Eg hatar ikkje Johan

FILM: Føling, sprenging og svart komikk frå trøndersk fiskevær.

Pål Sverre Hagen spelar einstøingen og dynamittentusiasten Johan i «Alle hater Johan».
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

ALLE HATER JOHAN

Kinopremiere: 25.03.2022. Sjanger: Svart komedie. Med: Pål Sverre Hagen, Ingrid Bolsø Berdal, Vee Vimolmal, John Brungot, Ine Jansen, Ingunn Øyen, Paul-Ottar Haga, Trond-Ove Skrødal, Hermann Sabado. Regi: Hallvar Witzø. Nasjonalitet: Norge, 2022. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 1 time, 32 minutt.

«Alle hater Johan» er på mange måtar ein forunderleg - og underfundig - film. Regissør Hallvar Witzø - som vann student-Oscar for kortfilmen «Tuba Atlantic» i 2011 - debuterer som langfilmregissør frå eit miljø han kjenner godt, nemleg den trønderske landsbygda.

Med seg på manussida har han ein annan trøndar, om enn frå byen, nemleg Erlend Loe. Har du sansen for Loes barske, underfundige og alt anna enn politisk korrekte humor, er sjansen stor for at du også vil flira av «Alle hater Johan». Sjølv når folk går i lufta med eit smell.

Filmen spenner over heile 80 år, og startar i 1941, når Johan berre er eitt år gammal. Foreldra hans er kommunistar og brusprengarar, og elskar å sprenga ting i lufta med dynamitt. Dei er, forsiktig sagt, dårlig likt i bygda.

Den same skjebnen skal ramma Johan gjennom oppveksten. Han trener seg opp til å bli kjempesterk i armane, men ikkje minst i hovudet, og elskar å sprenga. Han har eit godt auge til nabojenta Solvor. Men han blir aldri akseptert eller inkludert i lokalsamfunnet.

John Brungot er fantastisk som postmann Frode.

Eigentleg drøymer Johan om å føra slekta si vidare, sidan han er den siste i sin familie, den siste kvisten på Grandes slektstre. Men det er ikkje lett å finna seg ei kone og stifta familie når heile bygda hatar deg. Når du er ein sær einstøing som liker best å sprenga ting i lufta og ikkje meistrar normal, sosial omgang med folk.

Alt dette høyrest jo mest ut som ein tragedie, og tragedien rammar også Johan gong etter gong. I ein annan sjanger kunne dette blitt ein hjarteskjærande film om einsemd, utstøyting og utanforskap i eit lite bygdesamfunn med strenge, sosiale spelereglar.

Men nettopp her ligg det komiske potensialet og det forfriskande i filmen. I staden for å bada realistisk i det vonde og vanskelege, snur Witzø og Loe på flisa og lagar komikk av det heile.

Ikkje minst hentar dei fram det komiske ved dei sindige og fåmælte trønderane. Eller meir eksplisitt i fantastiske John Brungots meir openlyse komikk som sjølverklært krigshelt og postmann med stadig større trønderbart.

Her er mange fine rolleprestasjonar, frå framifrå skodespelarar som Stavangers eigen Pål Sverre Hagen (på trøndersk!), Ingrid Bolsø Berdal og Ingunn Øyen.

Witzø kjenner tonen og temperamentet frå landsbygda i Trøndelag, og har klart å fanga dette i ein film der karakter- og miljøskildringa er vel så god som sjølve historia. For historia er, stengt tatt, berre tull og tøys.

Fotograf Karl Erik Brøndbo har klart å fanga den barske, ville og vakre naturen ute i havgapet på nydeleg vis. Sånn sett er også «Alle hater Johan» ein vakker film å sjå, midt oppi all galskapen og dynamittkubbane som går i lufta.

«Alle hater Johan» er rett og slett eit eksempel på at du ikkje treng å reisa så langt for å finna gode historier og eit særeige univers. Det ligg ofte rett framfor deg, heime.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. En heller svak og forut­sigbar kjærlig­hets­historie i en veldig fransk ramme

  2. Morsom, men tynn ninja-oppfølger

  3. Kunne blitt ein thriller om eit av verdas mest kjente bygg. Men nei...

  4. Manuset er nesten komisk svakt. Og skode­spelet. Og regien

  5. Sex og snakk på fransk

  6. James Bond-skaparen hadde ideen. Nå er den utrulege, men sanne, historia frå krigen blitt film

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Filmanmeldelse
  4. Film
  5. Erlend Loe