Ærleg og opprørande om Mímirs sjuke mor

BOK: Mímir Kristjánsson viser at han er meir enn ein politisk agitator.

Publisert: Publisert:

Dette er ærleg, gripande og opprørande familiehistorie, om forholdet mellom ei sjuk mor og den einaste sonen hennar, skriv Tom Hetland om Mímir Kristjánsson si bok, «Mamma er trygda», om Marit Wilhelmsen. Foto: Pål Christensen

  • Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet

Grade: 5 out of 6

Mímir Kristjánsson: Mamma er trygda. 192 sider. Kagge Forlag.

Eg må innrømma at eg var skeptisk. Kva er det Mímir Kristjánsson nå har funne på? Ei bok om mor, lansert midt under valkampen til den hyperaktive Raudt-kandidaten? Eit angrep på politiske motstandarar, forkledd som tåredryppande sosialpornografi?

Eg tok heldigvis feil. Nå ja, Mímir klarer naturlegvis ikkje undertrykka det politiske dyret i seg. Men først og fremst er dette er ærleg, gripande og opprørande familiehistorie, om forholdet mellom ei sjuk mor og den einaste sonen hennar, med avstikkarar til far på Island.

«Mange krefter»

Mamma har mange krefter, sa Mímir då han var liten. Marit Wilhelmsen fekk konstatert kreft første gong som 28-åring, før sonen var fødd. Seinare har sjukdommen spreidd seg til nye organ i kroppen. Medisinsk må ho vera eit heilt ekstraordinært tilfelle som er i live etter 37 år med ulike former for kreft og andre sjukdommar og plager som følgjer med. Men Marit Wilhelmsen er tydelegvis ei kvinne med «mange krefter» også i bokstavleg forstand. Mímir skildrar ei kvinne med uvanleg psykisk styrke og mot, sjølv om sjukdommen har tatt seg betalt også på det området.

Les også

Mímir Kristjánsson med i realityserie på TV2

Mamma har mange krefter, sa Mímir då han var liten. Sjukdommen hennar har vore der i heile livet hans. Foto: Jon Ingemundsen

Typisk nok var det Marit sjølv som bad Mímir skriva boka. Kunne han skriva om Einar Gerhardsen, kunne han vel også skriva om henne! Då får me tru at ho er innforstått med at det ikkje er blitt eit glansbilde. Mímir underslår ikkje det vonde og såre, om når mor blir bitter eller direkte krakilsk, og korleis foreldra til slutt skilde lag. Han legg heller ikkje skjul på sine eigne ambivalente kjensler overfor mora. Som når mor og son sit saman, på sjukehuset eller over julemiddagen, og ikkje finn noko meiningsfullt å snakka om, og der Mímir har dårleg samvit fordi han helst ville vore på jobb eller på byen. «Hvorfor har vi så vanskelig for å være gode mot dem vi er glad i?» spør han ein stad.

Se Mimir på biltur med Aftenbladets Leif Tore Lindø

Livet på Nav

«Mamma er trygda» er også eit forsvar for dei som livet og samfunnet har fare ille med, og som altfor ofte vert utsette for ufortent forakt. Mor til Mímir har gjort ei omvendt klassereise, ho kjem frå ei velståande kjøpmannsslekt, sjølv studerte ho kinesisk og var norsklærar for utlendingar så lenge ho kunne jobba. Men ho endar opp som sjuk, uføretrygda og fattig, som til tider slit med å utføra sjølv dei enklaste ting, og fortvila prøver å oppretthalda ein nokonlunde respektabel fasade .

Mímir overbeviser oss om at «naving» ikkje er eit liv som folk ved sine fulle fem oppsøkjer frivillig. Ein ting er det økonomiske tapet ved å stå utanfor arbeidslivet. Verre er kanskje dei daglege audmjukingane, signala som også det norske velferdssamfunnet stadig sender til menneske om at dei eigentleg ikkje er verd noko. Han skildrar med sarkasme og raseri korleis han sjølv, ein ung, datakyndig  journalist og forfattar, må gi tapt overfor eit digitalt Nav-skjema som ikkje har rom for noko som ligg utanfor malen, og kor håplaust det er å finna eit levande menneske som kan gi hjelp.

Reint hjarteskjerande er det å lesa om korleis mamma blir stoppa av politiet for promillekontroll på ein spasertur. Ja, du las rett. Marit hadde ein god dag, og baud seg til å trilla dei to barna til ei venninne rundt Mosvatnet. Men sjukdommen gjer at ho går litt sjanglete, og nokon tipsa politiet om at ei full kvinne var ute på ein mistenkeleg tur med barnevogn. Saka vart oppklart, men Marit stod att, oppløyst i tårer.

Likevel er dette ei usentimental bok, skriven med sinne og skam, men også med kjærleik og glimt i auget. Mímir Kristjánsson viser at han er meir enn ein politisk agitator, og boka går utanpå alt han tidlegare har skrive. Eg trur mamma er stolt, så gale det enn er.

Les intervju med mor og son i Magasinet denne veka.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. - Folk vil få sjokk

  2. Person døde i ATV-ulykke ved Lysefjorden

  3. Her jubler Dagmar (50) etter «livsfarlig» bragd: Dette har ingen nordmenn gjort før henne

  4. Hele laget satt i karantene: Toppklubben må stille med juniorlaget

  5. For to år siden døde tre mennesker på Sokn camping - denne gangen var det ikke folk i campingvogna da det tok fyr

  6. Har funne ei rekke grove lovbrot på KNM «Helge Ingstad»

  1. Mímir Kristjánsson
  2. Kreft
  3. Nav
  4. Arbeidsliv