Abstrakt ung forelsking

TEATER: Kva er eigentleg Emilie i ungdomsteatrets «Lauras lepper» forelska i?

Publisert: Publisert:

Emilie (Katarina Harestad Haukaas) er forelska i Laura. Nærmare bestem i Lauras lepper. Men Laura er berre eit bilete. Foto: Fredrik Refvem

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

LAURAS LEPPER

Ungdomsteatret Rogaland teater, Kjellerteatret. Av: Malin Axelsson: Regi, scenografi, omsetjing, bearbeiding: Ragnhild Arnestad Mønness. Lysdesign: Børe Noer Borrevik og Erlend Henriksen. Dramaturg: Nina Godtlibsen. Koreograf: Katarina Harestad Haukaas Kostymedesign: Kari Helene Gryte. Med: Katarina Harestad Haukaas, Ådne Rossavik, Krister Thorsen, Helmine Mathilde Edvardsen, Kristoffer Hauge, Emilie Øye Tjensvoll og Maria Aamodt. Lengde: 55 minuttar.

«Lauras lepper» hadde urpremiere på Dramaten i Stockholm i januar 2019 - til gode kritikkar. Bak stykket står Malin Axelsson, velrennomert svensk dramatikar, og kunstnarisk leiar for Sveriges Radio Drama.

Det er altså eit nesten nyskrive stykke Rogaland teaters eigen Ragnhild Arnestad Mønnes har omsett, bearbeida og regissert til Ungdomsteatret. Ho må ha kutta ein del, for mens urpremieren varte 90 minuttar, er ungdomsteatrets versjon 55.

Norgespremiere på sjølvaste Valentindagen burde jo passa godt, sidan stykket ifølgje teaterets førehandsomtale er «en labyrintisk skrekkhistorie om den første store kjærligheten og om jakten på finne seg selv.» Den første forelskinga forstått nesten som galskap, som ein psykose, som ein livskrise.

Scenerommet i Kjellerteatret er det same som i «Skjerp deg!», som hadde premiere i januar: Publikum sit på stolrader langs langveggane, scenen er ei ramme i lys finér i midten. På kortveggen skal det etter kvart projiserast bilete og litt video. Kostyme og rekvisittar er enkle, men effektive.

«Lauras lepper» blir spelt i Kjellerteatret på Rogaland teater. Foto: Fredrik Refvem

Inn kjem dei unge skodespelarane. Dei dansar, dei syng, dei spelar ein gjeng unge karakterar og nokre parodiske vaksenfigurar som får meg til å trekka på smilebandet. Ungdommane er relativt lyse til sinns, dei tullar og tøysar, festar, forelskar seg, tek selfiar.

Emilie er hovudpersonen. Ho er populær i gjengen, men blir totalt opphengt i Laura, nærmare bestemt i Lauras lepper. Problemet er at ho berre har sett eit bilete av Laura, ho veit ikkje kven det er - og det veit heller ikkje me.

Om du syns dette høyrest litt forvirrande og abstrakt ut, så har du rett i det. Denne meldaren, og min konsulent frå ungdomsverda, skjønte rett og slett ikkje heilt det me såg. Eksisterer Laura? Er Emilie forelska i seg sjølv? Kva rolle spelar eigentleg vennene i dette? Og vaksenfigurane? Kva er det som skjer? Kvifor skjer det?

Det blir i det heile tatt litt for abstrakt, for labyrintisk, for forvirrande til at eg klarte å henga med og skjøna meg på denne påståtte forelskinga.

Både «Skjerp deg!» og «Lauras lepper» handlar om å vera ung, sett frå ulike perspektiv. «Skjerp deg!» er utvikla av dei unge sjølv, «Lauras lepper» er laga av vaksne som tenkjer tilbake på korleis det var å vera ung. Kanskje har den avstanden noko å seia for resultatet.

Aftenbladet gir ikkje terningkast på framsyningar med barn eller ungdom.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. – Hurtigruten er selve symbolet på det nye Norge: Luksus på øvre dekk, fattigdom og frykt hos de som driver maskineriet

  2. Sandnes ble vekket av ulelyd

  3. Vurderer maksgrense på 10 personer

  4. Ny runde om tvangsmulkt for hotell-hullet

  5. Vi ba fire eksperter om å vurdere Solskjærs tid i United. Alle ga samme karakter.

  6. – Etter Ginsburgs død blir presidentvalgkampen enda råere

  1. Anmeldelse
  2. Teateranmeldelse
  3. Teater
  4. Rogaland Teater