Sakprosa: Ein 1990-ar slår alarm

Avtroppande SV-politikar Bård Vegar Solhjell røskar opp i gamle tankar på vegen frå framstegstru til framtidsuro.

Publisert: Publisert:

SVs landsmøte i 2013, partileiinga med Inga Marte Thorkildsen, Audun Lysbakken og Bård Vegar Solhjell. Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

  • Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
Grade: 5 out of 6

Bård Vegar Solhjell:

«Uro. Ei historie om Norges framtid.» 239 sider. Kagge Forlag

Bård Vegar Solhjell (45) er eit barn av 1990-talet. Han er del av ein generasjon som vart prega av Murens fall og det nye, grenselause Europa. Optimismen rådde grunnen. Demokratiet og det frie, opne samfunnet var på frammarsj overalt. For SV-politikaren Solhjell fall det naturleg å finna ståstad i ein sosialisme med sterkt innslag av liberale haldningar.

Nå er Solhjell på veg ut av politikken. I boka «Uro» gjer han opp status. Nostalgisk blar han gjennom gamle talar, nesten pompøse i si tru på likestilling, mangfald og styrkte rettar for minoritetar som delar av det store Framsteget: «I desse passasjane har eg kjent meg sjeldant trygg på at eg har rett. På vinnarlaget som del av eit historisk skifte. Nesten litt moralsk overlegen.»

Nei til multikulturalisme

Men nå er det andre tider. Solhjell er redd for framtida til det liberale samfunnet – ja, for demokratiet i det heile. Økonomisk ulikskap og konfliktar knytte til det fleirkulturelle samfunnet er i ferd med å polarisera oss og undergrava tilliten menneske imellom. «Dei liberale verdiane krasjar totalt med dei tradisjonelle verdiane som mange held høgt,» vedgår Solhjell.

Innimellom samtidsdiagnosen fortel han historia om farfar sin, Kaare Solhjell, radikal antifascist på 1930-talet som enda i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. Det er eit forfattargrep som kan diskuterast, men eg synest det fungerer godt og medverkar til å understreka alvoret: Fridom og folkestyre er ikkje noko me har fått ein gong for alle.

Politikarar som skal slutta, blir gjerne frittalande og nytenkjande. Dei har jo ikkje lenger taktiske partiomsyn å ta. Nå kan ein knapt seia at Bård Vegar Solhjell bryt opp frå gamle standpunkt på brei front, men på nokre område markerer han klar avstand til den radikale og liberale arven frå 1990-talet. Det vil provosera, ikkje minst i hans eige parti.

Solhjell er for eksempel svært kritisk til multikulturalismen, tanken om at alle kulturar er likeverdige og bør kunna leva vidare side om side. Solhjell meiner at særleg folk på venstresida bør avvisa slike idear. «Alt er ikkje likeverdig. Nokre kulturar, idear og verdiar er humane og rettvise og kan fungere universelt. Andre er det ikkje,» slår han fast. Og i vårt samfunn i dag blir ytterpunkta markerte av konservativ islam og den sekulære humanismen. Solhjell har inga tru på at desse verdisetta kan leva side om side eller smelta saman: «Det eine må overvinne det andre, gjennom dialog og debatt.»

Det er ikkje lenge sidan slike standpunkt ville blitt spontant fordømde som vestleg kultursjåvinisme og islamofobi, men debattklimaet er nok eit anna i dag.

Bård Vegar Solhjell, forfattar og avtroppande SV-politikar. Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Ja til verdikanon

Solhjell vågar seg jamvel frampå med støtte til framlegget om ein norsk «verdikanon» etter dansk mønster. For eit samfunn treng eit verdifellesskap, om enn mytisk, å forstå seg sjølv ut frå. Solhjell kallar det «moderne nasjonalisme», og då er avstanden til 1990-talet, individualismen, globalismen og den postmoderne dekonstruksjonen til å ta og føla på.

På det økonomiske området vil han ha forsøk med borgarløn, og han etterlyser større vilje til å kjempa mot aukande forskjellar. Men han innser at tunge krefter verkar i motsett lei: globalisering, digitalisering og robotisering truar arbeidsplassar og samlar enorme inntekter på få hender. Ånda er ute av flaska, og det er ikkje lett å få ho inn att, sjølv om ein rasjonelt kan argumentera for at kapitalismen også i det lange løp taper på ei skeivare inntektsfordeling.

Naivt om byråkrati

Solhjell har i det heile stor tru på fornuft, folkeopplysning og kunnskap – velmeint og sympatisk, men av og til på grensa til det naive. Forsvaret hans av byråkratiet er i overkant harmoniserande: «Når vi har mange byråkratar, uavhengig av regjering, er det fordi vi har vedteke så mykje som skal settast ut i livet. Det du oppnår med å klage på byråkratar, er å klage på demokratiet.» Her overser Solhjell både at byråkratiet kan ha sin eigen dagsorden, og ikkje minst at mange menneske kan oppleva «systemet» som både arrogant og ugjennomtrengeleg. Mykje av motsetningane mellom «folk» og «elite» har sitt opphav her, og skuldast neppe berre at folket skjønar for lite.

Bård Vegar Solhjell skriv klokt, klart, ryddig og ærleg. Han er eit søkande intellekt av den typen det burde ha vore fleire av i politikken. Men han er ung nok til å koma tilbake ein gong.

Publisert:

Les også

  1. Sakprosa: Norges dyreste flyktninger

  2. Sakprosa: Skattesviket mot Europa

  3. SAKPROSA: Kor solid er det norske byggverket?

Mest lest akkurat nå

  1. Søppelsyndere avsløres av kamera: 3514 har fått tilsnakk

  2. «Alle» vil gå på denne linja på videregående: – Appellerer til ungdom

  3. Familien savner svar etter at sønnen ble funnet død

  4. Måling viser hvem som støtter Trump i Europa

  5. – Her vil vi ikke være verneverdige

  6. Han vil ha store deler av Sirdal ut av Sirdal – og inviterer til folkeavstemning

  1. Bård Vegar Solhjell
  2. Politikk