Sand frå Sahara i maskineriet

Leïla Slimani er aktuell med romanen «De andres land».

BOK: Stødig nordafrikansk slektsroman, men med litt for mange personar og litt for lite einskap.

  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Leïla Slimani: De andres land. Roman. 301 sider. Omsett av Agnete Øye. Cappelen Damm.

Fransk-marokkanske Leïla Slimani (f. 1981) debuterte skjønnlitterært med den ganske dårlege utruskapsskildringa «I udyrets hage» før ho slo gjennom internasjonalt med særs velskrivne, originale og Goncourt-prisvinnande «Vuggesang».

Slimani vender nå merksemda mot landet ho blei fødd i og flytta frå, med den historiske romanen «De andres land.» Ifølgje førehandsomtalene første band av ein trilogi, der innhaldet er inspirert av livet til foreldra og besteforeldra i Marokko, i tida då landet frigjorde seg frå den franske kolonimakta.

Handlinga startar då franske Mathilde, ei eventyrlysten ungjente frå Alsace, har gifta seg med marokkanske Amine, offiser i den franske hæren. Verdskrigen førte dei saman, og då freden bryt laus flyttar dei til ein avsides gard ved Atlasfjella, som Amine arva frå faren. I den karrige, nordafrikanske jorda prøver han å dyrka fram eit levebrød, medan kona tar seg av barna Aïcha og Selim og freistar venna seg til svigers og det marokkanske levesettet.

Nettopp kontrasten mellom det franske og europeiske på eine sida, og det marokkanske og arabiske på andre sida, utgjer omdreiingspunktet eller motoren for heile romanen. Her kunne ein leggja til: stormakt vs. koloni, kvit vs. farga, mann vs. kvinne, modernitet vs. tradisjonalisme og så vidare. Velkjent og forståeleg, og lett å leva seg inn i for den jamne lesar, men på same tid noko trauste og trygge problemstillingar i dag.

I sentrum står Mathilde, som ei slags moderne Madame Bovary – der ho keiar seg på landsbygda, synest lokalbefolkninga er «kvalmende simple,» stundom ser på morsrolla som «en uhyrlighet, grusom og umenneskelig,» diktar opp ein sminka røyndom i breva til søstera og drøymer om eit glamorøst liv med «pene kjoler, mottakelser, dansetilstelninger, fester under palmene.» Desse allusjonane til Flauberts klassikar kan sjåast som eit teikn på Slimanis høge litterære ambisjonar, men ho klarer ikkje heilt å innfri desse.

Unntak finst – det eine er eit audmjukande fødselsdagsselskap for dottera, det andre er då Mathilde reiser til barndomsheimen etter at faren er død, og set spørsmålsteikn ved heile tilværet sitt. Paradoksalt, eller typisk, er altså det sterkaste partiet i romanen frå Frankrike, medan skildringane frå Marokko er prega av ein distanse og noko ein kanskje kan tolka som overdriven respekt frå forfattaren si side? I alle fall er resultatet litt for mange tema og bipersonar og litt for lite einskap. Eit trygt gjennomført, men førebels noko keisamt, litterært prosjekt.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Et samfunn herjet av bisarre og kvinneundertrykkende «verdier»

  2. Sprudlende flott roman

  3. Et lite mesterverk

  4. Klimaangst og økosorg

  5. Bøkene hans er solgt til 19 land – og denne romanen er skjønn

  6. Varg Veum er krimlitteraturens norske helt – nå prøver han seg på et mysterium fra virkeligheten

  1. Bokanmeldelser
  2. Roman
  3. Bokanmeldelse
  4. Litteratur
  5. Anmeldelse