- Rogaland Teater bryt Offentleglova

Tre av Norges fremste ekspertar på Offentleglova meiner Rogaland Teater er omfatta av lova som skal sikra innsyn i offentlege dokument. Det meiner ikkje Rogaland Teater.

Rogaland Teater meiner Offentleglova ikkje gjeld dei, sjølv om teatret er 100 prosent eigd av det offentlege. Foto: Pål Christensen

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Offentleglova skal sikra innsyn i offentleg verksemd. Kven som helst kan krevja innsyn i saksdokument, journalar og register i organ som er omfatta av Offentleglova.

– Rogaland teater er utan tvil underlagt Offentleglova, i og med at det er heileigd av det offentlege, seier Jon Wessel-Aas, partnar i advokatfirmaet Bing Hodneland, og ein av Norges fremste ekspertar på medierett og ytringsfridom.

– Etter den nye Offentleglova, er alle private rettssubjekt eigd av det offentlege med meir enn 50 prosent underlagt lova, seier Nils E. Øy, konstituert generalsekretær i Norsk Presseforbund, og ein av landets fremste ekspertar på innsynsrett og offentlegheit.

– Svaret på om Rogaland teater er omfatta av Offentleglova er eit ubetinga ja, seier Tarjei Leer Salvesen, journalist i Fædrelandsvennen og mannen bak den offentlege innsynsportalen Innsyn.no.

Ikkje omfatta?

Sjølv meiner Rogaland teater at dei ikkje er omfatta av Offentleglova, som skal sikra innsyn i offentlege dokument ved offentlege institusjonar. Då Aftenbladet for ei tid tilbake ba om innsyn i dei opphavlege styrepapira frå sist styremøte - der den nye konsekvensutgreiinga for eit nytt teater blei behandla - fekk me ikkje papira me bad om. I staden sendte teatret nokre dagar seinare ut ei redigert utgåve og ei pressemelding.

Les også

Teaterdirektøren: - Ingen tvil om at Rogaland Teater er omfatta av Offentleglova.

I diskusjonen som oppstod, viste det seg at direktør Ellen Math Henrichsen og teatret meiner at dei ikkje er omfatta av Offentleglova. Dei reknar dermed ikkje styrepapira sine som offentlege - slik til dømes Stavanger konserthus gjer. Teatret meiner styrepapira er organinterne, og at dei derfor kan unntakast offentlegheit.

– Teatret utøver sitt beste skjønn, basert på tidlegare praksis, erfaringar og utgreiingar, seier styreleiar Inger Østenstad. Ho legg likevel til at ho vil be om ei oppdatert vurdering av teatrets praksis. Østenstad veit ikkje når siste vurdering av dette spørsmålet blei gjort.

Ganske ny lov

Dagens Offentleglov blei innført 1. januar 2009. Lova omfattar stat, fylkeskommunar og kommunar, men også sjølvstendige rettssubjekt der desse offentlege nivåa eig meir enn halvparten - og dermed kan peika ut fleirtalet av styremedlemmene.

Rogaland teater er eit aksjeselskap, men 100 prosent eigd av det offentlege. Staten eig 67 prosent, Stavanger kommune 26 prosent og Rogaland fylke 7 prosent. Det er altså det offentlege eigarskapet som ifølgje innsynsekspertane gjer at teatret utan tvil er omfatta av Offentleglova. Sjølv hevdar teatret at dei som privat rettssubjekt ikkje kjem inn under verken Forvaltningslova eller Kommunelova.

– Det er komplett uvesentleg om teatret hamnar inn under Forvaltningslova eller Kommunelova. Dette handlar om Offentleglova, kommenterer Øy i Presseforbundet.

Alt er offentleg

Er du omfatta av Offentleglova, er hovudregelen at absolutt alle dokument er offentlege, med mindre det kan heimlast i lov at dei må unntakast.

– All korrespondanse inn og ut frå teatret, alle dokument teatret sjølv opprettar som gjeld teatrets ansvarsområde og verksemd, blir rekna som «saksdokument» som offentlegheita som hovudregel har rett til innsyn i, seier Wessel-Aas. Dette gjeld også styrepapira.

– Unntak frå innsynsretten må grunngjevast konkret for det enkelte dokumentet, seier han. Det finst fleire grunnar til at eit dokument kan unntakast, til dømes om det dreier seg om ei personalsak.

Kva inntrykk gjer det på styreleiaren ved teatret at så tunge fagfolk meiner Rogaland Teater er omfatta av Offentleglova, mens teatret ikkje gjer det?

– Dette er viktige og interessante spørsmål, og det er viktig at me har ei god og korrekt forståing av lovverket. Derfor skal me altså sjå på dette, slik at me er sikre på den framtidige praksisen vår, svarer Østenstad.

Opne kulturinstitusjonar?

Det har i tidlegare tider vore fleire saker der det har vore diskusjon rundt offentleglova og offentleg eigde kulturinstitusjonar. Men etter at den nye lova kom i 2009, kjenner ikkje Øy til mange saker. Sjølv har Leer Salvesen hatt ein runde med kulturhuset Kilden i Kristiansand.

– Konklusjonen på Kilden blei til slutt at dei måtte innsjå at dei var underlagt Offentleglova på alle vis. Dei må føra journal, og du har innsyn i alt frå reiserekningar til lønnsforhold. Du skal ha like mykje innsyn i eit offentleg eigd teater som om det var Stavanger kommune, seier Leer-Salvesen.

Bryt Rogaland teater lova når dei ikkje praktiserer Offentleglova?

– Nektar dei å utlevera dokument som skal vera offentlege, er det klart lovstridig. Men me snakkar altså ikkje om straff som i straffelova her, men pålegg og i verste fall dagbøter, svarer Øy.

Les også

  1. Anbefaler nytt teaterbygg

  2. «Svekka ressursutnytting» på Rogaland Teater

Publisert:
  1. Rogaland Teater
  2. Kilden
  3. Stavanger kommune
  4. Teater

Mest lest akkurat nå

  1. Storaksjonærer slår ring rundt Berntsen: - Klønete og uverdig

  2. Fant minst 340 døde griser under «forferdelige» forhold

  3. Han er 20 år, singel og tror dette løftet kan være et godt sjekketriks

  4. Jensen og «Batty» overtar som likestilte hovedtrenere

  5. Skole­barn, barne­hage­barn, bok­klubbens barn og barn av regn­buen regnes som samme kahoot, gitt at disse er nær­kontakter

  6. EU kan stenge norske skibakker