Velmeinande og problematisk frå krigen

FILM: «Resistance» fortel heltehistoria om Marcel Marceau – dessverre på Hollywoods premiss og for langt unna sanninga.

Dette skjedde aldri, men det skjer i «Resistance»: Marcel Marceau blir kontrollert av Klaus Barbie mens han lurer med seg ei gruppe jødiske barn ut av Lyon.

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

Resistance

Med: Jesse Eisenberg, Clémence Poésy, Matthias Schweighöfer, Ed Harris. Sjanger: Drama / Krigsfilm / Biografi. Regi: Jonathan Jakubowicz. Nasjonalitet: USA / Frankrike / Tyskland / Storbritannia. Aldersgrense: 15 år. Lengde: 2 timar, 1 minutt.

«Kan dette verkeleg vera sant?» tenkte eg då eg gjekk ut frå «Resistance». Filmen handlar om den verdskjende, franske pantomimekunstnaren Marcel Marceau (1923–2007). Nærmare bestemt: Om det du sannsynlegvis ikkje visste om Marceau, nemleg at han deltok i den franske jødiske motstandsrørsla og var med på å redda 70 jødiske barn over grensa til Sveits under krigen.

Problemet med filmen er at han påstår å fortelja den sanne historia om Marceaus innsats, men gjer det vekselvis på sentimentalt og så på actionheltaktig vis. Ja, og så er store delar av dette fri fantasi og alt anna enn historisk korrekt. Forteljinga ligg faktisk så langt unna sanninga at Marceaus eigne etterkomarar har teke avstand frå prosjektet og jobbar med ein eigen film.

«Resistance» startar med Krystallnatta i 1938, der me møter den jødiske jenta Elsbeth (Bella Ramsey), som ser begge foreldra bli arresterte og drepne. Så hoppar me til 1945 og den amerikanske general Patton (Ed Harris), som fortel soldatane historia om Marceaus heltemot. Og slik hamnar me i heimbyen hans Strasbourg. Der jobba den verkelege Marcel i farens slaktarbutikk og var 15 år gammal, altså ein gutunge, mens filmens Marcel blir spela av 35 år gamle Jesse Eisenberg, som altså er ein vaksen mann. Uansett: Marcel hadde Chaplin som idol og drøymde om å bli skodespelar. I filmen er han ein sjølvopptatt raring. Er dette ein film om korleis Marceau blei kunstnar? Nei.

Første halvtime er søtladen og sentimental, nesten som ein barnefilm. Hitler er på frammarsj, foreldrelause, jødiske barn kjem til byen, her er corny pedagogiske forklaringar om krig og hatet mot jødane. Marcel blir plutseleg omtenksam og hjelper å ta hand om ungane – og forelskar seg i Emma. Så må alle flykta.

Det blir valdeleg og blodig alvor når dei kjem til Lyon og møter sadisten Klaus Barbie (Matthias Schweighöfer). Der sluttar også Marceau seg til resistansen. Seinare flyktar ungeflokken mot Sveits, med Marcel i spissen og Barbie i hælane gjennom skogen. På dette tidspunktet er Marcel nesten blitt ein actionhelt.

Dette skjedde heller aldri, men det skjer i «Resistance»: Marcel Marceau tryllar fram ei rose til Emma.

Problemet er berre at Marceau aldri møtte Barbie, så alle desse sentrale scenene i filmen er oppspinn. Barbie var i Lyon, Marceau i Limoges – 400 kilometer unna. Verken Emma, søstera eller kjærleiksforholdet som er sentrale, emosjonelle sidehistorier i filmen, er reelle. Så kva av dette kan me eigentleg tru på?

Igjen møter me dilemmaet me stadig opplever på film og tv: Historia påstår å vera henta frå den verkelege verda, noko som gir ekstra autoritet og tyngde. Men samtidig er det dikta, lagt til og trekt frå, for å få historia til å passa filmens krav til dramaturgi, for å få historia til å fungera i filmformatet. Og dermed blir det uråd å seia kva som er sant og kva som er fantasi. Så kva skal me tru på?

Det er ingen tvil om at regissør Jonathan Jakubowicz har hatt velmeinande intensjonar når han har dikta i veg over Marceau og innsatsen hans, om overgriparar og offer, heltar og folk som ofrar seg for andre. Det heile er gjort totalt eindimensjonalt. Men Marceau hadde fortent ein langt betre film som fortalde historia på den faktiske historias eigne premiss, og ikkje Hollywood-dramaturgiens.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. En tam etter­ligning av bedre tv-serier

  2. Dødshjelp-drama skraper i overflaten

  3. Ambisiøst tv-drama med internasjonal schwung. Dessverre viser det seg å bli for store sko å fylla

  4. Sprikende familiedrama

  5. Kan dette verkeleg vera sant? Sjølvsagt ikkje. Det er jo Hollywood...

  6. Hvis du bare skal se én påskekrim i år, bør du velge denne

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Filmanmeldelse
  3. Film
  4. Kino