Russland – god nabo eller skummel bjørn?

BOK: Nyttig hjelp til å forstå det nye Russland og korleis me skal leva med det.

Gode eller aggressive naboar? Her representerte ved norsk statsminister Erna Solberg og russisk president Vladimir Putin.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Bernhard L. Mohr: Hva vil russerne med Norge? 239 sider. Cappelen Damm.

Nordmenn flest veit lite om Russland, og inntrykket vårt av den store naboen i aust er ennå prega av stereotypiar frå den kalde krigens tid. Så skal det også seiast at Russland tidvis gjer sitt beste for å leva opp til dei stereotype oppfatningane av seg sjølv. Dermed får me altfor lite med oss av mangfaldet, nyansane og dei store endringane som trass alt har skjedd sidan Sovjetunionen og kommunismens fall for snart 30 år sidan – endringar som ofte overraskar mange nordmenn som får sjå det moderne Russland med eigne auge.

Heldigvis kjem Bernhard Laugaland Mohr oss til hjelp.  Den russisk-kyndige forlags- og mediemannen, som frå 2006 og nokre år utover arbeidde for Schibsted med å etablera lokalaviser i Moskva og St. Petersburg, er blitt ein av våre viktigaste formidlarar av kunnskap og innsikt om det nye Russland. Det viste han med boka «Hvorfor stemmer russerne på Putin?» i 2017, og årets bok, «Hva vil russerne med Norge?» er ein svært solid oppfølgjar.

Bernhard L. Mohr har skrive ei bok som er nyttig hjelp til å forstå det nye Russland.

To forteljingar

Om kunnskapen om Russland er mangelfull i Norge, er det kanskje ei slags trøyst at det er endå dårlegare stelt motsett veg.  Norge er sjeldan på dagsordenen i russiske medium, langt mindre enn Finland og Sverige. Namnet Frode Berg seier den jamne russar ingen ting.

Likevel meiner Mohr å kunna identifisera to konkurrerande «rammeforteljingar» om Norge i Russland. Den eine er «den gode nabo», som Russland aldri har vore i krig med, og som ein kan samarbeida fornuftig med om felles utfordringar. Den andre er Norge som Nato-medlem, som del av ein vestleg allianse som rykker stadig nærmare den russiske grensa med sitt nett av basar.

Bildet av eit samla folk som støttar opp om Putin i eitt og alt er ikkje like dekkande som før, og det passar slett ikkje på dei unge.

På norsk side finst det to tilsvarande forteljingar om Russland. Også hos oss, særleg i Nord-Norge, lever oppfatninga av Russland som den gode nabo, gjerne kopla opp mot frigjeringa av Aust-Finnmark i 1944. Men særleg etter annekteringa av Krim i 2014 har synet på Russland som ei aggressiv stormakt og ein trussel mot Norge vore på frammarsj.  Utviklinga i autoritær retning under Putin har ikkje akkurat dempa denne uroa.

Som dei fleste nordmenn som kjenner Russland frå innsida, har Mohr eit tvisynt forhold til det russiske. Han verken idealiserer eller fordømmer. Mohr underslår på ingen måte dei kritikkverdige og skremmande sidene ved Putins regime. Samstundes prøver han å forstå og formidla korleis verda ser ut frå russisk side. Som Frode Berg-saka etter kvart viste, er bildet ikkje berre svart-kvitt. Mohr tar for seg fleire konfliktsaker mellom Norge og Russland dei siste åra og lanserer ulike forklaringar på kvifor russarane handlar som dei gjer. Han leverer ikkje bastante konklusjonar, men framstillinga er til å bli klokare av.

Mohr er ikkje spesielt optimistisk. Han trur forteljingane om Russland og Vesten som gjensidige truslar vil vera normaltilstanden i lang tid framover, men avsluttar likevel med eit håp om at «Norge og Russland fortsatt vil være interessert i å utnytte naboenes privilegium – om vi vil gripe de spesielle mulighetene som vår felles grense gir og alltid vil komme til å gi.»

Møte med dei unge

Så langt er forfattaren solid, sakleg og god. Det som tilset boka ekstra kraft og krydder, er likevel portrettet Mohr teiknar av den nye generasjonen russarar. Sjølv om han etter kvart har passert 40, kommuniserer han ivrig med 20-åringane. Han snakkar med russiske norskstudentar, med unge russarar på gata, og i eitt av kapitla møter rockemusikaren Mohr St. Petersburg-fans av den norske gruppa Wardruna, som dyrkar den gamle norrøne kulturen som tydelegvis også ein del russarar kjenner seg heime i.

Bildet av eit samla folk som støttar opp om Putin i eitt og alt er ikkje like dekkande som før, og det passar slett ikkje på dei unge. Få eller ingen av ungdommane Mohr møter, stolar på informasjonen dei får frå dei Putin-kontrollerte tv-kanalane. Dei orienterer seg på internett og sosiale medium og har eit kynisk og kritisk forhold til den gamle garde av maktpersonar. Kor representative Mohrs kontaktar er, kan sjølvsagt diskuterast, og det er eit ope spørsmål kva politiske endringar som vil koma når den unge generasjonen etter kvart tar over. Men forfattaren viser oss at det spirer mange ville og uryddige vekstar i den tilsynelatande så einsformige russiske hagen.

Mohr skriv lett og godt, med morosame journalistiske grep som ein «fem på gata»-enquete midt mellom kapittel om Arktis og handelspolitikk. Kjelde- og litteraturlista til slutt i boka gir mange tips til den som vil forstå meir av eit Russland som er nytt, sjølv om det stundom minner om det gamle. 

Publisert: