Heilt, heilt vanvittig

KONSERT: Aldri har eg blitt så berørt av ein musikar som av Andsnes i går kveld. Aldri.

Publisert: Publisert:

«Det finst gonger, mange gonger, når Leif Ove Andsnes’ fingrar rører ein tangent, at tonen treff noko i meg like presist. Ein nervetråd.» Foto: Anders Minge

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over to år gammel
Grade: 6 out of 6

Stavanger Konserthus, torsdag kveld:

Dirigent: Eivind Gullberg Jensen

Solist: Leif Ove Andsnes, klaver

Stavanger symfoniorkester

Musikk av: Knut Vaage: Orkesterdialogar (urframføring)

Benjamin Britten: Klaverkonsert (1945)

Jean Sibelius: Symfoni nr 1

Konserten blir også spelt fredag kveld.

Det finst gonger, mange gonger, når Leif Ove Andsnes’ fingrar rører ein tangent, at tonen treff noko i meg like presist. Det må vera ein nervetråd. Nært hjarta, nært pulsen, nært pusten. Og det finst gonger, når Andsnes spelar Benjamin Brittens klaverkonsert saman med Stavanger symfoniorkester, at drivet, rytmen, energien, kaskadane av storslagen klaverklang treff alle sansar samtidig. For så å halda dei vidopne i dirrande energi, konserten gjennom. Så opne at eg må samla meg etterpå. Finna ei slags fatning.

Britten bruker klaveret på romantisk vis, virtuost, blendande, heile rekka, opp og ned. Han bruker det som rein energi, som drivkraft framover for det svære orkesteret, som legg seg på med lynskarpe melodisnertar, roar ned, flatar ut, mens klaveret insisterer. Energi. Musikk. Uansett.

Fram til, og gjennom, ein heilt, heilt vanvittig klaversolo.

Før også klaveret blir lyrisk, vakkert, over knipsande strykarar, harpe og fløyte og meir stryk, klarinettsolo og horn som sender oss vidare til bratsjen,slagverket, piccoloen. Klaveret slår akkordar nå, meir og meir, til heile orkesteret er drivne til å kasta seg stort og og sveipande ut i dans.

Det roar seg. Ein lys klarinett og forsiktig obo får svar frå det ennå energiske pianoet.

Vi må fram

Ettertanken når gjennom. Hos pianoet, i ein ny intro. Ein uthalt melodi går i store sveip gjennom orkesteret. Før pianoet slår tungt, det er skjebneslag, ialle fall blir dei oppfatta som det av fagotten. Og kontrabass. Og cello. Pianoet spelar smerte, ikkje naken og romantisk, nei, smerte som hos ein som har bore den med seg lenge. Det endar i tåspissdans øvst i pianoet, horna tar melodien, klaveret driv. Ettertanken er tilbake.

Så blir vi reint marsjaktig drivne fram mot slutten, for vi må jo nå fram dit. Vi gjer det. Med vidopne sansar. Med nerveendar spelte på som tangentar.

Og eg tenkjer at det går ikkje an å skriva om dette som første- og andre- og tredjesatsar med former og tema og kantete melodiar. Det gjer ikkje det.

Til begynnelsen

Før alt dette, i Knut Vaages heilt nye stykke Orkesterdialogar, får vi kikka rett inn. Han held orkesteret opp som eit tredimensjonalt lerret for oss. Du kan sjå kva som føregår på ulike stader. Små samtalar dukkar opp, mellom ein mørk cello og ein klarinett, mellom fløyte og fiolin, mellom piccolo og bratsj. Det veks seg kanskje større, eller det døyr ut Han gir oss minner og rammer vi kan kjenna igjen frå tidlegare tider. Eit stille sus opnar stykket, kjem tilbake, går igjen. Det er så respektfullt gjort, mot orkesteret. Det er så fint brukt. Det sluttar stille. Det måtte det.

Rein energi og bankande puls

Orkesteret er også rein musikk og rein energi på ein bankande, felles puls denne kvelden. Dirigent - og rein drivkraft saman med Andsnes -er Eivind Gullberg Jenssen..

Og eg tenkjer, etter Andsnes, at eg klarer faktisk ikkje meir nå. Men eg gjer jo det, på eit vis. Sibelius første symfoni er ganske mild. Den går dit du ikkje heilt visste den skulle, men det kjennes heilt naturleg at det var dit det blei, likevel. Den er romantisk, stor, varm, men ikkje uendeleg, ikkje overveldande. Det er nydelege melodiar, det er fullt messingtrøkk, som var infanteriet på veg ut av dei finske skogar. Det er vemodige små tema. Som vender tilbake. Slik du trengte at dei gjorde det. Det stig dramatisk, men ikkje meir enn at heile symfonien pustar ut i to knips.

Og eg tenkjer at Leif Ove Andsnes er her fredag kveld også, med orkesteret. Og kva det nå var du tenkte du måtte gjera fredag kveld, så la det vera. Det kan venta. Gå på konsert. Gå for all del på konsert.

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Akropolis i Stavanger? Det høyres ut som ein by som vil vera større enn seg sjølv.

  2. – Viss skule­barn blir meir og meir stressa av skulen, kvifor er det då barna vi skal endra?

  3. – Frp har lenge bite seg sjølv i halen i bompengespørsmålet. Det gjer vondt

  4. Det viktigaste med Frp? At dei insisterer på at folk må få sjansen til å velja sjølv.

  5. «Biskopen bør seia nei til sjamanen»

  6. Når det er Earth Hour, ja, så er det Earth Hour. I SV tar dei mørket på alvor.

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Konsert
  3. Klassisk musikk
  4. Leif Ove Andsnes
  5. Stavanger Symfoniorkester