Dei fleste teatra gir innsyn

Er offentleg eigde teater omfatta av Offentleglova, som sikrar innsyn i postlister og styrepapir? Fem av dei seks teatra me tok kontakt med svarte «Ja».

- Vårt utgangspunkt er å følgja Offentleglova, ha opne postlister og styrepapir, og heimla eventuelle unntak i lova, seier direktør Ellen Math Henrichsen ved Rogaland Teater. Foto: Pål Christensen

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

– Det er ingen tvil om at Rogaland Teater er omfatta av Offentleglova. Eg blei overraska over å lesa i avisa at me skulle hevda det motsette og at me skulle bryta lova. Det meiner eg det ikkje er dekning for, seier direktør Ellen Math Henrichsen ved Rogaland teater.

Laurdag skreiv Aftenbladet om styrepapira teatret ikkje ville gi innsyn i, som inneheldt konseptvalutgreiinga av eit nytt teaterbygg. Teatret skreiv i ein epost at «Når det gjelder Rogaland Teaters styrepapirer er det etter vår vurdering dokumenter som er organinterne og kan unntas offentlighet iht Offl. § 14,1. Dette vil også kunne gjelde etter at dokumentene er ferdig behandlet i styret».

Ekspertane Aftenbladet snakka med meiner styrepapir i institusjonar omfatta av Offentleglova i utgangspunktet er opne, og var kritiske til Rogaland Teaters praksis.

– Styredokument er i utgangspunktet omfatta av hovudregelen om innsyn, seier Jon Wessel-Aas, partnar i Advokatfirmaet Bing Hodneland.

Men nå presiserer Math Henrichsen at teatret ikkje har som utgangspunkt at styrepapira er organinterne og dermed unnatekne innsyn.

– I utgangspunktet er alle dokumenta opne. Me har ikkje som praksis å unnta styredokument innsyn, men kan gjera det, heimla i paragraf 14. Praksis er likevel at teatret gir innsyn, blant anna av omsyn til meiroffentlegheit. Vårt utgangspunkt er å følgja Offentleglova, ha opne postlister og styrepapir, og heimla eventuelle unntak i lova, seier Math Henrichsen.

Offentlege og opne

Før den nye Offentleglova kom i 2009, var det i fleire saker strid om korvidt offentleg eigde kulturinstitusjonar skulle gi innsyn i dokumenta sine. Etter 2009 har det vore færre saker. Men korleis praktiserer norske teater Offentleglova i 2017? Ein ringerunde til seks teater landet rundt gir fem like svar - og eitt unntak:

– Me er omfatta av Offentleglova, har opne postlister og gir fullt innsyn i styrepapira våre - bortsett i frå saker som har med kontraktar og personalsaker å gjera, seier direktør Bente Hartvedt Ringstad ved Den Nationale Scene i Bergen. Same praksis har Nationaltheatret i Oslo, ifølgje informasjonssjef Øystein Hygen Christensen.

Også ved Teatret vårt i Molde er prinsippet fullt innsyn.

– Me gir innsyn, sjølv om me ikkje er 100 prosent offentleg eigd. Me var tidleg ute og valde ein open og liberal praksis, seier informasjonsleiar Rolf-Inge Pedersen Hjelseth. Både postlister og styrepapir er offentlege.

– Men det er bare mediestudentar i Volda som bruker postlistene, som ein del av utdanninga. Ingen har så langt spurt etter styrepapir, seier Hjelseth.

Unntaket Trøndelag

Unntaket finn me i Trondheim og Trøndelag Teater. Teatret er 67 prosent eigd av staten, mens Trondheim kommune og Sør-Trøndelag fylkeskommune sit på resten av aksjane. I Offentleglova står det at «sjølvstendige rettssubjekt der stat, fylkeskommune eller kommune direkte eller indirekte har ein eigardel som gir meir enn halvparten av røystene i det øvste organet» er omfatta av lova, men i Trondheim tolkar ein det annleis:

– Me meiner at me ikkje er omfatta av Offentleglova. Me er eit aksjeselskap eigd av det offentlege, men meiner me er unntekne, seier konstituert direktør Jon Kristian Stokkan til Aftenbladet. Dette betyr at styrepapira til Trøndelag teater er ikkje opne for innsyn. Teatret operer heller ikkje med opne postlister.

I Kristiansand, derimot, er det fullt innsyn:

– Hos oss er postlister, styrepapir - og endåtil styremøta - opne, seier administrerande driektør Hans Antonsen ved Kilden teater og konserthus.

– Korleis fungerer det for dykk å vera så opne?

– Det går bra. Me har opplevd at planane våre har kome ut noko tidlegare enn me hadde tenkt, reint marknadsføringsmessig. Men dette har framfor alt gitt oss meir merksemd, så for det meste går det fint å leva i dette samspelet med offentlegheita.

Les også

  1. - Rogaland Teater bryt Offentleglova

  2. Anbefaler nytt teaterbygg

  3. La ikke hjertet bli grepet av angst

Publisert:
  1. Jon Wessel-Aas
  2. Rogaland Teater
  3. Nationaltheatret
  4. Kilden
  5. Scene

Mest lest akkurat nå

  1. Storaksjonærer slår ring rundt Berntsen: - Klønete og uverdig

  2. Han er 20 år, singel og tror dette løftet kan være et godt sjekketriks

  3. Vi må legge vekk våre egne perspektiver og litt nedlatende holdninger, og komme ungdommen i møte om koronatiltakene

  4. Gavedryss til Frelsesarmeen

  5. Nakstad frykter ny smittebølge når vaksinen kommer

  6. Skole­barn, barne­hage­barn, bok­klubbens barn og barn av regn­buen regnes som samme kahoot, gitt at disse er nær­kontakter