Prøver for hardt

FILM: Går det an å kritisera ein superheltfilm for å bli for teikneserieaktig? Ja.

Kvinnene slår tilbake i «Birds of Prey», med Harley Quinn (Margot Robbie) i sentrum.

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

Birds of Prey. (And the Fantabulous Emancipation of one Harley Quinn)

Med: Margot Robbie, Mary Elizabeth Winstead, Jurnee Smollett-Bell, Ewan McGregor. Sjanger: Action / Eventyr / Krim. Regi: Cathy Yan. Nasjonalitet: USA, 2020. Aldersgrense: 15 år.

Diskusjonen går: Kan det bli for mange superheltfilmar? Dei siste åra har det kome tallause filmar basert på Marvel- og DC-Comics-universet. Forklaringa: Inntekter. Superheltfilmane slår kolossalt godt an hos publikum.

Sjølv har eg sett fleire filmar og seriar basert på teikneseriar som har vore veldig gode. Sist «Joker». Eller «Watchmen».

Men det er altså ikkje nok å vera ein superheltfilm. Det må vera noko meir der. Filmen må også vera god.

Denne veka har nok ein spin off frå DC-universet premiere, den åttande i rekka. Harley Quinn (Margot Robbie) var først å sjå i «Suicide Squad» (2016). Nå har ho fått sin eigen film, saman med Huntress, Black Canary og Cassandra Cain frå DC Comics-universet. Det er klart for superheltversjonen av kvinnekamp mot dumme og dominerande menn.

Quinn er kjent som kjærasten til The Joker – som ikkje er med her. «Birds of Prey» startar med at ho blir singel, med at ho frigjer seg, med at ho må finna sin eigen – ganske rampete – veg. Ho har allereie erta på seg ein haug folk, blant anna byens nye mafioso, mannen som elskar å skrella ansiktet av folk, Roman Sionis, kosteleg spela av Ewan McGregor.

Så startar alles jakt på alle, somme for å hemna seg, andre for å få tak i ein forsvunnen diamant.

Regissør Cathy Yan leikar heldigvis med kronologien i historieforteljinga, som startar ganske streit, men som så gjer morosame hopp fram og tilbake.

Mindre morosame er forsøka på humor, som det er (altfor) mange av. Eg – Mann (50) – lo ikkje.

Margot Robbie spelar Harley Quinn på teikneseriemåten: Overdrive, grimasar, fargerik.

Robbie spelar Quinn på teikneseriemåten. Overdrive, grimasar, fargerik. Dermed blir ho heller ikkje meir enn ein teikneseriefigur. Du blir aldri emosjonelt interessert i desse karakterane. Heller ikkje i dei rolegare partia, der du liksom skal bry deg.

Actionvalden, som det er plenty av, blir etter kvart ganske kjedeleg å sjå på, ganske forutseibar, sjølv med forventa mengder effektar og akrobatikk.

Dei gode superheltfilmane er gode fordi dei blir meir enn berre teikneserie, meir enn rein underhaldning. «Birds of Prey» er dessverre ikkje ein slik film.

Publisert:
  1. Film
  2. filmer
  3. Anmeldelse
  4. Filmanmeldelse

Mest lest akkurat nå

  1. Fører av personbil omkom etter trafikkulykke

  2. Viking-profilen ble trist da han fikk Berntsen-beskjeden: – Mer enn en trener

  3. – Shit, hvem har jeg smittet, tenkte Kristiane da hun fikk påvist korona

  4. Rørt Bjarne Berntsen: – Aldri opplevd maken

  5. «Jeg tenkte 2020 var året Bjarne Berntsen skulle få æresmedlemsskap i Viking. Ikke få sparken»

  6. Tone har panikk for å få smitten inn i sin fjørfebestand: – Vil være katastrofalt