Her kjem det i alle fall ikkje an på storleiken

BOK: Sivert N. Nesbø med endå ein sterk og poetisk roman i det vesle formatet.

Sivert N. Nesbø er aktuell med romanen «Varme og vatn». Foto: Paal Audestad

  • Jan Askelund
    Jan Askelund
    Forfatter og litteraturkritiker
Publisert: Publisert:

Grade: 5 out of 6

Sivert N. Nesbø: Varme og vatn. Roman. 112 sider. Tiden.

Då Sivert N. Nesbø (1982) debuterte med «Skårgangar» i 2013, var det med ein fin og finsleg roman om ein ungkar som sit igjen med ein nedsleppt gard og ei sjuk mor å skjøtta. Det er for mykje for han, der han balar i ei vesaask vase av tradisjon og forventningar, som forfattaren maktar å formidla i eit både presist og konkret, tidvis også lyrisk språk. Den førre romanen hans, «Sjøen om vinteren», er også utan dei store faktane, men syner på stillferdig og omsorgsfullt vis den innebygde uvissa og uroa mellom familiemedlemmer, med synsvinkelen slik lagd at det er den vâre elleve-tolv-årige dottera sine gryande kjensler som ber stemninga.

Dette er stillferdige forteljingar som gjer at Nesbø blir sett saman med Vesaas og Jon Fosse frå den nynorske litteraturtradisjonen, Torborg Nedreaas og hennar oppvekstskildringar i den bokmålske, utan at det kjennest pretensiøst. Dei er begge stutte romanar, den første på 110, den andre på 134 sider. Heller ikkje årets «Varme og vatn» breier seg, 112 sider som denne høgkvalitetsromanen er, i dei stilleia og på dei emnerevira som Nesbø nå har gjort til sine.

Dette er kleinkunst, som det heiter; men det tyder verken «klein» - liten på tysk - eller klein og dårleg - på norsk, men gjer tvert om det finslege detaljarbeidet i utforming, ord, frasar og strukturar til sitt fornemste kjennemerket. Og får slik synt at det ikkje er storleiken som tel i kunstnarlege samanhengar.

Over fire kapittel, bare skilde med romartal, lar også «Varme og vatn» stilla få tala. Hovudpersonen heiter Lars, 14. Han har ei yngre søster, Thea, som han beskyttar – er ho ikkje heilt sterk, eller er ho bare forknytt og spørjande, som han sjølv, redd? Faren er tagal, mora kontant. Dei lever kravlause liv. Her skjer ikkje stort, kunne ein finna på å seia – bare at Lars gjennom nokre få kapittel får røyna seg mot mot si eiga livsens einsemd når han konfronterer andre ungdommar, «vener», og heite bølgjer av erotikk, som slår ut stadig meir eruptivt.

Men lite og ingenting skjer, som det heiter. Og likevel skjer alt, heilt utan faktar, i ein gut som aleine freistar orientera seg i eigen kropp og eige sinn, på søk etter forståing og aksept mellom jamaldringar og vaksne, i dei kjærlege hendene på ein forfattar som sjølv er trygg i sitt vestlandske språktilfang, også denne gongen med gåtefulle vriar mot slutten.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. «Homeland» på speed

  2. Denne debutanten håper jeg å se mer til!

  3. Fra biografiske ekko til dikterisk lek

  4. Suksessforfattaren prøver noko heilt nytt i sin nyaste roman

  5. Glimrande bok om tyske soldatar i Norge under krigen

  6. Vår anmelder liker fortellingene om disse misfornøyde, forsmådde og forbanna personene

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Roman
  5. Litteratur