Stor glede i Stavanger konserthus då det vart tillate med 200 i salen

No er det tillate med arrangement på inntil 200 personar, men regelen om ein meter avstand kan gje økonomiske konsekvensar for konserthuset.

Publisert: Publisert:

Endeleg kunne eit avgrensa publikum høyre ekte tonar for første gong på lenge. Foto: Anders Minge

  • Marie Håland
    Journalist
  • Kine Hult
    Journalist

Meir og meir opnar igjen i samfunnet, også i kulturlivet. Måndag fekk Stavanger Symfoniorkester spele for 600 musikkglade menneske. Ikkje på ein gong, sjølvsagd, men med tre konsertar med 200 i publikum.

«Velkomne med æra» kallar dei konserten. Og det står «Kan du høyre det? Det er lyden av å møte kvarandre igjen».

Nærleik med avstand

Og folk fekk møte kvarandre igjen. Den vanlege kvardagen heime i joggebuksa vart bytte med symfonikonsert og finklede. Kjolar og finare skjorter har endeleg fått lufte seg.

To av dei som har gleda seg til å endeleg dra på konsert igjen er Tor og Hanneth Hagir. Dei gleda seg så mykje at dei til og med drog heim frå hytta i sommarvêret.

– Det har jo vore litt stussleg og ikkje ha kunna dra på noko. Det er på tide at me får dra på konsert igjen, seier dei før dei stiller seg i køen til Fartein Valen.

Les også

– Takk, dette betyr mye for oss

«Så flinke de er til å halde avstand!» seier billettkontrolløren i døra. Inne er det heller ikkje vanskeleg å halde avstand i ein sal som eigentleg kan romme opp mot 1500 personar. Men sjølv om du sit ganske åleine, så er du likevel nær. Det som eigentleg ser ut som ein dårleg selt konsert er stappfull.

Og sjølv om det er over tre månadar sidan mange har klappa hendene saman, så er det ingen gløymt kunst. Applausen går så hardt føre seg at du nesten kan sjå antibacen skvette av handflata igjen.

Er der for publikum

Cellist Liv Opdal synest det var fantastisk å kunne høyre så mykje applaus igjen.

– Musikk er skapt for publikum! Me jobbar for å møte dei og sjå dei smile og le.

Etter over tre månader lurer ein jo kanskje på om musikantane blir nervøse for å opptre føre eit større publikum igjen.

– Nei, det er meir skummelt å spele for folk digitalt. Då får du ingen respons, og du aner ikkje kven som sit der, seier Opdal.

Dirigent Arvid Engegård og resten av SSO har heldigvis fått kunne spele og øve under koronatida. Foto: Anders Minge

Torsdagen før Norge stengde ned var det 1450 i salen. Då fleipte dei om at alle måtte hoste i armhola si og passe godt på. Lite visste dei då kor alvorleg situasjonen kom til å bli. Men organisasjonen har takla det bra, synest administrerande direktør Morten Warland.

– Eg trur me kjem styrka ut av dette. Me har mange nasjonalitetar som ikkje har andre nettverk, og då har det vore flott med dette kollegiet.

Etter mars har dei spelt digitalt, og frå mai kunne 50 personar vere i salen. Sjølv med 200 betalande så er det langt frå 1500 som det eigentleg pleier å vere.

– Det har vore eit reknestykke, og me har måtta tenkt «kva viss». Men me vil heller spele doble og triple konsertar enn å ikkje gjere noko i det heile tatt, seier Warland.

SSO har normalt 85 musikantar på scenen, og av og til over 100. På grunn av avstandsregelen var dei berre 46 på måndag, men på fredag blir regelen om ein meter fjerna for dei som er i orkesteret. I salen, derimot, må publikum halde avstand. Det kan skape økonomiske problem.

Ingen lovnad til direktøren

Førre månad sende direktør Per-Harald Nilsson i Stavanger konserthus eit brev til kulturdepartementet, kor han mellom anna etterlyste nasjonale retningsliner for korleis konsertarrangørar skal stille seg til einmetersregelen. Fredag hadde han eit møte med kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V) og andre representantar frå departementet hans.

– Det var eit veldig bra møte. Både statsråden og dei andre representantane frå departementet hadde sett seg godt inn i situasjonen vår. Dei erkjenner at ordningane me har i dag ikkje treffer konserthusa, og at dette er noko ein må gjere noko med, seier Nilsson.

Les også

Konsert i koronaens tid

Også problemet med at billettkompensasjonen i dag berre går til arrangørleddet vart trekt fram i brevet. Konserthuset, saman med fleire andre i Norge, baserer seg i stor grad på utleige, og sit dermed ofte igjen utan støtte når ein annan part står som arrangør.

Her kunne ikkje kulturministeren gje nokre lovnader om utviding. Saka må først bli behandla i regjeringa.

Raja gav likevel, ifølgje Nilsson, klarsignal til å få utarbeide ein nasjonal rettleiar for korleis einmetersregelen skal bli handheva. Det er foreininga Norske kulturhus som skal utarbeide han.

– For oss er det å få definert praktiseringa av einmetersregelen veldig viktig. Slik den blir praktisert i dag, tyde det at me kan ha maksimalt 270 publikummarar i Farten Valen og 170 i Zetlitz. Det er for lite til at me kan drive økonomisk forsvarleg. Viss dei opnar for at 500 personar kan samle seg til hausten, utgjer det ingen forskjell for oss så lenge regelen om ein meter blir praktisert slik han gjer i dag, seier Nilsson.

No må me berre vente å sjå korleis arrangementa blir framover, men du kan i alle fall gå ut og nyte kulturlivet saman med 199 andre kultursvoltne menneske.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. National Oilwell Varco sier opp i Stavanger

  2. Koronasmittet rogalending tok fly fra Tromsø, via Gardermoen, til Sola

  3. – Hva vil dere her? Henvisningen blir gransket, vekteren må inn i brakken og konferere

  4. Vikings styreleder har hatt møte med Berntsen: – Ikke tema å bytte trener nå

  5. Stavanger-kvinne innstilt som FpU-formann

  6. 14 koronasmittede innlagt på norske sykehus – 11 flere enn på fredag

  1. Stavanger Symfoniorkester
  2. Konsert
  3. Stavanger
  4. Musikk
  5. Abid Raja