Sårt om mor som skal til Mars

FILM: Sårt – men litt for saktegåande – om mor og dotter-forhold når mor skal dra til Mars.

Publisert: Publisert:

Mor Sarah er astronaut og skal på ekspedisjon til Mars. Dottera Stella må vera igjen på landjorda. Det er komplisert.

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
Grade: 4 out of 6

Proxima

Med: Eva Green, Zélie Boulant, Matt Dillon. Sjanger: Drama. Regi: Alice Winocour.
Nasjonalitet: Frankrike / Tyskland, 2019. Lengde: 1 time, 47 min. Aldersgrense: 6 år.

Mang ein forelder – og mangt eit barn – har nok kjent på saknet og melankolien når ein skal reisa bort på jobbreise. Men om ei veke eller to kan kjennast komplisert, korleis er det om du jobbar som astronaut og skal på ein ekspedisjon til Mars som fører til at du er borte i eit heilt år?

Dette er utgangspunktet for fransk-tyske «Proxima», der Sarah (Eva Green) førebur seg på tidenes første romekspedisjon til den raude planeten. På landjorda er ho til dagleg aleinemor for dottera Stella (og katten Laika), men har eit godt forhold til eksmannen, som også jobbar med astrofysikk i Köln.

Den ytre handlinga i «Proxima» tek for seg dei omfattande førebuingane astronautane går gjennom. Tidvis i litt for omfattande og kjedeleg detalj. Her er eit tydeleg kjønnsperspektiv, der Sarah går inn i eit svært mannsdominert miljø som ikkje nødvendigvis vurderer henne som sterk og kompetent nok til å aksla desse store oppgåvene. Noko som får Sarah til å pressa seg desto hardare. Ho skal visa at ho duger.

Dermed ligg det allereie ei tung fysisk og psykisk belastning i botn når ein legg til det viktigaste og vanskelegaste med det heile: Korleis skal Sarah og Stella handtera at mora skal reisa så langt bort så lenge? Det er, sjølvsagt, verken lett for mor eller barn. Eller far, for den saks skuld.

Dette er ein velspelt film, der både Green og unge Zélie Boulant imponerer som mor og dotter. Filmen er spelt inn på location der astronautar faktisk førebur seg til romferder, noko som er med på å gjera framstillinga særs truverdig. Men det blir tidvis litt for mykje dveling. Det går ikkje akkurat framover i rakettfart. Men du sit tilbake og er glad for at dine eigne jobbreiser ikkje strekker seg over eit heilt år og at du kanskje ikkje reiser lenger unna enn på same planet, i det minste.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Stavanger-politiker søker om fritak fra sine politiske verv: - Livet sier «stopp litt nå» til meg

  2. Lærere med hovedfag klarer ikke løse nye eksamensoppgaver for videregående-elever i matematikk

  3. Hytta er 15 minutter hjemmefra: – Veien er kort, men jeg har følelsen av å være langt til fjells

  4. Dette må du vite om busstreiken

  5. Trine Skei Grande i avskjedstale: – Nå er dere endelig kvitt meg

  6. Hundretusener har tatt koronavaksine i Kina utenom kliniske tester

  1. Filmanmeldelse
  2. Anmeldelse
  3. Film
  4. filmer