Gateblikk på eit stivna land

Bak rattet i ein gammal Buick fortel Ståle Wig kvifor det har gått gale på Cuba.

Forfatter Ståle Wig tok seg jobb som taxisjåfør for å forsøke å forstå Cuba.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:

Ståle Wig: Havanna Taxi - Liv og løgn på det nye Cuba. 352 sider. Kagge Forlag.

Grade: 5 out of 6

I 2015 kom sosialantropologen Ståle Wig til Havanna med ein doktorgrad i tankane og eit bokstipend på 12.800 dollar i lommen.

I den cubanske hovudstaden var det gryande håp om at ei ny tid var i emning. Året før hadde presidentane Barack Obama og Raúl Castro kunngjort at dei hadde som mål å normalisera forholdet mellom USA og Cuba, som hadde vore frose sidan den cubanske revolusjonen i 1959. Dessutan hadde Raúl varsla reformer for å skapa ny vekst i den stagnerte økonomien i landet.

Det var desse reformene Wig hadde lyst å studera. Og som god sosialantropolog satsa han på deltakande observasjon. Han ville køyra taxi, og investerte stipendet i ein av dei gamle amerikanarane som Havanna er så kjend for, ein Buick Roadmaster 1953-modell. Kjøpet var i seg sjølv eit bilde på kor pervers den cubanske økonomien var blitt. Prisen for det som etter våre mål var eit vrak med stadig behov for reparasjonar, tilsvara 500 cubanske månadslønner.

Regimet er skurken

Taxiprosjektet førte Wig i nærkontakt med tre cubanarar som på kvar sin måte ville testa ut dei nye signala. Norjes var ein opposisjonelt anlagt, homofil bloggar som saman med kjærasten Taylor kjempa for å større ytringsfridom på Cuba. Linet hadde fleire mislukka forhold og ein depresjon bak seg. Nå ville ho skapa seg eit nytt liv som gründer ved å leiga ut rom til turistar. Og til slutt Catalina, statleg hotellinspektør og partimedlem, men med kjennskap til alle irrgangar og krokvegar i systemet. Ho vart Wigs kompanjong og tok seg av alt papirarbeidet som følgde med drosjeføretaket.

Det skulle snart visa seg at optimismen var eit luftslott. I 2017 vart Obama erstatta av ein ny amerikansk president som rulla tilbake alle tilløp til opning mot Cuba. Men det er ikkje Donald Trump som er skurken i Ståle Wig si bok. Det er det cubanske regimet - eit forsteina, korrupt, byråkratisk partidiktatur utan evne til å reformera seg sjølv eller løysa heilt sentrale samfunnsoppgåver som å skaffa folket tilgang på straum, drivstoff, vatn og jamvel mat. I staden for oppmjuking kom det meir kontroll.

Derfor gav vennene til Ståle Wig opp. I dag bur to av dei i utlandet. Og regimet strammar stadig meir til. Då unge cubanarar gjekk ut i gatene i protest i fjor sommar, vart dei møtt med brutal makt og strenge straffer.

Ofrar sine beste

Ståle Wig har ingen ambisjonar om å skildra cubansk politikk og økonomi på makronivå. Teoretiske drøftingar av kvifor det har gått slik, er ikkje hans greie. Perspektivet hans er konkret og nedanfrå, bokstavleg talt frå gatenivå.

Og Wig skriv spennande, nærmast skjønnlitterært. Me kjenner kaldsveitten på kroppen når han skildrar synet av ein politikontroll lenger framme i vegen, vel vitande om at dei når som helst kan setja ein stoppar for sjåføraktiviteten hans. Han fortel livshistoria til vennene sine opent og nært, kanskje i overkant nærgåande av og til. Men slik blir dei ein levande, menneskeleg kontrast til eit ansiktslaust system. Og me forstår dei blanda kjenslene dei oppviser når Fidel Castro døyr – den karismatiske revolusjonshelten og landsfaderen som svikta når eit nytt og betre samfunn skulle byggjast.

Ståle Wig gjer det ikkje lett å tru på positive endringar på Cuba. Bildet han teiknar minner sterkt om Sovjetunionen i åra før samanbrotet. Og som den sovjetiske erfaringa viser, er det ikkje berre å erstatta eitt politisk og økonomisk system med eit anna, når moral og tillit mellom folk har forvitra. Kvar blir seg sjølv nærmast. Slik legg den sentraldirigerte, byråkratiske sosialismen paradoksalt nok det psykologiske grunnlaget for røvarkapitalismen.

Samstundes viser Wig at det også på Cuba finst restar av idealisme, solidaritet og samfunnsånd. Men den som dyrkar slike verdiar, blir fort ein outsider. Cuba er blitt eit land som kastar vrak på sine beste folk. Slik er tragedien til det som ein gong var revolusjonsromantikkens fyrtårn.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. God og gripende lesning

  2. Ambisiøst? Ja. Vellukka? Nei.

  3. Et rått innblikk i virkeligheten som barselopprørerne kjemper for å synliggjøre over det ganske land i disse dager

  4. Hvorfor døde kona di, Thor?

  5. Spennende og varm og nydelig og ekkel

  6. Godt om vennskap, farskap og mannsrollen

  1. Bokanmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Bokanmeldelse
  4. Sakprosa
  5. Cuba