Stavangersk fribyhistorie til Sydney

Historia til Stavangers fribyforfattar Ali Dorani blir illustrert jazz i Sydneys ikoniske operahus.

Publisert: Publisert:

Frå Iran til Australias mest berømte bygning, via Stavanger. Foto: Lier, Gunnar

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

8. september framfører den australske jazzsongerinna Elly Hoyt ein 18 minuttar lang suite i Sidneys operahus - basert på og illustrert med teikningar frå historia til Stavangers noverande fribyforfattar Ali Dorani. Hoyt er ein av tre finalistar plukka ut i den prestisjetunge Freedom Jazz Fellowship i Australia.

Hoyt høyrde om Doranis historie av ei venninne i Australia, og tok kontakt med den iranske teikneserieskaparen. Dorani blei som iransk flyktning halden i varetekt i flyktningeleirar i australsk regi gjennom fire år. Forholda i desse flyktningeleirane har blitt heftig internasjonalt kritiserte, og Dorani har fått stor internasjonal merksemd for sine teikningar frå Manus Island under artistnamnet «Eaten Fish». Han kom til Stavanger i desember 2017.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Til sykehus etter arbeids­ulykke med vinkel­sliper

  2. Sønnen fikk hjerne­skade etter bunker­festen i Oslo: – Livet hans er satt flere år tilbake

  3. Øyvind Haukland er død

  4. Iven Austbø har utgående kontrakt: Nå har Viking bestemt seg

  5. Gigantbygg likevel til Ullandhaug: – En halv­liten halleluja-dag

  6. «Jeg var heldig. Jeg rakk verken å ruse meg eller bli deprimert»

  1. Icorn
  2. Sølvberget kulturhus
  3. Stavanger