Så mykje føling at ein nesten får føling

BOK: Når mangt skal følast så inderleg og mykje forklarast så utfyllande, blir det noko trøyttande i lengda.

Publisert: Publisert:

Geir Gulliksen er aktuell med romanen «Bli snill igjen». Der blir det, ifølgje Aftenbladets meldar, for mykje føling. Foto: Aschehoug/Tale Hendnes

  • Leif Tore Sædberg

Grade: 3 out of 6

Geir Gulliksen: Bli snill igjen. Roman. 258 sider. Aschehoug.

Under ein samtale med ei kvinne som står meg nær, kom eg nyleg inn på at eg eigentleg var veldig begeistra for sci-fi-filmen «Arrival». Det var ikkje måte på kor grundig eg skulle gjera greie for kor bra eg meinte filmskaparane hadde klart å visualisera tidsparadokset som etter kvart blir ein sentral del av handlinga. Kvinna som står meg nær lytta tolmodig, nikka på ein måte som indikerte at ho ikkje nødvendigvis var fullt og heilt samd, meir at ho høfleg «høyrde kva eg sa.» Etter utlegninga mi var det konsise svaret og karakteristikken hennar: «Eg tykte det framfor alt var føleri.»

Då eg endå nylegare såg «Arrival» igjen, måtte eg vedgå at dommen hennar dessverre var knusande presis. Filmen er ei tåreperse av ei søtsuppe. Bodskapet om at kjærleiken er ein nærast kosmisk storleik som går sirkulært i fortid, nåtid og framtid og som me først forstår og skapar gjennom eit universelt språk … gudbetre. Eg kjende skamraudna breia seg. Det er inga meining i at kvite, heterofile menn på 40+ skal sitja å sjå på slikt. Og etterpå til og med påstå at dei likte det.

Det er desse assosiasjonane, for ikkje seia kjenslene, som går gjennom meg når eg les Geir Gulliksens «Bli snill igjen». Det er kanskje litt slemt. Men kanskje treffande òg. Og uansett må vel eg òg få lov til å føla litt, når Geir Gulliksens hovudperson føler så forskrekkeleg mykje. Heile tida.

Me blir kjent med hovudpersonen Henning, ein tekstforfattar og tidlegare poet i 50-åra, når han etter to havarerte ekteskap erklærer at han skal «ta eksistensen inn over seg» utan å «gjemme seg i en annens milde, alltid formildende nærvær». Med andre ord: Han vil leva åleine, utan alle desse partnarane, dyrka freden og roen. Men akkurat då bestemmer sjefen hans seg for å gi han sparken, og i tillegg dukkar den eine av døtrene opp i noko urovekkande forfatning. Jobben er det ikkje så mykje å gjera med, men dottera bestemmer han seg for å berga.

Slik sett eit klart prosjekt for Henning Hovudperson å kasta seg inn i. Men før det skjer, må lesarane gå omvegen gjennom barndommen, ungdommen og manndommen hans. Kanskje med spesielt fokus på sistnemnde - i dobbelt forstand – for det er særleg damehistoriene hans gjennom eit halvt liv me får nært innblikk i. Når handlinga startar i nåtida er han altså lei av nærvær med kvinnfolk. Men så, samstundes med at han treff igjen dottera, treff han nokre representantar for det andre kjønnet på ein fest. Og bestemmer seg for å tenka nytt og gi nærvær med mannfolk ein sjanse. Dermed er det på an igjen, med nytt kjønn, men med ein del av dei same problemstillingane.

Les også

Han regnes som en mester i å skrive om sex. Nå har forfatter Geir Gulliksen fått nok

Gulliksen får i romanen sagt eitt og anna om kjønn og maskulinitet, det uoversiktlege menneskesinnet og vilkåra til kjærleiken i seriemonogamiet sin tidsalder, der forbruksprinsippet har slått gjennom. Men ein anar å ha høyrt denne tematikken ein del gonger før, og då formidla med både meir originalitet og presisjon. Mellom anna hjå Knausgård, som Gulliksen har vore forleggar for, og absolutt verkar å vera inspirert av.

Stilmessig klarer forfattaren seg best når han held seg inne i hovudet til Henning. Det haltar meir når scenar skal utspela seg og fleire personar er involvert. Dei ulike damehistoriene har noko litt repetitivt og refererat-aktig over seg, medan mannehistoriene til tider kjennest konstruerte. Det største ankepunktet, i tillegg til dei overspent inderlege tankespinna, er likevel forteljaren sin hang til å vera særs uttalt og forklarande. Dermed blir det lite igjen å tygga på og undra seg over for lesaren. Det meste er allereie ferdigtogge.

Slik sett kan ein påstå at denne romanen er ei slags krysning av ideala til psykoanalysen og melodramaet: Alt skal fram og analyserast, og det skal skje med store fakter. Eg skal ikkje utelukka at gode romanar kan skrivast på denne måten – der innsikter blir para med sterke kjensler. Men denne gongen tykkjer eg det framfor alt vert føleri.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Arvid Mæland vil hogge ut hodet til kong Harald i fjellet og sette opp «Sound of music» ved Ørsdalsvatnet

  2. – Risikerer å gå glipp av kunnskap om både Stavangers historie og norgeshistorien

  3. Kollapset i løp: Nå har Jakob Ingebrigtsen funnet ut hvorfor

  4. Kvinne på biltur fra Midt-Norge smittet familiemedlemmer i Sandnes

  5. NLM åpner for å frata medlemskap til de som «lever i strid med Guds ord»

  6. Det var harmonisk, så smalt det: Dette er bakgrunnen for bråket i Norges landslag

  1. Anmeldelse
  2. Litteratur
  3. Bokanmeldelse
  4. Roman