Mannen som skapte Yngve

"Mannen som elsket Yngve" blei vendepunktet i Tore Renbergs forfattarskap – og eit kulturelt referansepunkt i norsk litteratur. I vår er det ti år sidan den første romanen om Jarle Klepp kom ut.

Publisert: Publisert:

Kven er størst? Alexander L. Kielland ruvar på sokkel på torget i Stavanger, mens lys levande Tore Renberg poserer på ein flat stein utanfor Kongsgård. Denne våren er det ti år sidan første bok om Jarle Klepp kom ut. Foto: Fredrik Refvem

Mars 2003: Det har summa i den litterære andedammen i Oslo: Tore Renberg. Han forfattaren på TV. Han frå Stavanger. Han som bare elskar litteratur. Han som vann Tarjei Vesaas debutantpris. Han som skriv flinke, litteraturteoretisk interessante bøker ingen les. Sovende floke , liksom. Han, ja.

Han skal vera på gang med noko heilt anna. På presentasjonen av vårens hovudbøker seier Tuva Ørbeck Sørheim i Bokklubben Nye Bøker at dette kjem til å bli Renbergs store gjennombrot. Cathrine Sandnes, kona til Aslak Sira Myhre, kulturredaktør i Dagsavisen, min sjef på den tida, seier det same. At dette blir noko heilt anna.

Eg får dra på reportasjetur til Stavanger for å møta forfattaren i heimbyen. Renberg og eg møtest i Akvariet på Folken, der Mathias Rust Band blir planlagt i boka. Me tar bilder på Kongsgård, der 17-årige Jarle Klepp går, saman med sin radikale kompis Helge Ombo. Og der den underleg vakre guten Yngve Lima begynner ein dag. Streitingen Yngve, som heterofile, kjærast-Jarle skal bli .... forelska i!

Hundretusenvis

Ti år seinare har forlaget Oktober trykka opp 138.000 eksemplar av romanen, i fem ulike utgåver. Boka er omsett til sju språk. Og filmen! Filmen er sett av 180.000 kinogjengarar i Norge, vann fire Amanda-prisar, har delteke på over 50 filmfestivalar og vunne ein haug prisar.

Noko blei som eg tenkte, noko blei som eg håpte – og noko hadde eg ikkje sett for meg i det heile tatt

— Noko blei som eg tenkte, noko blei som eg håpte – og noko hadde eg ikkje sett for meg i det heile tatt, seier Tore Renberg ti år etter.

Både Renberg og forlaget meinte han hadde lukkast i å skriva ei stor og lettlest bok som ville kunna kommunisera med eit breitt publikum. Men samtidig skulle boka halda ein litterær standard Renberg kunne stå inne for.

— Eg ville sprenga mine eigne rammer som forfattar, seier Renberg.

Han håpte på eit visst sal til utlandet – og kanskje selja så mykje som 20-30.000 bøker i Norge. Salet utanlands har ikkje teke av, men har gått heilt greitt. I Norge har det sprengt alle forventningar. Ti år etter sel framleis Mannen som elsket Yngve 4000 bøker i året.

Referansepunkt

Men det mest spesielle, og det verken forfattar eller forlag hadde sett for seg i 2003, var at Yngve skulle bli eit slags kulturelt referansepunkt.

— Eg merkar at ein kan referera til Yngve -boka – og så skjønar folk kva ein meiner. Det kan handla om korleis me skjønar oss sjølv, korleis me oppfattar ei viss tid, enten i livet vårt eller i historia. Den effekten ante eg ingenting om på førehand.

- Skjønar du i ettertid kvifor det er blitt slik?

— Det er vanskeleg å seia. Noko handlar nok om den ekstreme og sporbare realismen, som får det til å virka som om dette faktisk har skjedd. Men det er jo ein roman, seier Renberg. Han gjekk så grundig til verks i arbeidet med å gjera boka realistisk at veret på dei enkelte dagane i boka stemmer med kva slag ver det faktisk var på desse dagane.

