Fylla har skulda

FILM: Strålande Mads Mikkelsen i dansk, tragisk komedie om å prøva å vera litt full kvar dag.

Mads Mikkelsen spelar Martin, ein middelaldrande lærar som har mista piften. Så begynner han å drikka. Foto: Henrik Ohsten

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Et glass til

Originaltittel: Druk. Med: Mads Mikkelsen, Thomas Bo Larsen, Lars Ranthe, Magnus Millang, Maria Bonnevie, Helene Reingaard Neumann, Susse Wold m.fl. Sjanger: Komedie / Drama Regi: Thomas Vinterberg. Nasjonalitet: Danmark, 2020. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 1 time, 57 minutt.

Korleis ville livet vore om du levde i ein permanent silkebris? Om du kvar dag, gjennom heile dagen, hadde 0,5 i promille, tilsvarande eit par glass vin?

Det hadde vore herleg. Eller?

Utgangspunktet for Thomas Vinterbergs nye film «Et glass til» er ikkje så søkt som det kan høyrast ut. Faktisk har den norske psykiateren Finn Skårderud skrive om akkurat dette, rett nok berre i eit forord. Om at mennesket på eitt vis er fødd med ein halv i promille for lite i blodet. At om me hadde den halve i promille, ville me kanskje slappa meir av, senka skuldrene, fått betre sjølvtillit, blitt meir kreative, fungert betre, ikkje minst sosialt, hatt det betre, vore lukkelegare.

Ein av dei fire lærarane i «Et glass til» har lese Skårderuds forord. Læraren underviser i psykologi på vidaregåande skule, og saman med tre kollegaer bestemmer han seg for å gjennomføra eit slags «forskingsprosjekt» der dei testar ut Skårderuds hypotese i praksis.

Fire lærarkollegaer bestemmer seg for å testa ut korleis livet blir om dei konstant har 0,5 i promille. Foto: Henrik Ohsten

Danmarks fremste

Korleis kan fire oppegåande menn koma på denne tanken – og få det til å framstå som eit truverdig scenario i ein film? For å ta det siste først: Folka bak «Et glass til» er blant Danmarks fremste filmskaparar – og det seier ikkje så lite. Thomas Vinterberg slo gjennom med den grensesprengande dogmefilmen «Festen» (1998), og har sidan laga fleire sterke filmar. Han skreiv til dømes gode «Jakten» (2012) saman med Tobias Lindholm, og samarbeidet gjentek seg i denne nye filmen – som allereie har gjort stor suksess på viktige filmfestivalar og fått danskane til å gå mann av huse.

Og, som i «Jakten», er Mads Mikkelsen fantastisk i hovudrolla. Thomas Bo Larsen kjempegod i ei viktig birolle – saman med eit stjernelag av skodespelarar, fantastisk flott filma. Dermed trur me altså på karakterane, på fire middelaldrande lærarar som er blitt fanga av rutinar, kvardagar, barn, stivna ekteskap, skilsmisse, manglande barn, uinteresserte elevar, manglande motivasjon. Her er det mange menn – og kvinner – i 40–50-åra som vil kunna kjenna igjen trekk ved sitt eige liv.

Er eg kjedeleg?

«Har eg blitt kjedeleg?» spør Martin (Mikkelsen) kona (Maria Bonnevie) ein ettermiddag etter ein ekstra kjip dag på jobb. Han får ikkje noko tilfredsstillande svar. Ho må på nattevakt. Det er lenge sidan dei to slutta å snakka – og liggja – skikkeleg saman.

Høyrest dette ut som ein komedie? Nei. Utgangspunktet er vel strengt tatt ganske så deprimerande. Etter kvart blir det ikkje så veldig lystig heller. Likevel lo eg fleire stader, vel så mykje som eg har gjort av enkelte andre «komediar». Av kor latterlege me er. Av eit par herlege restaurantscener som er akkurat passe satiriske i presentasjonen av mat og drikke. Det hjelper nok å vera litt vaksen for å sjå humoren i dette. Og å ha sansen for dei litt mørkare nyansane av humor. Dette er ikkje blautkaker i fjeset og slå deg på låret av latter-humor.

Det er både glede og sorg i Thomas Vinterbergs nye film «Et glass til». Foto: Henrik Ohsten

Nyansert

Forskingseksperimentet går sjølvsagt ikkje heilt etter planen. Då ville det heller ikkje blitt mykje til film. Thomas Vinterberg er ein filmskapar som liker å gå inn i det vonde og kompliserte, forvanska og få fram nyansane. Han får både fram alkoholens gleder, positive sider – og definitivt også dei negative. «Ett glass til» viser fram kor kort det er mellom komedie og tragedie, mellom latter og gråt, glede og sorg, mellom festen og den brutale dagen deretter.

Og så, etter alle opp- og nedturane, sluttar Vinterberg – som mista yngstedottera Ida (19) mens filmen blei spelt inn – det heile med ein fantastisk, livsbejaande avslutningsscene som verkeleg seier «Skål til livet!», enten du er ungdom eller godt vaksen.

Publisert:
  1. Film
  2. Maria Bonnevie
  3. Finn Skårderud
  4. Anmeldelse
  5. Filmanmeldelse

Mest lest akkurat nå

  1. ESPN: Skadet Haaland ferdig for året

  2. Ellevill Viking-jubel i Bjarne Berntsens nest siste hjemmekamp

  3. «Du har opplevd nok i livet ditt. Nå skal alt blir bra», sa Mats til Elisabeth. Så døde han på utenkelig vis.

  4. Bygger du på huset, får du nå en telefon fra skatteetaten

  5. Hvor mange kan vi være i jule­selskapet? Regnes hjem­vendte studenter som del av hus­standen?

  6. Farevarsel i Sirdal – kan komme en halv meter snø på ett døgn