Ekteskapsteater på internett

Blir det litt trongt i heimen for tida? Litt irritabelt i ekteskapet? Då passar det godt at Rogaland Teater viser «Scener frå et ekteskap» på nettet fredag 17. april kl. 19 – på Aftenbladet.no eller teateret si Facebook-side.

Publisert: Publisert:

Ekteparet Nina Ellen Ødegård og Anders Dale treng ikkje å halda to meters avstand. Dermed kan dei også spela tett teater saman. Foto: Fredrik Refvem

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er 46 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt direktestudio for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til direktestudio

– Gud, kor eg har sakna å gå på jobb!

Hjartesukket kjem frå Nina Ellen Ødegård, halvparten av skodespelarekteparet Ødegård/Anders Dale.

– Då dei i si tid spurte oss om å gjera «Scener frå et ekteskap», lurte me jo litt på om det var ein fordel eller ei ulempe at me også var gift i den verkelege verda. Men me hadde aldri drøymt om at det skulle bli nesten påkravd for å kunna spela dette stykket, seier ektemannen.

Les også

Venter dramatisk koronasmell for verdensøkonomien

Tomt teater

Dei sit på scenekanten i eit tomt teater – med journalisten på 2. rad. På hovudscenen bak dei står glasburet der dei lenge har spelt teaterversjonen av Ingmar Bergmans «Scener frå et ekteskap», til knallgode kritikkar, masse publikum og to Hedda-nominasjonar.

Men, som alle har fått med seg: Det er ikkje lenger lov å samla større folkemengder enn fem personar. Sidan 10. mars har det ikkje vore mogleg å framføra scenekunst med publikum i salen på Rogaland Teater.

Les også

BOKMELDING: Dette er å holde leserne for narr!

– Dermed må me tenkja nytt for å få vist kunst til folket. Og då er det jo eit lukketreff at me har Nina Ellen og Anders, som ikkje må vera to meter frå kvarandre heile tida. Og så er det jo bra for smittevernet at stykket blir spelt inni eit glasbur, seier informasjonssjef Pernille Kaldestad.

Smittevernmessig passar det godt at «Scener frå et ekteskap» blir spelt inne i eit glasbur. Over påske filmar Rogaland Teater stykket og strøymer det på internettet. Foto: Fredrik Refvem

Teater på nett

Over påske skal Rogaland Teater prøva seg på noko dei aldri har gjort før, nemleg å strøyma eit teaterstykke over nettet. Nøyaktig kva dag det skjer og nøyaktig kva plattform (ar) det skal bli mogleg å sjå strøymeversjonen av «Scener frå et ekteskap» på, er ikkje heilt avklart. Men digitalt teater skal det bli. Du må sjå stykket mens det går – som vanleg teater. Men teatersalongen er bytta ut med stova di heime.

– Me får pengar frå staten for å oppfylla vårt samfunnsoppdrag, nemleg å bringa teater til folket. Det samfunnsoppdraget skal me også prøva å oppfylla i desse koronatidene, seier Kaldestad, som samtidig presiserer at kvalitetskravet ligg fast. Det er viktigare at dette blir bra, med ein skikkeleg teknisk produksjon, enn at det skjer fort og gale.

– Skal det kosta noko for publikum?

– Nei. Men folk kan jo kjøpa dramakort, slik at det står kø utanfor den dagen me opnar dørene igjen.

Det opne teateret?

Mens fleire teater i Oslo har permittert sine skodespelarar, prøver Rogaland Teater å halda oppe ein viss aktivitet.

– Alle andre har stengt. Tenk om Rogaland Teater kan vera teateret som på eitt eller anna vis klarer å halda ope og får formidla teaterkunst til folket i koronaens tid, seier Dale.

– Det er viktig å bruka midla me har til å skapa noko – også i desse tider. Me veit ikkje kor lenge denne krisen skal vara – men folk treng kunst og kultur meir enn nokon gong nå. Folk treng å få fylt hjarta med noko anna enn koronakrise, seier Ødegård.

Det blir sjølvsagt ikkje det same å spela teater utan kontakten med publikum – den felles opplevinga menneske imellom er essensen i scenekunsten, slik Ødegård ser der.

– Skodespelarar er vanlegvis skeptiske til filming og til å ikkje møta eit publikum. Men nå er tida her for å prøva nye ting, seier Dale.

Det manglar ikkje på idear frå teaterstaben til alternative måtar å jobba på. Første forsøk er altså ekteskapsstykket på nett.

Nina Ellen Ødegård syns ektemannen er flink til å gi henne rom i desse tider. Anders Dale syns det er fint å få kona ut av huset av og til. Foto: Fredrik Refvem

Klaustrofobiske tider

– Det finst mange ektepar som er innelåste i ganske tronge rom for tida. Det gjer stykket ekstra aktuelt?

– Buret med all den eksistensielle teksten har ekstra sprengkraft i denne situasjonen, ja, svarer Ødegård, som har ledd godt av ein del av humoren som heldigvis har kome ut av alt det tvangsmessige samværet ektepar og familiar for tida opplever.

– Det er kanskje nærliggjande å synast synd på folk som bur aleine. Men me som er trykka saman med kone og barn kan nok tidvis tenkja at dei som bur aleine er dei heldige. Det kan vera ganske krevjande å bu så tett saman med andre over så lang tid, seier Dale.

– Ein kan enten bli ekstra godt kjent eller ekstra irritert nå?

– I stykket blir det sagt at dei to lever i ei hermetisk lukka verd, der ein nesten blir kvelt av oksygenmangel. Eg trur det i desse tider er viktig å gi kvarandre rom og oksygen, ikkje måtta vera saman absolutt heile tida, seier Dale.

– Ja, og der syns eg du har vore god, Anders. Du spør meg stadig vekk om eg har lyst til å gå ut ein tur for å få litt luft, seier Ødegård og ser ømt bort på sin omsorgsfulle ektemann. Han har svaret klart:

– Ja, det har vore fint å få deg ut av huset av og til.

Publisert:
  1. Flertallet av lærerne klarte ikke å følge opp sårbare elever i hjemmeskole

  2. Undersøkelse: Hver tredje nordmann unngår helsetjenester

  3. – Stortinget må lytte til aktørene i næringen og det som hele industrien sier må til

  4. –Rødt, gult eller grønt lys? Vi skal være klar!

  5. FHI: Liten smitte i samfunnet gjør valideringen av Smittestopp-appen utfordrende

  6. Tomme midtseter er ikke blant forslagene

  1. Korona-viruset
  2. Rogaland Teater
  3. Ekteskap
  4. Scenekunst
  5. Nina Ellen Ødegård