— Og så er det fortalt med ei energisk omfamning, seier Renberg.

- Kva betyr det?

Eg er Kvelertak, ikkje Madrugada.

— At denne forfattaren ikkje gjekk til verket med den kritiske og intellektuelle tilnærminga ein Kjartan Fløgstad eller Arild Rein ville hatt. Denne songen blir sungen av ein entusiastisk frontfigur, og refrenget går sånn: "Sattan, her er me! For ein gjeng! For ei tid!" Eg er rett nok kritisk til jappetid og alt som er galt i verda, men for meg som forfattar er det essensielt at eg lir av ein trassig optimisme.

- Stor litteratur plar vera mørk. Det er uvanleg med ein positiv tone hos seriøse forfattarar?

— Ja. Men dette er esset mitt. Det ligg grunnleggjande i karakteren min. Eg er Kvelertak, ikkje Madrugada.

X-faktor

Så kjem faktorane forfattaren sjølv ikkje rår over.

— Eg hadde nok flaks med timinga. Kanskje trengde me ei forteljing om vår nære fortid – etter Beatles og Hvite niggere ? Det var ein ledig plass der – og i alle fall med ei historie frå Stavanger, som det har vore få av sidan Kielland, seier Renberg.

Strengt tatt er det Kompani Orheim som er den breie oppvekstromanen frå 1980-talet, mens Yngve bare handlar om tre veker hausten 1990. Likevel er tidsbildet blitt viktig. Yngve skildrar Norge rett etter Berlinmurens fall, og i alle fall å vera ungdom akkurat då.

Renberg trur det også finst eit anna og meir politisk svar på kvifor romanen om Yngve har blitt eit slags referansepunkt, og det handlar om kjønnsproblematikken.

Kjønnsidentitet

— Boka handterer seksuell legning på ein ny og alternativ måte. For somme homofile var det radikalt og kontroversielt at biletet ikkje er svart-kvitt, og ein ikkje vera enten homo eller hetero. Men for mange andre viste dette seg å vera befriande, seier Renberg, som opplevde å bli omfamna av delar av den politiske venstresida for denne tilnærminga til kjønn og identitet.

Seksualpolitisk var og er dette ei viktig bok.

— Seksualpolitisk var og er dette ei viktig bok. Det er ingen ende på tilbakemeldingane eg får frå folk som er så glade for at dette handlar om kjærleik , ikkje homofili, seier Renberg, som aldri skal gløyma den unge ungararen han møtte i fjor.

— Han hadde ei t-skjorte det stod "Stavanger" på. Han skalv, var blank i blikket, torte nesten ikkje snakka til meg. "Du redda livet mitt," sa han.

Ungararen var nok homofil. I heimlandet var dette radikale og farlege saker.

— Draumen hans var å flytta til Stavanger.

Snurr film

I 2008 kom filmen, regissert av Stian Kristiansen.

— Pål Jackman blei spurt, men takka nei. Arild Østin Ommundsen blei spurt, men foreslo i staden Stian. Det var eit lukketreff, seier Renberg, som laga manus saman med Kristiansen, som han kjende heilt tilbake frå tida i Barne- og ungdomsteatret.

Filmen blei ein ropert for boka.

— Filmen blei ein ropert for boka. Det er noko personleg og privat med litteratur. Men når boka blir film, oppstår eit sosialt rom som gjer at folk snakkar om dette på ein annan måte, seier Renberg, som opplevde at filmen forsterka eit anna trekk han ikkje hadde sett for seg på førehand:

— Eg hadde ikkje trudd at boka skulle bli så populær blant unge. Eg tenkte det skulle bli sånne som oss, Jan, som var pluss minus 17 år i 1990, som ville kjenna seg igjen. Men det var altså ei kolossal feilslutning av meg.

