Misjonshistorie i striper

Breva mellom faren på Madagaskar og sonen i Stavanger fortel ei anna og sår historie om misjonsbyen Stavanger, meiner Lene Ask, som i dag gir ut teikneserieromanen "Kjære Rikard".

Kor mykje kan ein sakna ein far? Foto: Lene Ask

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

Rikard skriv brev til faren på Madagaskar. Det er ikkje lett. Foto: Lene Ask

iconDenne artikkelen er over seks år gammel

— Stavanger var misjonsby lenge før han blei oljehovudstad. Eg ville gjera noko på misjonsbyen, men frå barnas perspektiv, seier Ask.

Les også

Gjev pris til Lene Ask

Teikneserieromanen "Kjære Rikard" handlar om David Jakobsen, som på sluten av 1800-talet drar til misjonsmarka på Madagaskar. I første periode er kone og barn med – og tre barn døyr i det barske og uvane klimaet. Når han reiser ut igjen, blir dei tre gjenlevande barna igjen heime. Mora er død. Dei neste åra er einaste kontakt mellom far og barn per brev. Og breva finst i misjonsarkivet i Stavanger.— Boka er bygd på brev eg har lese i misjonsarkivet, mellom faren David og sonen Rikard. Eg har lese heile korrespondansen, men har plukka ut dei breva som fortel historia eg ville fortelja best, seier Ask.

Sår historie

Og det er i sanning ei sår historie. Ein skal ikkje vera veldig god i å lesa mellom linjene for å sjå saknet, sorga, tapet, lengta og det dårlege samvitet.

— Denne brevvekslinga er – dessverre – veldig representativ for mange misjonærbarn- og foreldre. Det var vanleg at dei som reiste ut, sende ungane til Solbakken, som fungerte som heim for misjonærbarn frå 1889-1952. Der skulle dei beskyttast frå det harde livet på misjonsmarka og få ein god skulegang, seier Ask.

Men det er tydeleg på breva frå Rikard at han ikkje har det så veldig godt på Solbakken.

Korleis?

Ask ville gjerne skjøna kvifor misjonærane gjorde som dei gjorde. Korleis dei kunne dra frå ungane sine – og ikkje vita om dei ville sjå dei igjen.

— Foreldra syntes også det var forferdeleg. Men det var ein del av offeret, for kallet. Ungane hadde ikkje kallet, men blei offeret for det.

— Dette høyrest jo heilt forferdeleg ut: tre døde ungar, ei død mor, årevis på heim mens far – og den nye kona – er på Madagaskar?

— Ja, det er jo heilt forferdeleg. Og alt for ei god sak. Som nesten gjer det endå verre. For ungane var det nok ei blanding av å lengta og vera stolte. Men dei hadde ingen stad å gjera av lengten. Dei måtte bare tenkja at Gud hadde ein større plan for dei enn at foreldra skulle vera der for dei.

— Kva er fiksjon og kva er sant i denne historia?

— Det er ein dokumentar. Samtidig er ikkje mi tolking objektivt sann. Men det får ei spesiell nerve når du veit at dette faktisk har skjedd, seier Ask, som har kopiert brevskrivarane si handskrift i teksten som står til teikningane.

— Eg meiner det ligg mykje der også. I handskrifta til sonen, frå han knapt kan skriva, eller når han er sint, til når han blir veldig flink og skriv vakre brev.

Mellom linjene

For hovudhistoria er altså ei slags kjærleikshistorie mellom far og son. Om korleis dei prøver å halda kontakten seg imellom, sjølv om dei er på kvar sin kant av ekvator.

— Men du må lesa litt mellom linjene for å sjå kva sonen eigentleg meiner. Breva blei sensurerte i den forstand at om dei var for negative, måtte ungane skriva på nytt – slik at foreldra ikkje blei for bekymra. Dei hadde allereie nok å bekymra seg for. Men eg bruker teikningane til å visa noko av det eg oppfattar at Rikard tenkjer, seier Ask.

Det eksisterer fotografi av Rikard og faren, og coveret har ho teikna av etter eit bilete.

— Og så har eg prøvd å bli litt kjent med korleis Rikard såg ut, med dei flotte øyro som står rett ut. Pluss at eg har vore på Solbakken, som står ennå.

— Du har med mange hender og føter?

— Eg hadde lyst til å få det nært, på eit vis. Eg tykkje hender uttrykkjer veldig mykje. Om du er nervøs, om du er redd, om du har det bra.

Til Amerika

— Korleis gjekk det med Rikard?

— Han reiste til Amerika. Faren skriv om kor sårt det er å sjå sonen dra av stad – bare eitt år etter at faren kom heim frå misjonsmarka. Så det er klart: Dei to hadde ikkje noko nært forhold då faren kom heim, sjølv om breva var nære. Men det gjekk bra med Richard. Han fekk familie sjølv og blei ikkje eit offer.

— Han blei ikkje misjonær heller?

— Nei. Men mange av misjonsungane blei det. Det syns eg er veldig rart. Men mange hadde vel ei utferdstrong i seg.

Lene Ask er aktuell med ny teikneserieroman. Foto: Jon Ingemundsen

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Sandnesbrødre vil bygge ishall og 50-metersbasseng på Lura

  2. Skole­barn, barne­hage­barn, bok­klubbens barn og barn av regn­buen regnes som samme kahoot, gitt at disse er nær­kontakter

  3. – Pent er det jo ikke. Men det er nødvendig.

  4. Vil teste ut 6-timersdag i Stavanger

  5. Helikoptertrafikken stanses – mannskap på plattformer kommer seg ikke i land

  6. Diego Maradona (60) er død