Landsbyliv frå helvete

ROMAN: Grimt og nådelaust portrett av eit landleg Frankrike der alt fell frå kvarandre og valden er det einaste som bind menneska saman.

Publisert: Publisert:

  • Leif Tore Sædberg

Grade: 5 of 6 stars

Hervé Le Corre: Er det slik menneskene lever? Roman. 342 sider. Omsett av Thomas Lundbo. Aschehoug.

Eg er neppe åleine om å ha eit noko idealisert bilete av Frankrike, særleg den franske landsbygda. Med store, grøne enger, eit og anna slott i horisonten og landsbyar der folk promenerer med pariserloff under armen forbi fortauskaféar, der lokale monsieurs og madames drikk nykverna café au lait eller sprudlande pastis medan dei diskuterer med overdrivne handrørsler og Douce France ligg som eit diskret soundtrack i bakgrunnen.

Jaudå, slikt er strengt tatt naive feriefantasiar med røter heller frå glansa turoperatørbrosjyrar enn frå faktiske tilhøve. Ein veit jo eigentleg dét. Likevel er det sjeldan slike romantiserte draumebilete får ein så grell kontrast som i Hervé Le Corres Er det slik menneskene lever?, der landsbylivet er ugjestmildt, fattigsleg, kriminelt og direkte farleg.

Ut av fengsel

Det startar med at hovudpersonen Franck slepp ut av fengselet etter å ha sona fem år for eit ran, der han delvis har teke skulda for broren Fabien. Utanfor fengselet blir han møtt av Fabiens kjærast Michelle, som tar han med til huset til foreldra sine i eit skogkledd område utanfor Bordeaux. Familien kan karakteriserast med moteordet «dysfunksjonell» - inntektene kjem frå dårleg betalte ringevikar-oppdrag og tuskhandel med kriminelle miljø, inntaket av alkohol og tobakk er konstant og betydeleg, hygienen er laber, omgangstonen fiendtleg og konfliktar blir løyste med nevane. Eller, for å seia det litt meir folkeleg: dei er feite, late, stygge, dumme og vonde.

Eller, for å seia det litt meir folkeleg: dei er feite, late, stygge, dumme og vonde.

Oppi dette miljøet finn me òg Michelles dotter Rachel, eit kløktig grep av forteljaren, ettersom det tilfører storyen eit element av uskyld og ikkje minst potensial for hjarteskjerande konfrontasjonar.

Fabien let derimot venta på seg, han er på eit ukjent oppdrag i Spania. Franck, fattig, latent aggressiv og merkbart prega av å ha sete i bur i årevis, bestemmer seg for å finna ut på eiga hand kor ransutbyttet frå fem år tilbake har teke vegen. De kan jo sjølv gjetta kor godt dét går.

Kvar mann for seg sjølv

Romanen blir marknadsført som ein såkalla «noir,» altså krim av den hardkokte sorten, og enkelte lesarar kan nok i det høvet etterlysa meir fortgang på handlingsplanet. Til gjengjeld gjer den sakte oppbygginga at hendingane slår desto meir når dei først inntreff, og miljøskildringane får i tillegg plass og tid til å siga inn. Le Corre har ein tørr, nøktern og konstaterande skrivestil som tolmodig registrerer og viser fram det menneskelege elendet, utan å leggja til verken trøyst eller fordømming. Ein skrivemåte som er med på å skapa ein kald og hard stemning som står godt til den «dog eat dog»-aktige tematikken: Det er kvar mann for seg sjølv. Eta eller bli eten.

Ein kjem ikkje utanom omsetjar Thomas Lundbo i denne samanhengen, som har ivaretatt den norske språkføringa på ein førebiletleg måte. Dialogane er klare og truverdige, setningane flyt naturleg, og ein kan merka eit auge og ikkje minst eit øyre for nyansar. Som ser når det passar å bytta ut eit «vet» med eit «veit» og høyrer når slanguttrykk som «brutter’n» eller «gønneren» kan brukast utan at det blir «Pelle og Proffen»-aktig. Eit minus er valet av tittelen, som på norsk lyder i overkant retorisk spørjande og kronikkaktig.

Valden held menneska saman

Ein kan i denne samanhengen påstå at valden og trusselen om vald ikkje berre er eit tema, men òg ein form for språk i romanen. I eit miljø der det meste fell frå kvarandre, er valden det som held menneska saman og skapar relasjonane dei imellom. Dei sterke slår dei svake. Mennene slår kvinnene. Kvinnene slår barna. Det er eit språk alle kan forstå. Det er eit språk alle kan læra.

For å trøysta seg sjølv, kunne ein ha skulda forfattaren for å svartmala miljøet henimot spekulative og sosialpornografiske dimensjonar. «Problemet» er at Le Corre er så truverdig i personteikninga og så gjennomtenkt og konsis i språket at han ikkje gir oss nokon slik mogleg fluktveg. Fordi forteljaren er så overtydande, blir framstillinga til tider ubehageleg, enkelte gonger direkte fråstøytande. Det blir lett å tru at dei botnar i ein realitet som nok dessverre er vel så utbreidd som vårt imaginære Douce France.

Ein blir ikkje glad av slike bøker. Men ein blir glad når nokon skriv slik.

Publisert: