Den norske katastrofen som endra krigshistoria
BOK: Churchill skulle ha vore ferdig etter fiaskoen i Norge i 1940. I staden vart han Storbritannias redningsmann. Ein ny Shakespeare har skildra dramaet.
- Tom HetlandKommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet

Nicholas Shakespeare: Seks minutter i mai. Hvordan invasjonen av Norge gjorde Churchill til statsminister. 575 sider. Forlaget Press.
Tidsrommet 7. til 10. mai 1940 var intense dagar i britisk politikk. Det enda med at statsminister Neville Chamberlain, mannen bak München-forliket med Hitler i 1938, måtte gå av og overlata plassen til Winston Churchill. Resten er historie.
Få ville ha tippa dette utfallet før krisa tok til. For utgangspunktet var parlamentsdebatten om det britiske felttoget i Norge, ein elendig utført militæroperasjon som Churchill som marineminister hadde ein stor del av ansvaret for. Wehrmacht og Luftwaffe valsa brutalt over dei utrente og dårleg utstyrte britiske soldatane som vart sende til Norge. Nær 1900 av dei kom aldri tilbake.
Britane mangla tunge våpen og kvite kamuflasjedrakter, troppane i Trøndelag hadde fått utdelt 50 år gamle kart av Bergen, og dei ansvarlege for planlegginga hadde ikkje tenkt på at aprilnettene i det nordafjelske Norge er korte og gjer det vanskeleg å forflytta seg i ly av mørkret. Leiinga av felttoget var kaotisk, Churchill sjølv skal ha skifta meining 14 gonger i løpet av den tre veker lange operasjonen.
Likevel enda Churchill opp som mannen britane sette sin lit til som krigsleiar. «Få mennesker har som han klart å skape et så sterkt folkelig krav om hans forfremmelse som følge av en fiasko,» kommenterte ein samtidig observatør. Og få vil i ettertid seia at det var eit ulykkeleg utfall.
Norge som kulisse
Den britiske romanforfattaren Nicholas Shakespeare (fjern slektning av den store William) har forsøkt å forstå kva som skjedde i dei dramatiske maidagane. Som ikkje-historikar har han nærmast overkompensert med eit enormt kjeldetilfang. Det kan knapt vera den britiske aktør eller observatør som ikkje er referert til i løpet av boka, pluss mange utanlandske. Dette er ein styrke, men også ein veikskap. Materialet blir overveldande, og framstillinga tidvis rotete. For norske lesarar som ikkje er så fortrulege med britisk politisk historie, kan det til tider bli krevjande å henga med.
Samstundes viser Shakespeare at han er ein glitrande forteljar. Det avgjerande dramaet om kvelden 8. mai, då Chamberlain vart svikta av mange av sine konservative partifellar, ikkje minst frå dei militære rekkene, er skildra med intens spenning. Sterke kjensler var i sving. Ein Chamberlain-lojalist kalla overløparane «tyske fallskjermsoldater i Stavanger sluppet ned bak linjene i konservative uniformer».
Norge var altså absolutt til stades både i tanke og tale hos dei britiske parlamentarikarane – Churchill laga sjølv ordet «namsosed» etter det pinlege nederlaget i trønderbyen. Men i boka er Norge først og fremst ein kulisse. Rett nok har forfattaren ein grundig gjennomgang av felttoget, delvis basert på norske historikarar. Vår lokale Geirr H. Haarr får særleg ros som kjelde.
Privat og avslørande
Det store dramaet skjer likevel i Westminster, mellom menneska i den britiske politiske eliten. Og Shakespeare legg nok meir vekt på det private enn historikarar flest ville ha gjort. Churchills sterke interesse for Narvik blir delvis forklart med at nevøen, krigskorrespondenten Giles Romilly, vart teken til fange av tyskarane der. Og då favoritten lord Halifax vegra seg for å ta over etter Chamberlain, skal ein viktig grunn ha vore forholdet til elskarinna Baba Metcalfe – pluss at han var plaga av mageknip under stress.
Shakespeare prøver å nyansera det negative ettermælet til Neville Chamberlain. Men han teiknar samstundes eit avslørande bilde av det konservative politiske miljøet i eit imperium på hell - sløvt, sjølvsentrert og sjølvtilfreds, der intrigar og giftige personkonfliktar fylte tida mellom fluefiske og revejakt. Winston Churchill var i høgste grad ein del av dette miljøet, men skilde seg ut med uvanleg sterk vilje og handlekraft. Trass i dei svake sidene hans, som Shakespeare på ingen måte skjuler, er det vanskeleg å sjå at andre hadde format for jobben.
Beundrarar av engelsk vidd og elegant-infame karakteristikkar vil finna mykje å gleda seg over i denne boka. Men det kan også bli for mykje av det gode. Anekdotar, kuriosa, gode replikkar og litt sladder er nødvendig krydder for den som vil skriva lesverdig historie. Shakespeare krydrar likevel så sterkt at det til tider blir vanskeleg å kjenna smaken av hovudingrediensane.
Christian Rugstad har gjort ein imponerande jobb med å gi boka ei norsk språkdrakt som resonnerer mot den engelske grunntonen. Britiske omgrep er som oftast forklarte. Likevel, på eitt punkt pirkar eg: «Lord Chancellor» blir omsett med «rikskansler», og det er uheldig når ein viss tyskar med same tittel har ei sentral rolle i historia. «Lordkansler», som også er brukt i Store Norske Leksikon, ville ha vore eit betre val.