva meir. Foto: Kristian Jacobsen

«Bekken» er ein 100 sider kort roman om tre kompisar som leikar ved ein forureina bekk dei strengt tatt ikkje har lov å leika ved. Dei vil byggja ein sivbåt som skal ta dei ut på ei lita øy ute i fjorden. Men så går noko frykteleg galt, og det blir vanskeleg for ein gut i overgangen mellom barndom og ungdom å handtera.

– Eg har brukt geografien frå byggefeltet eg vaks opp i Mandal, ein stad eg knapt har vore sidan eg flytta som 15-åring. Eg har ikkje dratt tilbake for å gjera research og sjå korleis det ser ut i dag, men brukt minna og proporsjonane frå barndommen, seier Ersland.

– Det fanst ein bekk der som du leika i?

– Ja. Me hadde ikkje lov, men me gjekk der for å leika.

– Skjedde det ei dramatisk ulukke?

– Nei, men det skjedde dramatiske ting i Mandal mens eg vaks opp. Eg samlar inn opplevingar som ikkje er med i boka, men som vekte ei same kjenslene som er med i boka. Eg har opplevd ein pult som plutseleg stod tom i klasserommet.

Frå barn til vaksne

Stavangerbaserte Ersland er ein av Rogalands mest produktive og kritikarroste forfattarar, og har blant anna blitt nominert til Brageprisen fire gonger. Lenge skreiv han bare for barn og unge, både biletbøker og fagbøker. Men i 2016 debuterte han som skjønnlitterær forfattar for vaksne, og «Bekken» er hans tredje roman.

– Eg vil ikkje at det alltid skal døy nokon i romanane mine, men det skaper jo ein veldig sterk dramatikk. Og så viser det seg at det er mange som døyr der likevel. Det skaper jo ein fin grunntone, ler Ersland.

«Bekken» er eit slags barndomsminne, skrive i språket til eit barn, med korte setningar og ganske enkelt språk.

– Barnebokforfattaren Ersland møter vaksenbokforfattaren Ersland i denne boka?

– Ja, eg lurer litt på det. På ein måte kunne det vore skrive som ein ungdomsroman. Men når du skriv for vaksne kan du vera litt mindre tydeleg. Ein må forklara mindre.

Bra å vera utydeleg

I ei av dei første meldingane Ersland fekk som vaksenbokforfattar, skreiv kritikaren at det ofte kunne vera eit problem at forfattarar som var vane med å skriva for barn blei for tydelege når dei skreiv for vaksne.

– Men det gjeld ikkje meg, trur eg, fordi eg er van med å laga biletbøker der eg overlet mykje til illustratøren. Som vaksenbokforfattar er det om å gjera å overlata mykje til lesaren, som må laga sine eigne bilete, eigne kjensler og inntrykk.

– Er det ikkje litt rart at det skal vera eit mål å vera utydeleg? I annan kommunikasjon er vel målet å vera tydeleg?

– Kanskje er det rart. Men kunst skal skapa assosiasjonar og kjensler. Fortel ein alt, er det ingenting igjen - og då er det heller ingen vits. Eg bruker desse teknikkane i fagprosa for barn også. Eg held igjen. Eg lagar ikkje ein manual frå Ikea.

– Men då er det vel også ein risiko for at folk ikkje får det med seg poenget?

– Absolutt. Men i «Bekken» er det ein tydeleg tråd, ei tydeleg forteljing. Og så er det jo ein ekstremt kort roman.

Frå fanget til livet

Ersland seier at han ikkje heilt veit kva han skriv om i romanen. Men han trur det er om overgangen frå å vera barn til å bli noko anna. Om å måtta mista noko for å koma vidare i livet.

– Hovudpersonen er ein stad mellom at han helst vil sitja på fanget til mamma, men så skjer det veldig alvorlige ting med han og han må vidare.

– Og dette skriv du i barnets språk, framfor å bruka den vaksnes perspektiv og ord?

– Det er alltid ei utfordring å laga ein karakter som held gjennom ein heil roman. Det er moro å bruka ein person som er ein heilt annan stad i livet enn meg sjølv. Alt blir fiksjon, men samtidig ikkje, sidan dette er ein stad i livet alle vaksne har vore.

Ersland likar veldig godt barn. Særleg observerande barn, som hovudkarakteren i «Bekken».

– Han ser ting, håper han sjølv skal sleppa unna. Det er ei rolle eg sjølv kjenner meg att i.

Ut i verda?

«Bekken» er plukka ut av Norla, ein organisasjon som jobbar for å bringa norsk litteratur til utlandet. Dermed blir Erslands nye bok med til den gigantiske bokmessa i Frankfurt, der Norge i år er fokusland.

– Så då skal du til Frankfurt?

– Nei, er du galen? Eg kan ikkje snakka engelsk i meir enn eit kvarter. Boka skal til Frankfurt med ein agent. Eg skal sitja heime i hagen og skriva.

Publisert: