Sakprosa: Vår eigen Trump

Øyvind Strømmen fortel lite nytt i biografien om Anders Lange. Men han gir oss likevel litt å tenkja på.

Anders Lange under partileiardebatten i NRK ved stortingsvalet i 1973. Han drikk eggelikør.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Øyvind Strømmen:

  • Anders Lange. En norsk historie
  • 252 sider
  • Cappelen Damm

Kva skulle vera grunnen til å gi ut ein ny biografi om Anders Lange (1904-74)?

Ja, det kunne jo for eksempel vera om ein hadde epokegjerande nytt å fortelja om grunnleggjaren av Anders Langes Parti, det som seinare vart Framstegspartiet. Eller om ein kunne presentera ein grundig analyse av den eventuelle samanhengen mellom dei to høgreorienterte rørslene Anders Lange stod i spissen for: Fedrelandslaget og Framstegspartiet.


Øyvind Strømmen gjer ingen av delane.

Historia om Anders Langes liv er fortalt før, i biografien «Anders Langes Saga» av Arild Rygnestad og Hanna Kvanmo frå 1993, i den halvoffisielle partihistoria «Frå Anders Lange til Carl I. Hagen» av Jan Martin Iversen frå 1998, og andre stader. Strømmen byggjer i stor grad på dei publiserte kjeldene.

Strømmen gjer heller ikkje noko systematisk forsøk på å setja høgreradikale og høgrepopulistiske tendensar inn i ein større historisk og politisk kontekst, endå han burde ha gode føresetnader for det.

Øyvind Strømmen har rett og slett «hatt et ønske om å fortelle en god historie om en interessant person,» som han skriv i forordet.

Og det skal han ha, Strømmen skriv godt og morosamt.  Det er også ein styrke at han går til verket med eit ope sinn, sjølv om han som aktiv politikar av Miljøpartiet Dei Grøne står langt frå Lange i dei fleste spørsmål. (Same innstilling hadde SV-politikaren Hanna Kvanmo i biografien frå 1993. Kanskje var ho, som Strømmen, fascinert av outsider-rolla som Lange alltid spela?)

Forfattaren og journalisten Øyvind Strømmen er aktiv miljøpolitikar i Miljøpartiet Dei Grøne, samt gjestekommentator i Aftenbladet.

Rå og raus

Anders Lange var fascisten som forakta Quisling og hamna på rett side under krigen. Han var skamlaust rasistisk, og ein trufast støttespelar for apartheidstyret i Sør-Afrika. Men han hadde også sans for miljøvern, han var antibyråkratisk og antisentralistisk.

Eitt av dei siste folkemøta han deltok på, var i Hardanger hausten 1974, der han gav full støtte til kravet om at Eidfjord skulle bli eigen kommune igjen.

Anders Lange kunne vera grov i personkarakteristikkane og rå i agitasjonen. Men han var også  raus, hadde sjarm og kunne skifta meining både om saker og personar.

Kjent er replikken frå Stortingets talarstol om KrFs Bergfrid Fjose, som Lange tidlegare hadde hatt harde konfrontasjonar med om alkoholpolitikken: «Hadde jeg kjent henne før, så hadde hun aldri blitt gift med en prest!»

Ikkje lenger ei sær stemme

Også det samansette i Langes karakter er skildra før. Når det likevel kan vera grunn til å studera Lange med fornya interesse, er det fordi tida på sett og vis har kome han i møte.

I Lange sine talar, fyldig gjengitt i boka, høyrer ein ekkoet av Donald Trump (pluss ein dose humor). Omsynslaus og hemningslaus tale, kombinert med god nase for kva som rører seg i folkedjupet, for frykt og hat, var typisk for den politiske agitasjonen i mellomkrigstida.

På 1970-talet var Anders Lange, trass i at han grunnla eit nytt stortingsparti, for dei fleste ei sær stemme frå ei anna tid. Slik er det ikkje lenger, og Øyvind Strømmen har, kanskje utilsikta, mint oss om det.

I eit intervju i 1974 kritiserte Lange Arbeidarpartiet for å ha skapt «en ny overklasse, en akademisk arbeiderpartiklasse, fjernt fra arbeiderne. På sikt, advarte han, ville dette nye klasseskillet skape konflikter. Onde demagoger ville hisse opp de ulærde mot de lærde.»

Jo, Anders Lange ville nok ha kjent seg igjen i det nye Vesten. Kanskje ville han jamvel blitt sjokkert over suksessen til etterfølgjarane sine.

  • Gjestekommentarar frå Øyvind Strømmen:

Les også

  1. Øyvind Strømmen: Blues i Detroit

  2. Øyvind Strømmen: Langt frå Kardemomme by

  3. Øyvind Strømmen: Nærområda

  4. Øyvind Strømmen: Knus murane rundt tankegettoen! Les noko du er rivande usamd med!

  5. Øyvind Strømmen: I svartsynets tid

Publisert:
  1. Donald Trump
  2. Øyvind Strømmen
  3. Carl I. Hagen

Mest lest akkurat nå

  1. Kjøpte bygget i 2006 – venter ennå på å få bygge Rema 1000-butikk

  2. Slik blir den nye korona­hverdagen fra mandag av

  3. Venstre-statsråd og KrF-politiker har betalt over 400.000 kroner for lite i skatt

  4. – Folk skal kunne spise som en konge med lue­sveis

  5. 21 smittetilfeller på Nord-Jæren, en Stavanger-skole på gult nivå

  6. «17 nye spillere! Her må printeren ha gått varm!»