Fire store frå utkanten

BOK: Den som trur han sit i sentrum, blir lett blind. Jan Inge Sørbø løftar fram fire kvinnelege forfattarar som er blitt offer for svaksynet.

Forfattaren Hulda Garborg kom ofte i skuggen av andre saker ho fronta – og av sin mann, Arne.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Jan Inge Sørbø: Fire store. Hulda Garborg – Gro Holm – Aslaug Vaa – Marie Takvam. 247 sider. Samlaget.

«Dei fire store» er sannsynlegvis det mest vellukka reklametrikset i norsk kulturhistorie. Gyldendal brukte det om forfattarane Bjørnstjerne Bjørnson, Henrik Ibsen, Alexander Kielland og Jonas Lie, alle saman i forlaget sin stall. Tilfeldig? Neppe. 

Men det fyndige stempelet fekk stort gjennomslag, og har levd vidare trass i mykje litteraturfagleg kritikk. Snarare er det slik at andre har forsøkt å lansera alternative «fire store». Sist ute er litteraturprofessor Jan Inge Sørbø. Han vil løfta fram fire kvinnelege nynorskforfattarar som han meiner fortener høgare verdsetjing og ein annan lesemåte enn det som til nå har vore vanleg.

Dei fire er Hulda Garborg (1862-1934), Gro Holm (1878–1949), Aslaug Vaa (1889–1965) og Marie Takvam (1926-2008). 

Den som sjølv (trur han) er i sentrum, ser ikkje at hans eige sentrum også er ein av fleire stader i verda.

Hulda Garborg er mest kjend for bunader, folkedans og teater. Den litterære produksjonen hennar kom i skuggen både av det andre kulturarbeidet og av den ruvande posisjonen til mannen Arne. Gro Holm frå Hardanger skreiv romanar om spenninga mellom bondesamfunnet og industrialiseringa, men vart av dominerande kritikarar sett i bås som snever heimstaddiktar (Sørbø vil heller kalla det «rural realisme»). Det same gjeld i stor grad Aslaug Vaa. Men, skriv Sørbø, på sin konservative telemarksnynorsk «spurde ho ut moderniteten» i ei tid som måtte forhalda seg til atomvåpen og andre øydeleggjande utslag av moderne teknologi. Og Marie Takvam måtte leva med kritikarar som viste større interesse for kroppen enn for kunsten hennar.

Forfriskande nylesing

Forsøk på å trekkja fram underkjente historiske personar kan lett bli anstrengte, hefta seg i både stort og smått og enda i motsett grøft. Det er liksom ikkje måte på kor gode og viktige desse menneska var.

Sørbø går ikkje i den fella, stort sett. Rett nok er det søkt å nemna at Sigbjørn Obstfelder får 11 sider i A.H. Winsnes si litteraturhistorie for to bøker, medan Hulda Garborg får ei side for 30. Kvantitet er ikkje alt. Men dette er unntaket. Litteraturvitaren går grundig, skarpsynt og poengtert gjennom livsverket til dei fire forfattarane, og legg ikkje skjul på at det finst både godt og dårleg der. Men gjennomgangen hans viser framfor alt at nylesing på lang tidsavstand opnar for nye og forfriskande perspektiv. Eg fekk i alle fall lyst til å bli nærmare kjend med fleire av bøkene.

I tilbakeblikk ser me òg kor sterkt kvinnesynet har endra seg dei siste 50–100 åra. Ein beundra forfattar og kritikar som André Bjerke kunne finna på å innleia meldinga av Marie Takvams debutsamling i 1952 på denne måten: «Hun har myke, runde og litt butte trekk. (…) Dette kan umulig være noen Bergthora som har begynt å skrive dikt fordi hun har vært benkepryd på dansemoro. Forfatterinnen er pen – allerede det lover godt.»

Og Dagbladets «gullpenn» Arne Hestenes står att som ein primitiv mobbar (» Nei til Marie Takvams rumpe») då han i 1977 sabla ned filmen «Åpenbaringen» der Takvam utleverer sin aldrande kropp.

Samstundes viser Sørbø at dei kvinnesaksbevisste forfattarane var opptekne av spørsmål som skapte strid i samtida, men som framleis er aktuelle, sjølv om språket og eksempla kan verka fjerne. I kor stor grad bør kampen for likestilling viska ut forskjellane mellom kvinne og mann? Gjer posisjonen som offer for systematisk urett eit menneske meir moralsk?

Det blinde sentrum

Som kvinner, nynorskingar og med bakgrunn frå den geografiske periferien har dei fire blitt råka for «sentrumsblindskap», meiner Jan Inge Sørbø: «Den som sjølv (trur han) er i sentrum, ser ikkje at hans eige sentrum også er ein av fleire stader i verda, eller at hans kjønn er eitt av to mogelege – men trur i staden at han representerer den allmenne fornufta, den store litteraturen og eit sentralperspektiv som det er full semje om.»

Det er ei haldning som utkantfolk av alle slag og til alle tider kjenner igjen, og som stadig treng å utfordrast. Jan Inge Sørbø har gitt oss opptil fleire gode tips. Og han overtyder oss om at hans fire store er, om ikkje størst, så i alle fall vel verd å lesa også i 2022.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Prisverdig publikasjon i en klikkorientert verden

  2. Chilensk litterat om det å lese, skrive, oversette, minnes og leve

  3. – Jeg leser med stadig stigende forferdelse

  4. Romanen «Lincoln Highway» kjennes omtrent like lang som veien som har gitt den navn

  5. Hva er en god far? Og hvordan tøyler man sitt kokende temperament?

  6. Angst, utanforskap og giftige vener

  1. Bokanmeldelser
  2. Hulda Garborg
  3. Litteratur