Wehrmacht var verre enn sitt rykte

BOK: Eit imponerande historikararbeid tek eit oppgjer med myten om det «anstendige» tyske militæret.

Hitlers fødselsdag ble markert av tyske soldater på Slottsplassen i Oslo 1941. Foto: Frå boka (Riksarkivet, Reichkommisariat Bildarkiv, Max Ehlert).

  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:

Grade: 6 out of 6

Torgeir E. Sæveraas: Wehrmacht i Norge. På vakt i krigens skjebnesone. 542 sider. Pax Forlag.

Då krigen var slutt, stod det over 350.000 tyske soldatar i Norge. På det meste, ved årsskiftet 1944/1945, hadde det vore ein halv million. Norge, med sine 3 millionar innbyggjarar, var dermed det okkuperte landet som hadde flest tyske soldatar stasjonerte i forhold til folketalet.

Det var Hitler som ville det slik. Føraren såg på Norge som «krigens skjebnesone», og la avgjerande vekt på kontrollen over sjø- og luftrommet utanfor norskekysten. Tyskarane gjekk i stadig frykt for ein alliert invasjon i Norge. Britisk-norske nålestikkoperasjonar, som raida mot Lofoten og Måløy i 1941, forsterka argumenta for å halda store styrkar i eit land som låg langt frå dei blodigaste slagfelta.

Ikkje berre for militærnerdar

Trass i det sterke militære nærværet i Norge, er det skrive lite om livet til Wehrmacht-soldatane her i landet. Den mangelen har Torgeir E. Sæveraas gjort ein formidabel innsats for å retta opp. «Wehrmacht i Norge» er rett og slett eit imponerande stykke krigshistorie.

I motsetning til enkelte andre som hevdar dei fyller ut kvite flekkar i historia ved å samla opp frå andres arbeid, har Sæveraas gått til primærkjeldene. Han har leitt i tyske, russiske, amerikanske og norske arkiv etter alt frå militære planar til dagboksnotat og brev. I tillegg har han gjort bruk av ei stor mengd trykte kjelder og faglitteratur. Den 23 sider lange kjeldelista vil vera til stor hjelp for dei som seinare skal forska på dette feltet.

Sæveraas, som til dagleg er forskar ved Forsvarets stabsskole, har rimelegvis god kontroll på dei militærfaglege delane av historia. Men han har ikkje skrive ei bok primært for militærnerdar. Dei daglegdagse, menneskelege sidene ved livet som tysk soldat i Norge har fått stor plass. Det same har dramatikken: krigshandlingane, skipsforlisa, sabotasjeaksjonane og dødsdommane. Og han skriv drivande godt. Til tider er boka spennande som ein god krigsroman.

Beundring for Norge

Skulle ein ønskja noko meir, måtte det vera at forfattaren hadde hatt endå meir stoff om forholdet mellom dei tyske soldatane og den norske sivilbefolkninga. «Tyskarjentene» er såleis overraskande knapt omtala, trass i at kanskje så mange som ei av fire yngre norske kvinner hadde ein tysk kjærast under krigen, og at dette har vore eit ømt punkt i Norge fram til denne dag.

Torgeir E. Sæveraas har skrive ei imponerande bok om tyske soldatar i Norge.

Mange tyske soldatar hadde etter krigen gode minne om tida i Norge. Dels var nok dette farga av at Norge var ein relativt trygg stad å vera, særleg samanlikna med den frykta Austfronten. Ei beundring for naturen og folket går også igjen, ofte med islett av eit romantisk (og nazistisk) syn på Norge som «det urgermanske heimlandet». At soldatane kom til dette landet som okkupantar, ser dei ikkje ut til å ha tenkt så mykje over.

Wehrmacht-soldatane har fått eit godt ettermæle av fleire norske historikarar. Dei er blitt framstilte som disiplinerte og anstendige, i kontrast til brutaliteten til SS og Gestapo. Det er også biletet som framståande Wehrmacht-offiserer etter krigen forsøkte å teikna av det tyske militæret.

Prøyssardisiplin og nazi-ideologi

Her protesterer Sæveraas - høgt og tydeleg. Wehrmachts rolle under krigen er ikkje tilstrekkeleg kritisert, meiner han. Militæret var ein integrert del av nazistaten. Dei fleste høgare offiserane aksepterte utan å mukka Hitlers kriminelle ordrar, for eksempel om avretting av tilfangetekne kommandosoldatar og politiske kommissærar, og dei vidareformidla hatefull nazipropaganda i talar og ordrar. Det var også tilfelle i Norge. Blandinga av tysk-prøyssisk militær tradisjon og den nye revolusjonære nazi-ideologien skapte «en usedvanlig slitesterk og farlig mikstur» som medverka til å halda disiplinen sterk til siste slutt, skriv forfattaren.

Sæveraas meiner at dei fleste soldatane, særleg dei yngste, tok opp i seg den nazistiske forteljinga, og ofte med fanatisme. Reaksjonane deira på attentatet mot Hitler 20. juli 1944 var intenst fordømmande. Her byggjer forfattaren for det meste på brev, noko han sjølv påpeikar kan gi eit skeivt bilete. Særleg mot slutten av krigen kunne avvik frå parolane vera direkte livsfarlege. I eit brev heim la ein vaktsoldat ved attestar frå sovjetiske krigsfangar på at han hadde behandla dei godt. Tanken var at vitnemåla skulle hjelpa familien i Aust-Preussen, der sovjethæren nærma seg. Soldaten vart nådelaust dømd til døden for «nedbryting av forsvarsevnen og forbudt omgang med krigsfanger».

Dei tyske soldatane kunne nok respekterast for sin militære effektivitet, og i mange tilfelle også for sine personlege kvalitetar. Men det er lett å slutta seg til forfattaren sin konklusjon: «Ingen burde være interessert i å følge Wehrmachts eksempel eller i å lære seg det Wehrmacht hadde å lære bort.»

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Nå skal staten berga kapitalismen frå seg sjølv

  2. Finsk krim er sjelden kost. Her starter det oppsiktsvekkende...

  3. Det brune Tyskland

  4. Intenst og nervepirrende om en fastlege som får livet snudd på hodet.

  5. Nå skriver han om fattig-Stavanger, og han lykkes godt!

  6. Knallhardt oppgjør med Hamsun. Menings­løst sterkt, mener vår anmelder

  1. Bokanmeldelser
  2. Andre verdenskrig
  3. Norge
  4. Militær