Evige 17-åringar

For Yngve har altså vist seg å treffa 17-åringar som ikkje var ungdom i 1990. — Det kjem nye, unge lesarar til heile tida. Dei elskar boka, kjenner seg igjen i å vera 17 år, når alt er sterkt.

Yngve har noko så sjeldan i litterær samanheng som fans. Ei i Trondheim har kalla bilen sin opp etter Helge Ombo. Ei i Bergen har tatovert eit sitat frå boka – i Renbergs eiga handskrift – på skuldra: "Små forelskelser over alt, det er derfor vi gjør det vi gjør."

— Ho har boka med seg i senga, seier Renberg.

- Kan det blir for mykje?

— Nei. Ikkje for meg. Eg må ta nokre val, ha hemmeleg telefonnummer, av og til takka nei til å snakka med folk på byen og sånt, men eg vel å sjå enormt positivt på dette.

- Kva reaksjonar får du frå lesarar i utlandet?

Når det gjeld mannsrolle og seksualpolitikk, skil tilbakemeldingane frå Aust Europa seg ut.

— Dei liknar på dei norske. Alternative ungdommar som vil ha noko anna finst overalt. Men når det gjeld mannsrolle og seksualpolitikk, skil tilbakemeldingane frå Aust Europa seg ut, der ein har kome kortare og der dette stoffet er farlegare, seier Renberg.

- Kva bok var di Yngve då du var 17 år?

— Eg las så kolossalt mykje. Det går ikkje an å vera av vår generasjon utan å nemna Beatles av Saabye Christensen. Men samtidig las eg Fuglane av Vesaas og Gift av Kielland, liksom.

Lokalt globalt

Mannen som elsket Yngve er omsett til brasiliansk portugisisk, tsjekkisk, dansk, fransk, ungarsk, polsk og svensk.

— Fungerer ei lokal historie frå Stavanger ute i den store verda?

— Miljøet eg skildrar finst i heile den vestlege verda. At boka blir gitt ut og lesen i desse landa stadfestar bare at det lokale er globalt, og at det spesifikt nære kan få gjenklang overalt.

- Kva konsekvensar hadde det for boka at du flytta tilbake til Stavanger?

Å omfamna tanken på å skriva herifrå, blei som å begynna å synga på sitt eige språk.

— Enorme. Dette er ein roman skapt av Stavanger, av å vera frå Rogaland. Boka skriv seg inn i ein lang tradisjon av bøker skrivne fordi folk har levd ein bestemt stad. Eg hadde unngått å skriva om denne staden fram til då, men då eg flytta tilbake i 2001, tenkte eg: «Stavanger er like viktig som Paris eller Oslo.» Å sjå dette, å omfamna tanken på å skriva herifrå, blei som å begynna å synga på sitt eige språk.

- Og for deg betydde Yngve at du blei ein stor, norsk forfattar som kan leva godt av skrivinga di?

— Ja. Det eg ofra, var billetten eg nesten hadde i lomma til Nordisk Råds litteraturpris. Då eg skreiv dette, skrinla dei meg. Men Yngve gav meg basen eg har kunna jobba frå sidan då. Mannen som elsket Yngve er ikkje den beste boka eg har skrive, men vil for alltid vera det store vendepunktet for meg.

Epilog

Mars 2003: Intervjuet på Akvariet går mot slutten. Eg er i ferd med å pakka saman penn og blokk. Men det er noko Renberg bare få sagt:

— Du må få med deg en siste ting. Jeg har en ambisjon med denne boka som jeg bare må få sagt: Dette skal være kjekt . Da jeg satte meg ned for å skrive Yngve , tenkte jeg at denne boka skulle bli kjekk og underholdende å lese . Det har jeg aldri tenkt på før.

  1. Originalcoveret.

  2. Dansk cover.

  1. Polsk cover.

  2. Pocketcover.

  1. Pocketcover.

  2. Bokklubbcover.

Pocketcover

Publisert: