Scener frå ein 30-årsdag

Laurdag feira Sølvberget i Stavanger sin 30-årsdag. Dei gjorde det på ein måte som reflekterer mangfaldet i det som har blitt heile byens kvardagsstove.

Publisert: Publisert:

Rebecca Kleiberg (t.v.), Signe Marie Minnesjord, Leah Marie Minnesjord og Dhruvi Vartak møter klovnen Tulliball. Foto: Tommy Ellingsen

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Det er heilt umulig å skjøna korleis den tryllande klovnen Tulliball klarer å finna rett kort i stokken, og kor dei små raude tøyballane blir av. Ungane som står i ring rundt han har store augo og måpande munnar. Når han lagar såpebobler prøver Dhruvi Vartak å fanga dei.

Olav T. Laake (t.v.) fekk mykje av skulda for Sølvberget, mens Birger Rygg var byggeansvarleg. Laurdag mimra dei på 30-årsdagen til Sølvberget. Foto: Jan Zahl

Veteranane

– Dei som kalla holet på Sølvberget for «Laakehålå» meinte det ikkje godt. Men er du først leiar kulturstyret, må du jo prøva å gjera noko ut av det.

Olav T. Laake sit i sofaen i 4. etasje på Sølvberget saman med Birger Rygg, mette etter bursdagsfrokost til spesielt inviterte. På 1980-talet var Laake bystyrepolitikar for Ap, mens Rygg blei kommunens ansvarlege for arkitektkonkurransen og bygginga av Sølvberget.

– Prosjektet var så kontroversielt fordi ein såg for seg at det ville bli store utgifter, som ville gå ut over andre formål. Stavanger hadde dårlig råd på den tida, minnest Laake, mens Rygg hugsar forbløffande mange detaljar rundt det praktiske, rundt sprenging og bygging.

– Arkitekten Kjell Lund hadde teikna Norges Bank-bygget i Oslo, som hadde store overskridingar. Eg gav tydeleg beskjed om at me ikkje skulle gå over budsjettet i Stavanger, seier Rygg. Det siste overslaget før byggestart var på 250 millionar kroner. Sluttrekninga for Sølvberget enda på 251 millionar.

– Det må vera det einaste bygget av denne typen i norgeshistorien som blei bygd utan overskridingar, seier Laake.

Les også

Sølvberget feirer 30 år

Christine Sagen Helgø har vore ein ivrig brukar av Sølvberget heilt sidan ho kom til Stavanger. Laurdag gratulerte ho med dagen. Foto: Jan Zahl

Ordføraren

– Sølvberget har vore ein viktig del av livet mitt heilt frå eg flytta til Stavanger, seier Christine Sagen Helgø over det gylne ordførarkjedet. Ho har akkurat talt og gratulert Sølvberget med dagen.

Ordføraren har vore på song ved livets start, ho har lånt bøker, høyrt på debattar, delteke i debattar, møtt venner på cafe, gått på kino på Sølvberget. Og nå skryt ho over at det knapt finst nokon kulturinstitusjon der det er så mange folk, så mange ulike folk, heile tida.

Og mens ho står der og skryt kjem arkitekten bak ombygginga, bak Nye Sølvberget, Henrik Lundberg, forbi i straumen av menneske og ballongar, og fortel at han nylig viste huset til amerikanske arkitektar på rundreise i Norge:

– Dei sa at av alle bygg dei hadde sett på turen, var dette huset som best oppsummerte kva Norge handlar om: Åpenheit og demokrati.

Leif Tore Lindø (t.v.) intervjuar Ingenting-vokalist Kjell Undheim, som har hamna på veggen i glas og ramme i musikkbiblioteket. Foto: Tommy Ellingsen

Musikkelskarane

I ein krok på musikkbiblioteket sit vaksne menn og diskuterer musikk. NRK-nestor John Skien har snakka om innspelt, rogalandsk trekkspelmusikk frå 1905 og om Magne Samuelsens popmusikk frå 30-talet. Tormod Eikill har snakka om Tony and The Swing Blues, og nå er det Ingenting-vokalist Kjell Undheim som diskuterer Mods med Aftenbladets Leif Tore Lindø. Nokre meter lenger borte og rundt ein sving heng bileta av 15 rogalandsartistar som har blitt plukka ut til bibliotekets Wall of Fame. Ingenting frå Sandnes er eitt av banda, og Undheim heng dermed på Sølvberget til dagleg - i glas og ramme. Ellers bruker han helst Sølvberget til å gå på kino.

– Kva med musikkavdelinga?

– Eg er vinylentusiast. Eg liker betre å eiga enn å låna. Denne har eg, for eksempel, seier Undheim og løftar opp eit dobbelalbum av Frank Zappa. På vinyl.

Theo og Max Geitung-Larsen er ofte på biblioteket, sjølv når det ikkje er bursdag. Foto: Tommy Ellingsen

Fantasyfansen

På ein blå sofa i 3. etasje sit to brør og les kvart sitt eksemplar av den same boka: Rick Riordans «Apollons prøvelser». Dei liker best fantasy. Dei syns Riordan skriv godt.

– Me pleier å koma hit kvar helg, så sant me er heime, seier Max Geitung-Larsen (12 år). Han og broren Theo liker å spela på Play Stationen, eller dei les og låner med seg bøker heim.

Og i dag? I dag er dei her bare for å lesa. Dei visste ikkje ein gong av det var bursdag.

På barnebiblioteket sit Mari Haugland Ådnøy og les høgt til barna Olav og Solveig. Signe Kjetilstad leikar med ballong og puter. Foto: Tommy Ellingsen

Barnefamilien

I eit lite grønt hus i barnebokavdelinga sit Mari Haugland Ådnøy og les høgt frå «Hva sa papp, Albert Åberg». Med seg har ho sonen Olav og dottera Solveig. Olav og Solveig er tørste.

– Me bur på Rennesøy, så bruken vår av Sølvberget varierer litt. I dag har me vore på kino, og så les me litt. Me liker å lesa bøker, ikkje sant, seier mora, og får ivrige nikk frå barna. Dei vil ha vatn.

Framfor dei hoppar ei lita jente på tre år i rosa - med rosa ballong - på dei store, brune putene. Ho heiter Signe Kjetilstad.

– Ho er kanskje den minst litterære av oss, seier mora Jorunn Lovise Husan.

– Men ho liker putene.

Kari er nysgjerrig på Joyce Carol Oates, ein hyppig favoritt til nobelprisen i litteratur. Foto: Tommy Ellingsen

Boklånaren

Kari vil ikkje ha etternamnet i avisa, men er på jakt etter ei bok av Joyce Carol Oates i ei av bokhyllene som framleis - trass all verdas digitalisering og modernisering og store ord om framtidas bibliotek - finst på Sølvberget.

– Eg er ein flittig gjest på Sølvberget. Eg låner mange bøker og går på bokprat kvar torsdag, seier Kari.

Therese Hjelm les ei avis mens ho ventar på ei venninne. Foto: Tommy Ellingsen

Avislesarane

Det er alltid folk rundt avisbordet i første etasje. Her kan du finna aviser frå inn- og utland, på norsk og framande språk. Her kan du vera heilt for deg sjølv eller saman med andre, det er opp til deg sjølv.

På Sølvbergets 30-årsdag er Therese Hjelm blant dei som sit bøygd over ei avis. Ho pleier ikkje gjera det. Ho bruker Sølvberget ein heil del, men då til å låna bøker. Men akkurat denne dagen blei det avisa. Mens ho ventar på ei venninne.

Abibata M. Aminu er på Sølvberget nesten kvar dag. I vogna ligg sonen Mikael Saha Amin og feirar med ein ballong. Foto: Tommy Ellingsen

Mora

– Eg er på Sølvberget nesten kvar dag, seier Abibata M. Aminu. Ho dyttar ei grå vogn gjennom den myldrande førsteetasjen på Sølvberget, og der nede i den trygge varmen ligg sonen Mikael og suttar på ein tutt og viftar med ein ballong.

Kva Aminu gjer på Sølvberget? Ho skriv på eigne oppgåver, det er ein stad der gutane hennar kan møta andre barn, ein stad dei kan lesa bøker, ein stad dei kan springa fritt og trygt.

– Eg kom ikkje fordi det var 30-årsdag i dag. Eg er her i helgene når det ikkje er bursdag også, seier Aminu.

Publisert:

Les også

  1. Lokker med sex, skattesnyting og satireshow

  2. Dei tilsette kritiske til sjefsjakta på Sølvberget

  3. Røsbak og Houen vil bli kulturhussjef

  4. Neppe total oppussing av Arneageren

Mest lest akkurat nå

  1. 17 flygninger til Norge med koronasmitte

  2. Har mest sannsynleg blitt smitta her i regionen

  3. – Du skal ikke ha kniv fra Ikea, sier far

  4. Tesla målt til 221 km/t: Eieren får førerkortet beslaglagt inntil mai neste år

  5. For farlig å dykke i elva nå, håper på lavere vannstand

  6. Kjørte i 145 km/t i 80-sonen

  1. Litteratur
  2. Stavanger
  3. Henrik Lundberg
  4. Kino
  5. Christine Sagen Helgø