Inn i autistens hjerne
FILM: Fascinerande innblikk i hovudet til dei som ikkje snakkar.
- Jan ZahlKulturjournalist
HVORFOR HOPPER JEG
Kinopremiere: 11.02.2022. Originaltittel: The Reason I Jump. Sjanger: Dokumentar. Regi: Jerry Rothwell. Nasjonalitet: USA / Storbritannia, 2020. Aldersgrense: For alle. Lengde: 1 time, 22 minutt.
Har du nokon gong lurt på kva som eigentleg går føre seg inni hovudet til ein autist som ikkje kan snakka? Det har, ikkje minst, far til britiske Joss:
– Eg skulle gitt kva som helst for å vera inni hovudet hans ei kort stund. For å forstå noko av kva han tenkjer og føler, seier faren Jeremy, om ikkje ordrett, så i alle fall i meiningsinnhald.
For du kan jo lura, ikkje sant? I møte med menneske som definitivt framstår som annleis. Ikkje minst fordi dei enten ikkje har språk i det heile tatt, eller, som Joss, repeterer ord og setningar det kan vera komplisert å forstå innhaldet i.
Utgangspunktet for dokumentaren «Derfor hopper jeg», der me møter fem unge autistar frå fire kontinent, er boka med same tittel frå 2007. Boka blei skriven av den 13 år gamle ikkje-verbale, autistiske Naoki Higashida. Korleis kan ein person som ikkje kan snakka, skriva ei bok? Vel, Naoki skreiv ved hjelp av eit peikebrett. Han peika på ein og ein bokstav, og stava på den måten ei bok.
Sitat frå boka går som ein raud tråd gjennom filmen, og fortel ei fascinerande historie om å oppleva verda på ein annan måte - og om frustrasjonen i å ikkje kunna uttrykka det verbalt.
For det viser seg altså at sjølv om Naoki og dei andre unge autistane me møter i filmen ikkje snakkar som oss andre, så betyr ikkje det at dei ikkje tenkjer og føler. Som amerikanske Ben, som nesten var gitt opp av språkpedagogane. Siste forsøk var eit peikebrett. Det er nesten skremmande - og definitivt rørande - å sjå Ben og hans autistiske venninne formulera setningar om å utvida samtalen rundt autisme gjennom å inkludera autistar som dei sjølv i samtalen. Tenk om ingen hadde kome på det med peikebrettet!
«Derfor hopper jeg» er ein ganske lågmælt og konvensjonell dokumentar reint filmatisk, samtidig som han gjer små forsøk på å visa korleis verda (kanskje) blir opplevd av dei me møter. Men det trengs strengt tatt ikkje store fakter eller effektar, for her talar historiene og møta med menneska for seg sjølv.
Film- og tv-anmeldelser
En heller svak og forutsigbar kjærlighetshistorie i en veldig fransk ramme
Morsom, men tynn ninja-oppfølger
Kunne blitt ein thriller om eit av verdas mest kjente bygg. Men nei...
Manuset er nesten komisk svakt. Og skodespelet. Og regien
Sex og snakk på fransk
James Bond-skaparen hadde ideen. Nå er den utrulege, men sanne, historia frå krigen blitt film
Mest lest akkurat nå
For folk vil koke over fra livet og ned, og fryse seg i hjel fra livet og opp! Genialt konsept!
Har bodd på Tananger i to måneder. Nå tar mormor med seg Zlata (9) og Demid (3) hjem til Ukraina
Jærbanen stengt etter hendelse
Falt på elsykkel og slo hodet
Se bildene fra russetoget her
Årets folketog i Stavanger