Ein plaga mann

BOK: Jon Fosse i storformat stenger hovudpersonen inne, aleine med Gud og bønner, hallusinasjonar og besverjingar.

Frå første ferd kling den umiskjennelege fosseske språktonen, skriv Aftenbladets meldar om Jon Fosses nye storverk «Det andre namnet». Foto: Tom A. Kolstad

  • Jan Askelund
    Jan Askelund
    Forfatter og litteraturkritiker
Publisert: Publisert:

iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Jon Fosse: Det andre namnet. Septologien I-II. Roman. 514 sider. Samlaget.

Jon Fosse (1959, debut 1983) er eit fenomen og noko for seg sjølv i norsk litteratur. På sitt smålåtne vis tar han mykje plass, og diktinga hans må lesast og annammast på sine eigne premiss. Déi kan vera både teknisk og innhaldsmessig sære, sjeldsynte er dei i alle fall.

Haustens digre «Det andre namnet» er første boka i eit sjubindsverk, «Septologien» kalla, der den lengste delen (til og med side 347) er ein roman for seg, mens resten med same hovudperson/personar og forteljarstemme er skildra i eit noko anna tidsperspektiv.

Frå første ferd kling den umiskjennelege fosseske språktonen med setningar lagde den eine til den neste, med bare den naudsynlegaste teiknsetting og punktuering, i ein flytande, men samstundes besverjande, hypnotiserande stakkato rytme med gjentakingar av gjentakinger i monotone tankebanar og einfelte handlingsganger i mangesiders kompakte tekstbolkar. Eit døme kan vera skildringa av eit lukkeleg forelska ungt par eg-forteljaren ser frå bilen sin på veg heim frå Bjørgvin. Han skildrar dei og staden og det svinnande lyset mellom dei (han er boka igjennom ein meister i å få mørket til å skina) inntil han sjølv blir eitt med situasjonen og personane.

Ja, det er som om den unge mannen er han sjølv, den nå aldrande malaren Asle, slik han var for mange år sidan, og kvinna den same Ales som han var gift med, nå død, og som han sørgjer over heile boka igjennom. På same måten som namnebroren Asle inne i Bjørgvin er hans eigen dobbeltgjengar, den suicidalt alkoholisk nedsarva malaren som i motsetnad til han sjølv ikkje lenger kan mala eller ta vare på seg sjølv. Mens forteljaren Asle er tørrlagd alkoholikar, men ikkje tørrare enn at han boka igjennnom harpar på at han har slutta å drikka.

Han hallusinerer elles intenst nok i sitt tilkjempa edru tilvære i ein både drøymande og dagklar medvitsstraum («stream of consciousness») som kvervlar og går rundt og rundt omkring nokre få tema: sorga og lengten etter Ales, bekymringa for den alkoholiserte dobbeltgjengaren og namnebroren, malaren Asle inne i Bjørgvin, og som han forsømmer mens han sjølv tørrlagd har berga seg og kan konsentrera seg om å mala bileta sine til endå ei årleg utstilling, og tankane han gjer seg om koss et maleri skal sjå ut: lyset i mørkret, bokstaveleg tala.

Navet i heile boka og som livet til Asle dreier rundt, er tilhøvet til Gud og malarkunsten, der han strever med å mala «det usynlege lyset», eit «lysande mørker», for «det er alltid mørkret i biletet som lyser mest». Han er (folke)sky og unngår andre menneske så langt han kan, samtidig som Fosse har lagt inn uavklara doble identitetar og underliggjande relasjonar mellom karakterar som førebels og i dette bindet bare ligg og ventar på å bli utvikla seinare, som søstera til den einaste naboen han har eit gjensidig vennskapeleg og nyttig forhold til – også det halde mest muleg tagalt gående mellom dei. 

Den sterkt truande, men udogmatiske og teologisk frittgåande, katolikken Asle, som helst bare drar inn til byen når han skal til messe, har eit kontemplativt forhold til sin gud («Gud finst ikkje, han er»), som for ein lek lesar liknar meir på mystikarens – eller ein frikyrkjeleg kvekars - tilnærming enn tiltru til pavekyrkjas dogmevelde. Men samstundes søker han tilflukt i ritual, besverjingar og bøner (ofte på latin).

Er ein ikkje på religiøs bølgjelengde med Asle og forfatteren lar dei seg lett parodiera, om ein så vil, men alvoret, innlevinga og intensiteten i prosjektet deira - samt kvaliteten i skrifta til Fosse - inviterer ikkje til det. Tvert om ville det kjennast plumpt, for som vi alle veit, kan Guds ord i dei truandes munn lyda som tåpars tale.

Men heile vegen får nå den sjølvoppslukte Asle lov til å gjera mykje ut av hjelpeløysa si i forholdet sitt til både Gud og menneske, 514 sider bare i dette bindet, mens verda bortanfor, heile det store rommet mellom han sjølv, lys og himmel og Gud, er fråverande. Dét er påfallande sjølvsentrert og egoistisk. Det er også teknisk påtakeleg at det går an å skriva over 500 sider prosa utan eit einaste punktum. Det ikkje bare går: Fosse gjer det suverent i sin særmerkte, enkelt bølgjande, suggererande stil.

Publisert:
  1. Bokanmeldelse
  2. Jon Fosse
  3. Roman
  4. Litteratur
  5. Anmeldelse

Mest lest akkurat nå

  1. Går inn for å forlenge smitte­vern­tiltakene i Stavanger til 8. februar: - Situasjonen er fortsatt svært alvorlig

  2. Bor du i borettslag, i Smeaheia, i Bjergsted, på Hinna eller har du hus i naturfarge? Da bør du lese dette

  3. Matvognen måtte etter­fylle tre ganger sist helg: Hytte­folket vil ha middag med til fjell­heimen

  4. Parkeringskaos i Brekko - politiet ber turfolk vise hensyn

  5. Søstrenes idyll i Ryfylke er truet av utbyggingsprosjekt: - Helt vanvittig

  6. Salget har tatt helt av. Nå er det tomt i flere butikker