Tam og likegyldig studentskildring

BOK: Byen er Bergen og livet er kjipt.

Når den bærande intrigen er at éin anonym figur vil ha ein annan anonym figur, blir det tynt i lengda, skriv Aftenbladets meldar om Karina Aases debutroman «Lidefjes».
  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:
Grade: 2 out of 6

Karina Aase: Lidefjes. Roman. 169 sider. Cappelen Damm.

På side 123-124 i «Lidefjes» finst ein passasje som på godt og vondt oppsummerer Karina Aases (f. 1985) debutroman frå studentlivet i Bergen: Hovudpersonen, den ofte bakfulle og alltid kjærleikshungrande studenten Kathrine, filosoferer her over at det finst «bare tre typer gutter» og at «uinteressante gutter fyller verden til randen.» Den særs etterlengta tredje kategorien, altså mannfolk som er verd å samla på, er dessverre «omtrent like vanlig som en pratende pus.» Og kva verre er: «nesten alltid i et etablert forhold med en kvinne som var mye mer talentfull og vakrere enn henne.»

Ei slik blanding av vittig kjønnsfascisme og lun sjølvforakt er knappast nyskapande, men i det minste formulert skarpt og med snert. Problemet er at dette dømet er sørgjeleg åleine i denne romanen, som elles er blass og likegyldig i forma.

Handlinga går føre seg ei romjulsveke i eit studentkollektiv i Bergen på byrjinga av 2000-talet. Hovudpersonen Kathrine frys og keiar seg, har lite pengar og slit med å kopla seg til det det digitale nettverket. Og det sosiale, for den saks skuld. Medstudentane er fjerne og likesæle, festane skuffande og venninnene svikefulle. Framfor alt lengtar ho etter Lidefjes, professorsonen og prinsen som skal frelsa henne inn mot ei framtid med «egen lesekrok med ørelappstol og designlampe.»

Ei slik kjensle av noko tomt og retningslaust er ikkje uvanleg litterært stoff, og kan i mange tilfelle fungera bra. Dessverre verkar det her nesten som om innhaldet har smitta over på framstillinga, som manglar både retning og klare litterære val. Hovudpersonen er diffus og ordinær, noko som for ein stor del òg kan seiast om Lidefjes. Når den bærande intrigen er at éin anonym figur vil ha ein annan anonym figur, blir det tynt i lengda. Den hendingsfattige og nokså klisjéaktige boy meets girl-handlinga byr elles på få overraskingar.

I glimt kan ein ana forsøk på å kommentera ulike fenomen, som ungdommeleg identitet og makt i relasjonar. Dessverre er situasjonane og skildringane for lite gjennomarbeida til å bli sterke og tankevekkande bilete, som kunne belyst slike tema. Dermed held teksten seg på eit konkret og trivielt handlingsplan. Med klarare vinkling og skarpare språkføring, som i dømet i starten, kunne dette blitt interessant.

Publisert:
  1. Bokanmeldelse
  2. Anmeldelse
  3. Litteratur
  4. Roman
  5. Bøker

Mest lest akkurat nå

  1. Lisa og Vetle gjorde funn som kan hele Stein­kjerringa

  2. Viking Stadion AS foreslår kraftig utvidelse

  3. Scoret fire i ellevill målfest

  4. Ramponert hytte i Sandnes er til salgs – byantikvaren håper nye kjøpere er årvåkne

  5. FHI: Koronaviruset kan nå sammenlignes med influensa

  6. En komplett skan­dale i Sirdal