Miniteater i kjempeformat

TEATER: «Terje Vigen» utandørs og for fem publikummarar er ei heilt spesiell teateroppleving i heilt spesiell tid.

Publisert: Publisert:

«Der bode en underlig gråsprængt en på den yderste nøgne ø.» Sånn startar Henrik Ibsens «Terje Vigen» – eit dikt Anders Dale er herre over med Gandsfjorden og Lifjell som bakteppe. Foto: Fredrik Refvem

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
Grade: 6 of 6 stars

Terje Vigen

Av: Henrik Ibsen. Med: Anders Dale. Stad: Ute, ved Gandsfjorden. Lengde: 25 minuttar. Publikum: 5

Eg har etter kvart sett ganske mykje teater. Svære musikalar i London, ellevill teaterleik i Edinburgh, kritikarroste oppsettingar i Oslo, prisvinnande stykke i Stavanger, utandørsteater på store arenaer. Eg har sett drama, kjensler, samfunnskritikk og humor, klassikarar og samtidsdramatikk, i stort og smått format.

Men sjølv om ein heil del er bra, går eg sjeldan ut med ei kjensle av å ha opplevd noko heilt, heilt spesielt. Noko eg verken har opplevd før eller trur eg vil oppleva igjen.

Du bør ha gode sko for å sjå Anders Dale framføra «Terje Vigen» utandørs. Foto: Fredrik Refvem

Den kjensla fekk eg av å sjå Rogaland Teater og Anders Dale sin «Terje Vigen» – rett og slett fordi det er ei heilt spesiell oppleving:

I ei tid der alle kulturarrangement for alle praktiske formål er forbodne, der det ikkje er lov å vera fleire enn fem menneske saman, har Rogaland Teater – igjen – gått motstraums. I staden for å gi opp, prøver teateret å fylla samfunnsoppdraget sitt og gi teater til folket. I dette tilfellet eksklusivt teater til fem publikummarar per framsyning, og med éin skodespelar på scenen.

Les også

Teateret skal spille «Terje Vigen» for 5 (!) publikummere

Spesielt frå start til slutt

Det er spesielt frå start til slutt. Dei heldige fem – alle dei 120 billettane fram til 14. mai er selde – får beskjed om å møta på ein parkeringsplass ved sjøen i Østre bydel i Stavanger. Me blir ført langs stiar og inn over ein fjellknaus. Og der, heilt ute mot fjorden, står Anders Dale på ein stein. Publikum får tilvist kvar sin knatt i fjellsida, og så fortel Dale først om sitt eige forhold til «Terje Vigen», før han framfører Henrik Ibsens episke dikt.

Premierepublikummet på «Terje Vigen» måndag. Foto: Fredrik Refvem

Framføring av episke dikt – på rim – er ei komplisert øving. Det kan fort bli komisk pompøst, forma kan fanga, det kan bli så mykje rim og rytme at innhaldet nesten blir borte. Men Dale er herre over diktet, etter å ha levd med det i eit par tiår. Ibsens penn og det høgtidelege språket er der, absolutt, men Dale lukkast i å fortelja og formidla den melodramatiske historia om den staute karen som ror til Danmark for å redda familien. Som blir arrestert, kasta i fengsel, mister kone og barn – og så møter engelskmannen som fanga han ei stormfull natt mange år seinare, då som los.

Blikkontakt

Dette gjer Dale på få meters avstand, mens han har blikkontakt med kvar enkelt av oss fem. Der har du ei oppleving, eit ekte møte mellom «scene» og «sal» ingen skjerm eller inderleg digital strøyming av mann med gitar kan oppnå på Facebook.

Det er få – men forskriftsmessig mange nok – meter mellom sal og scene i Østre bydel. Foto: Fredrik Refvem

Her er ingen lys eller scenografi – bortsett frå sola, skyene, Gandsfjorden, Lifjell og Sandnes i bakgrunnen, store og små båtar som glir forbi. Lydeffektane avgrensar seg til kontinuerleg fuglesong, båtanes brumming, bølgeskvulp og ein og annan bjeffande hund. Sånn har du rett og slett aldri sett teater før. Og eg trur det blir minst like bra i dårleg ver.

Dette er teater i veldig lite og veldig stort format: Berre éin skodespelar, fem publikummarar, blikkontakt og 25 minuttar. Samtidig er diktet grandiost og scenografien storslått – sjølvaste Naturen.

Einmannsteater i storslått scenografi. Foto: Fredrik Refvem

Opplevinga minna meg på det som står stadig tydelegare for meg i koronaens tid. Nemleg at strøyming over nettet aldri vil kunna erstatta det faktiske, fysiske møtet mellom scenekunst og publikum. Dette møtet er den levande scenekunstens essens, enten det handlar om teater eller musikk.

Det trengst i utgangspunktet ikkje så mange for å få i stand eit slikt møte, i prinsippet berre éin avsendar og éin mottakar – som i meir normale tider ikkje ville vore økonomisk forsvarleg å gjennomføra.

Men eit slikt, heilt spesielt, møte får altså fem heldige om gongen i fjæresteinane dei neste vekene. Sjølv om Skagerrak er erstatta av Gandsfjorden og det forjetta Danmark av eit fjernt Hommersåk.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. – Hyttebonanza på Sørlandet, men alle kjøperne er fra Rogaland

  2. Vegvesenet rydder Rogfast-problem ut av veien

  3. Taxisjåfør knivstukket på Sunde: Mann pågrepet og siktet for drapsforsøk

  4. Herrems gamle sjef overtar Viking

  5. Obduksjonsrapport: George Floyd hadde covid-19 da han døde

  6. «Black lives matter» er utdatert

  1. Teater
  2. Scenekunst
  3. Anmeldelse
  4. Teateranmeldelse
  5. Henrik Ibsen